Bil
Beskyttar deg mot skadar, tjuveri og andre uventa hendingar.
Forsikring er tryggleik for deg sjølv, familien din og verdiane dine. Forsikringane kjøper du hos oss, og forsikringsselskapet vårt Fremtind hjelper deg om noko går gale.
Du har alltid full oversikt over avtalane dine i nett- og mobilbanken eller «mi side».
På våre kundeservicesider kan du blant anna logge inn og sjå dine avtalar, kontakte rådgjevar, kjøpe og avslutte forsikringar, sjå spørsmål og svar om faktura og mykje meir.
Ønsker du å melde skade eller prate med ein skadebehandlar, hjelper vårt forsikringsselskap Fremtind deg.
Ofte løner det seg å sjekke fleire prisar før du bestemmer deg for å kjøpe. Berekn pris på forsikringar du ønsker å kjøpe eller flytte, med kalkulatoren vår. Då får du eit tilbod du kan tenke på i inntil 30 dagar.
Hugs at viss du samlar fleire forsikringar hos oss gir vi deg opptil 20 % samlerabatt på skadesforsikringane dine, på toppen av andre rabattar.
Sjå kva andre i same livssituasjon har valt – som kanskje kan passe for deg og dykk.
Flytta heimefrå? Blitt student?
Fått sambuar? Kjøpt eigen bustad?
Fått barn?
Har barna flytta ut?
Bedriftsavtalane som gjer arbeidsplassen attraktiv og trygg.
Gjenstandar bedrifta eig, med motor eller hjul. Eller begge deler.
Dekker bygg, eigedelar og ansvar – og meir viss noko skulle skje.
Forsikring for deg og tilsette. For hendingar de skulle ha vore utan.
Fleksible forsikringar som er tilpassa gardsdrifta di.
Forsikring er beskyttelse mot økonomisk tap, som i bunn og grunn betyr at du kjøper deg fri frå risiko.
Forsikring er ein avtale mellom ein forsikringstakar (personen eller bedrifta som kjøper forsikringa) og eit forsikringsselskap. Når du kjøper ein forsikring (forsikringsavtale) betalar du ein avtalt forsikringspris (premie) til eit forsikringsselskap. I byte overtar forsikringsselskapet ein del av risikoen din, og du får utbetalt erstatning viss du blir utsett for tilfeldige og uforutsette hendingar som står beskrive i forsikringsavtala di. Det kan for eksempel vere tjuveri, brann, uhell, bilulukke, forlis, naturskade, dødsfall, sjukdom og skade du eller dine eigedelar blir påført.
Dei fleste forsikringar har ein eigenandel, og som regel kan du velje blant fleire eigenandelar når du kjøper forsikringane. Jo høgare eigenandel du vel, jo lågare pris betalar du for forsikringane.
Det finst fleire typar kategoriar av forsikringar, men dei vanlegaste for privatpersonar som deg og meg, er skadeforsikringar og personforsikringar.
Når du som forsikringstakar opplever ei hending som er dekka av forsikringane, kan du sende inn ei skademelding til forsikringsselskapet. Basert på vilkåra i forsikringsavtalen din, vil forsikringsselskapet vurdere hendinga og betale ut erstatning i samsvar med avtalen. Forsikring er eit system som baserer seg på tillit.
Som hovudregel treng du ikkje å forsikre deg mot tap som du lett kan erstatte sjølv.
Det er fleire måtar å kome i kontakt med Fremtind Forsikring på, og det er ikkje alltid så lett å vite kor du skal henvende deg. For å vite kven du skal kontakte, må vi vite kva du ønsker hjelp med:
Kundeservice, kjøp og endringar
I motsetnad til mange andre forsikringsselskap så sit forsikringsrådgjevarane for Fremtind Forsikring i bankane. Det er altså banken du kontaktar, og ikkje Fremtind direkte. Forsikringsrådgjevarane i banken hjelper deg med alt frå:
Kontakt oss på telefon, chat eller besøk oss på eit kontor. Kontaktinformasjon finn du nedst på sida, eller ved å logge inn til «mine forsikringar».
Melde skade/sak
Fremtind Forsikring har ei stor skadeavdeling som hjelper deg som har hatt ein skade eller skal melde ei ny forsikringssak. Melder du saka di på nett først, slepp du ventetid på telefon. Treng du hjelp eller har spørsmål, kan du kontakte Fremtind Forsikring på telefon: 915 02300
Pågåande skadesak
Har du allereie ei pågåande sak, finn du kontaktinfoen til skadebehandlaren din ved å logge inn til «mine skadesaker».
Klage
Viss noko ikkje er som det skal, set vi pris på at du fortel det til oss. Send inn klage på forsikringsselskap.
Logg inn til mine forsikringar
Få oversikt og kontaktinformasjon, sjå fakturaer og dokument, sjekk prisar, kjøp og gjer endringar på forsikringane dine.
Det er oss i banken du kontaktar når du har spørsmål om fakturaen din frå Fremtind Forsikring, eller ønsker å endre noko på betalinga. Her er dei vanlegaste spørsmåla vi får om fakturaen frå Fremtind.
Sjå alle spørsmål og svar om betaling og faktura.
Sjå fakturaane mine
Logg inn for å sjå og gjere endringar på fakturaane frå Fremtind
Polisenummer er det same som avtalenummer og forsikringsnummer. Dette nummeret er unikt for kvar forsikringsavtale du har. Altså er nummeret på til dømes bilforsikringa di forskjellig frå husforsikringa di.
Kvar finn eg polisenummer og skadenummer?
Polisenummeret finn du under avtalenummer i forsikringsbeviset/forsikringspolisen din (under aktuell forsikring) ved å logge inn til «mine forsikringar» eller sjå mobil-/nettbanken.
Kundenummer
Du har også eit kundenummer, som er unikt frå kunde til kunde. Det er også ulikt dersom du er forsikringskunde både som privatkunde og bedriftskunde.
Skadenummer
Viss du må melde sak etter for eksempel ein skade, får du eit skadenummer (også kalt saksnummer). Dette er ulikt frå sak til sak. Leter du etter skadenummeret ditt, kan du logge inn til «mine skadesaker» hos Fremtind og finne dette der.
Nokre endringar kan du gjere sjølv ved å logge inn i «mine forsikringar», eller via mobil-/nettbanken. Gå til forsikringa du ønsker å endre. I lista ser du kva endringar du kan gjere sjølv. Viss du treng å gjere andre endringar, kan du enten ringe, skrive eller chatte med oss.
Kva endringar kan eg gjere sjølv?
Du kan sjølv gjere fleire endringar på forsikringane dine, som mellom anna:
Sjå også:
Eg har spørsmål om fakturaen eg har fått frå Fremtind
Skadeforsikringar
Mange skadeforsikringar kan du avslutte sjølv i «forsikringane mine» (eller nettbank/mobilbank). Der vel du forsikringa du ønsker å seie opp, og under forsikringsdetaljar finn du "Avslutt forsikringa". Treng du hjelp du kontakt oss så hjelper vi deg.
Viss du skal flytte skadeforsikringa til andre forsikringsselskap, får vi beskjed frå selskapet som overtar forsikringa, og vi avsluttar forsikringa automatisk for deg same dag som forsikringa blir starta opp i nytt selskap. Det same gjeld viss du flyttar forsikringa til oss.
For nokre skadeforsikringar, er det eit par ting som kan vera greitt å vite:
Køyretøy
For å seie opp ei køyretøyforsikring for eit registrert køyretøy, må du først avregistrere køyretøyet hos Statens vegvesen.
Båtforsikring
Båtforsikringa kan du seie opp sjølv, men det kan vere greitt å vite at båtforsikringa har sesongvariert pris.
Innbuforsikring
Innbuforsikringa kan du òg avslutte sjølv. Under forsikringsdetaljar finn du både «Avslutt forsikringa» og «Endre adresse». Dette gjeld ikkje viss du har LOfavør Innbuforsikring, som følger medlemskapet og folkeregistrert adresse.
Reiseforsikring
Reiseforsikringa er inngått som ein årsavtale, som blir fornya automatisk ved hovudforfall. Når du seier opp reiseforsikringa, så vil den avsluttast ved hovudforfall.
Personforsikringar
Viss du seier opp ei personforsikring fordi du skal flytte den til eit anna forsikringsselskap, bør du lese reglar for flytting av personforsikring, før du avsluttar forsikringa.
For å seie opp ei personforsikring loggar du inn i «forsikringane mine» og vel forsikringa du ønsker å seie opp, og vel "Avslutt forsikringa". Hugs at du kan få utbetaling frå fleire av same personforsikring, så når du kjøper hos eit forsikringsselskap vil den ikkje automatisk avsluttast hos eit anna.
Ønsker du hjelp?
Dobbel forsikring betyr at du har to av same forsikring. Mange er dobbeltforsikra utan at dei er klare over det. Verken forsikringsselskapa eller forsikringsformidlarar kan heller ikkje vite dette, då denne informasjonen ikkje delast mellom dei.
Ved dobbel forsikring på skadeforsikringane dine vil du aldri få dobbel utbetaling ved skade. Mens ved dobbel forsikring på personforsikringane er utbetalingane annleis. Du kan til dømes ha to livsforsikringar (eller fleire), som alle blir utbetalt ved dødsfall i samsvar med vilkåra.
Kva kan eg gjere?
Mistenker du at du er dobbeltforsikra, anbefalar vi deg å kartlegge alle forsikringane dine.
Er du usikker kan du kontakte oss så skal vi prøve å hjelpe deg å rydde opp. Det kan også hende det lønner seg å samle alle forsikringane ein stad.
Overforsikra/underforsikra
Ved overforsikring betyr det at du har unødvendige forsikringar, dobbeltforsikring eller for høg forsikringssum. Ved underforsikring betyr det at du risikerer sjølv å betale for ein del av risikoen du i utgangspunktet ønsker å vere forsikra mot. Eit eksempel på å vere underforsikra: Du kjøper eit hus og forsikrar dette. Etter nokre år bygger du garasje på den same tomta, men gløymer å legge til garasjen i forsikringsavtalen for huset. Ved skade på hus og garasje vil du måtte betale for skadane på garasjen sjølv.
Ja, du har ubetinga angrerett på både skadeforsikringar og på personforsikringar. Angrefristen er 14 dagar for skadeforsikringar og 30 dagar for personforsikringar.
Du kan bruke angreretten innan angrefristen (14/30 dagar) frå avtalen er inngått og du har motteke alle opplysningar som angrerettlova krev. Du treng ikkje oppgi nokon grunn for at du bruker angreretten.
Postadressa og e-postadressa for innsending står oppført i skjemaet.
Viss eg ikkje bruker angreretten?
Viss du ikkje bruker angreretten, vil avtalen vere bindande slik den blei inngått. For ein del forsikringar vil du likevel kunne avslutte forsikringa når som helst, uavhengig av angrerettloven. Det er regulert i finansavtalelova og forsikringsavtalelova.
Forbrukarrådet kan gi rettleiing om angrerett, tlf. 23 400 500.
Sjå også kundeservice for spørsmål og svar.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2023 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølge Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 21 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium