Tips og råd
Har du tenkt på at ein dag skal lønna di erstattast med pensjon? Å spare sjølv kan ha mykje å seie for korleis du får det som pensjonist.
Vel alderen din nedanfor, så hjelper vi deg i gang.
Har du tenkt på at ein dag skal lønna di erstattast med pensjon? Å spare sjølv kan ha mykje å seie for korleis du får det som pensjonist.
Vel alderen din nedanfor, så hjelper vi deg i gang.
Dei fleste kan forvente å få kun halvparten av dagens lønn i samla pensjon frå
Vil du ha fleksibilitet i sparinga di, kan pensjonssparekonto vere noko for deg. Du kan spare så mykje du vil og ta ut pengane når det passar deg.
Pensjonssparing med skattefordel (IPS)
IPS passar for deg som kan binde pengane til du er 62 år. Når du vel å binde pengane til pensjon, får du skattefordel på sparinga di.
På eigen pensjonskonto blir oppspart pensjon automatisk samla frå arbeidsgjevar, både frå noverande og tidlegare jobbar.
Som medlem av eit LO-forbund får du gode vilkår for eigen pensjonskonto og pensjonskapitalbevis. Store kollektive avtaler gir lågare gebyr og meir til pensjonssparing.
Blir du forvirra av alle ord og uttrykk om pensjon? Kva er eigentleg fripolise og innskotspensjon? Her er alt du treng å vite om pensjon, sagt på ein enkel måte.
Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring AS
Når du sparer til pensjon, kan pengane forvaltast på ulike måtar som påverkar samfunnet. Hos oss kan du vere trygg på at berekraft er godt ivareteke.
For andre år på rad viser EPSI si kundeundersøking at pensjonskundane i SpareBank 1 er dei mest fornøgde. Kundane seier blant anna at SpareBank 1 er enkle å ha med å gjere og har gode digitale løysingar.
Din pensjonsutbetaling vil bestå av tre delar. Ein del frå folketrygda, ein del frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar, og den delen du har spart sjølv.
Frå folketrygda (NAV)
Kvart år setjast det av eit beløp av løna di til pensjonssparing. For dei fleste av oss utgjer det ca. halvparten av det vi har i løn.
Frå arbeidsgjevar
Arbeidsgjevar sparer minst 2 % av løna di i pensjon, beløpet trekkast ikkje frå løna. Beløpet utbetalast først når du pensjonerer deg. Offentleg tilsette har som oftast ein tenestepensjon som saman med pensjonssparing frå folketrygda utgjer 66 % av løna.
Eiga sparing
Erfaringane våre tilseier at dei fleste ønsker 80 % eller meir av løna som pensjonist. For å få til dette må du òg spare litt sjølv.
Kvar år setjast det av eit beløp som tilsvarar 18,1 % av løna di i ei pensjonsbehaldning. Av dette betalar du sjølv ein del i trygdeavgift, arbeidsgjevar betalar arbeidsgjevaravgift og staten betalar resten. Jo fleire år du jobbar, jo større blir pensjonen frå staten eller folketrygda. Pensjon fordelast på tal år du forventar å leve. Pensjonerer du deg tidleg blir det fleire år å fordele pensjonen på og dermed mindre utbetalt kvart år. Du finn ein oversikt over kva du får utbetalt på nav.no. Det er berre inntekt under 7,1G som staten set av pensjon til.
I det private finst det tre typar pensjonsordningar, og det er arbeidsgjevar som bestemmer kva ordning du får. Det må minst vere ein innskotspensjon på 2% av løna. Det er dette som kallast Obligatorisk tenestepensjon eller OTP. Tilsette i stat, fylke og kommune har som hovudregel ein offentleg tenestepensjon som saman med alderspensjon utgjer 66% av løna.
Innskotspensjon: Arbeidsgjevar sparer ein fastsett prosent av løna di. Storleiken på pensjonen din vil primært avhenge av kor mykje som er innbetalt og avkastinga. Du bestemmer sjølv kor høg risiko du vil ha på sparinga. Når du sluttar får du eit pensjonskapitalbevis.
Ytelsespensjon: Arbeidsgjevar betalar for at du skal få ein garantert fast utbetaling. Når du sluttar får du ein fripolise.
Hybridpensjon: Arbeidsgjevar sparer ein fast prosent av løna di, og du får ein garantert fast utbetaling. Storleiken på pensjonen din vil primært avhenge av kor mykje som er innbetalt og avkastinga. Når du sluttar får du eit pensjonsbevis.
Kva rekkefølge du bør ta ut pensjonen din er avhengig av kva pensjonsprodukt du har, når du ønsker å gå av med pensjon og kor mykje du føler at du treng som pensjonist. Råda her må derfor sjåast på som generelle og rettleiiande. Det viktigaste er at du skaffar deg oversikt over din pensjon, vurderer kva som er viktig for deg og legge ein plan for livet ditt som pensjonist. Vi vil på eit generell plan anbefale følgjande rekkefølge.
1. Avtalefesta pensjon (AFP)
Dersom du har ein avtalefesta pensjon (AFP) i privat sektor kan det løne seg å ta ut den først ettersom dette er ei livsvarig utbetalingsavtale. Eit av vilkåra for å starte uttak på avtalefestet pensjon (AFP) er at du må starte uttak på alderspensjonen frå folketrygden med minst 20 prosent. Du har moglegheita til å stoppe eller endre denne etter ein månad utan at det påverkar utbetalingen av din avtalefestet pensjon (AFP).
2. Alderspensjon frå folketrygden/NAV
Etter å ha starta avtalefestet pensjon (AFP) vil vi anbefale å starte uttak på din alderspensjon frå folketrygden. Denne blir betalt ut av NAV. Dette er ofte den største delen av pensjonen og er eit resultat av kor mange år du har vore i arbeid og kor høg inntekt du har hatt.
3. Fripolise og Ytelsespensjon
Dersom du sluttar i jobben eller byter arbeidsgjevar blir ytelsespensjonen din gjort om til ein fripolise, desse produkta stammar derfor frå same type pensjonsordning.
Etter avtalefesta pensjon (AFP) og alderspensjon frå folketrygda, kan det vere fornuftig å starte utbetaling på fripoliser og ytelsespensjon. Årsaka er at dine etterlatne ikkje arvar pengane frå ei ytelsesordning. Dersom du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på desse produkta tilfalle forsikringskollektivet, altså andre med same type avtale.
4. Hybridpensjon og pensjonsbevis
Pensjonsbevis er ein hybridpensjon frå ein tidlegare arbeidsgivar. Etterlatte vil heller ikkje arve pengane frå ei hybridordning. Dersom du døyr før pengane er utbetalte vil verdiane på desse produkta på same måte som ein ytelsespensjon tilfalle forsikringskollektivet. Hybridpensjon er ei ny ordning som gjer at det stort sett er avgrensa med opptening. Dette kan tale for å vente med uttaket.
5. Innskotspensjon, pensjonskapitalbevis og eiga sparing
Pensjonskapitalbevis er ein opptent innskotspensjon frå ein tidlegare arbeidsgjevar og er, saman med eiga sparing, avtalene du bør vente lengst med å ta ut. Årsaka til dette er at dersom du døyr før pengane er utbetalt vil verdiane på avtalen gå til dine arvtakarar. I tillegg har desse avtalane som regel ikkje livsvarig utbetaling, det kan derfor vere ein fordel å vente med desse.
Pensjon frå folketrygda, offentleg tenestepensjon og obligatorisk tenestepensjon frå private verksemder blir skatta som pensjonsinntekt. Den er tilnærma lik den du betaler som lønnsmottakar, men med lågare trygdeavgifter. Det er den samla inntekta di som avgjer kva du vil måtte betale i skatt på pensjon.
For å finne ut kor mykje skatt du skal betale på pensjonen din, må du sjå på tre ting: alminneleg inntekt, trygdeavgift og frådrag.
Du kan lese meir om skattereglar for pensjonistar hos Skatteetaten.
Sjå også
Skatt på pensjon
Eigen pensjonskonto er ein lovbestemt konto. Her får du samla all innskotspensjon frå arbeidsgjevarar.
Ein pensjonssparekonto er ein konto der du sjølv sparer ekstra til pensjonen din. Pengane plasserast i fond. Det er alderen din som avgjer andelen aksjar i fondet. Viss du vil endre spareprofil kan du gjere det i nettbanken eller mobilbanken etter at avtalen er oppretta.
Når du startar sparinga gjer vi det enkelt for deg, og du får automatisk ein alderstilpassa
Dersom du vil påverke pensjonssparinga di, kan du sjølv velje fordelinga mellom aksjesparing og rentesparing. Dette gjer du i nettbanken eller mobilbanken etter at pensjonssparinga er starta.
Alderstilpassa
Alderstilpassa spareprofil gjer det enkelt for deg. Sparinga blir tilpassa alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond blir auka. Då har du større sjanse for god avkasting når du er ung, samtidig som gevinsten blir sikra når du nærmar deg pensjonsalder.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 40–67 år. Aksjeandelen blir redusert frå 100 til 20 %.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Renter
Renter: 100 % rentefond
Spareprofilen renter er for deg som er opptatt av tryggleik, og vil ta minst mogleg risiko. Pengane dine blir sett saman av renter.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Forsiktig
Forsiktig: 25 % aksjefond
Spareprofilen forsiktig betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med 25 % aksjar og 75 % renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønsker låg risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 25 til 10 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Moderat
Moderat: 50 % aksjefond
Spareprofilen moderat betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med halvparten i aksjar og halvparten i rente passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkastning, men toler noko risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 50 til 20 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Offensiv
Offensiv: 75 % aksjefond
I spareprofilen offensiv blir pengane dine plassert med 75 % i aksjar og 25 % i rente. Spareprofilen passar for deg som er opptatt av avkasting og er villeg til å ta ein del risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 75 til 30 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Aksjar
Aksjar: 100 % aksjefond
Spareprofilen aksjar betyr at pengane dine berre blir sett saman av aksjar. Dette er spareprofilen for deg som er opptatt av høg avkastning, og som er villig til å ta høg risiko.
Profilen har automatisk nedtrapping frå 57–67 år. Det betyr at aksjeandelen blir redusert frå 100 til 40 %. Du kan slå av nedtrappinga viss du ønsker det.
Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.
Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium