Kva er grensa for når ein bil er totalskada?

Grensa for når ein bil er totalskada og ikkje vil reparerast er på 80 % av bilens verdi. Grensa er sett høgt for å bidra til ein meir sirkulær bil- og verkstadspraksis mot å reparere meir, framfor å vrake. 

Kvifor er totalskadegaranti?
bilforsikringane våre er totalskadegaranti ei dekning du får på minikasko, kasko og toppkasko. Totalskadegaranti går ut på at du får ein ny bil eller verdien av ein ny bil, viss: ​​​​​​​

  • Skaden er over 80 prosent av bilens nypris,
  • bilen er inntil 3 år gammal (1 år for minikasko og kasko),
  • og bilen har køyrt under 100.000 kilometer (15.000 kilometer på minikasko og kasko).

Ved totalskade på leasingbil vil vi dekke det gjenverande beløpet av innskotet sett opp mot leasingperiodens varigheit.
 

Har du ein ny bil med billån?
Har du ny bil med billån er det ekstra viktig å vurdere toppkasko. Her er eit døme.
Du kjøper ny bil til 600.000 kr med kasko bilforsikring, fullfinansert med eit billån. Etter litt over eit år blir bilen totalskada og på forsikringa får du berre erstatta marknadspris for bilen din. Marknadsprisen på bilen er no på 450.000 kr, som går til å betale ned på billånet. Du hadde på skadetidspunktet igjen 540.000 kr på billånet ditt, som gjer at du blir sitjande igjen med eit forbrukslån på 90.000 kr.
Med toppkasko ville du fått ein ny bil av tilsvarande modell, type og utstyr.
 

Sjå også

Kor lang garanti er det på reparasjon av bil?
Totalskade på hus?