Pensjonskapitalbevis

Pensjonskapitalbevis er oppspart pensjon frå tidlegare arbeidsforhold. Samlar du pensjonskapitalbevisa på ein stad får du betre oversikt. 

Ikkje kunde i banken? 
Flytt pensjonskapitalbevisa her

Skogarbeidarar
Heilt gratis
Det kostar ikkje noko å flytte pensjonskapitalbevisa til oss.
Samle alt på éin stad
Du får pensjonen utbetalt frå ein stad når du går av med pensjon.
Betre oversikt
Du får ei samla oversikt over pensjonen din i mobil - og nettbanken.

Samle pensjonskapitalbevis på eigen pensjonskonto

På eigen pensjonskonto samlast all di pensjonssparing frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar på éin stad.

Pensjonskapitalbeviset blir forvalta av pensjonsleverandøren til den siste arbeidsgjevaren din, med mindre du vel ein annan leverandør. Ved jobbskifte blir pensjonskapitalbeviset automatisk flytta til pensjonsordninga til den nye arbeidsgjevaren viss dei også har innskotpensjon.

Viss den nye jobben ikkje har innskotpensjon hos oss, kan du flytte pensjonskapitalbeviset hit.

Det løner seg å samle pensjonskapitalbevisa

Har du fleire pensjonskapitalbevis kan du samle dei hos oss. Då får du betre oversikt. 

Har du allereie ein pensjonsavtale hos oss får du same spareprofil på alle pensjonskapitalbevisa dine. Er dette di første avtale hos SpareBank 1 får du ein alderstilpassa spareprofil. Med alderstilpassa spareprofil får du automatisk ei blanding av aksje- og rentefond. Fordelinga blir justert og tilpassa alderen din. Du kan sjølv endre spareprofil etter at pensjonskapitalbevisa er flytta.

Hugs å huke av for at du vil slå saman pensjonskapitalbevisa til éin felles avtale når du flyttar dei, så blir det endå enklare for deg å halde oversikt over pensjonen. 

Årleg avtalegebyr
Du betaler eit årlig avtalegebyr på 0,50 % av G, maks 2 % av saldo. G står for grunnbeløp i folketrygda, denne blir justert 1. mai kvart år. Er du ikkje eKunde, er årlig avtalegebyr 0,6 % av G, maks 2,4 % av saldo. 
 
Investeringsprofilar og forvaltningshonorar
Du kan velje mellom ei rekke ferdig samansette pensjonsprofilar, eller du kan setje saman din eigen portefølje med fond frå Open meny.
 
Pensjonskapitalbevis med aktiv forvaltning:
  • SpareBank 1 Alderstilpassa: 0,67 %-1,35 %
  • SpareBank 1 Renter: 0,50 %
  • SpareBank 1 Forsikring 1,05 %
  • SpareBank 1 Moderat: 1,15 %
  • SpareBank 1 Offensiv: 1,25 %
  • SpareBank 1 100 % Aksjar: 1,35 %

Pensjonskapitalbevis med indeksforvaltning: 

  • SpareBank 1 Alderstilpassa: 0,50 % 
  • SpareBank 1 Renter: 0,50 %
  • SpareBank 1 Forsikring 0,50 %
  • SpareBank 1 Moderat: 0,50 %
  • SpareBank 1 Offensiv: 0,50 %
  • SpareBank 1 100 % Aksjar: 0,50 %

Pensjonskapitalbevis med svanemerka forvaltning:

  • SpareBank 1 Alderstilpassa: 0,50 %
  • SpareBank 1 Renter: 0,50 %
  • SpareBank 1 Forsikring 0,50 %
  • SpareBank 1 Moderat: 0,50 %
  • SpareBank 1 Offensiv: 0,50 %
  • SpareBank 1 100 % Aksjar: 0,50 %

Pensjonskapitalbevis med garantert avkastning: 

  • 1,30 %

Open meny: 

Pris avhenger av fondsval, frå 0,4 %- 2 % + eventuelle suksess-honorar.

Les meir om fonda i open meny, dei ulike porteføljene og avkastningshistorikk her

Følg pensjonskapitalbeviset ditt på nett

I nettbanken eller mobilbanken har du alltid oversikt over pensjonskapitalbevis som står hos oss. Du finn pensjonen ved å velje pensjon under sparing i menyen. Her kan du endre investeringsprofil og følge med på sparesaldoen din. 

eKunde

Som eKunde vil du til ei kvar tid ha avtaledokumenta dine tilgjengelege i nettbanken din. Ønskjer du avtaledokumenter per post, må du ta kontakt med vårt kundesenter.

Investering og risiko

Pensjonskapitalen sin risiko og dei framtidige utbetalingane vil variere i takt med verdiendringa i investeringsvalet på avtalen din. Historisk avkasting er ingen garanti for framtidig avkasting.

Berekning av alderspensjon

Den framtidige alderspensjonen din vil vere summen av det tidlegare arbeidsgjevarar har betalt inn, og den avkastninga du får på pensjonskapitalbeviset ditt. Pengane står i fondssparing og du har sjølv risikoen for eventuell negativ avkastning på sparebeløpet. Størrelsen på utbetalinga er avhengig av spareverdi ved start uttak av alderspensjon, avkastninga på ditt investeringsval, utbetalingstidspunkt, din uttaksgrad og utbetalingstid.

Uttak av alderspensjon

Du kan tidlegast ta ut pensjonen din når du fyller 62 år, og du må sjølv gi oss beskjed når du ønskjer å starte utbetaling. Utbetalingstida må vere over minimum 10 år og du kan tidlegast avslutte utbetalinga når du er 77 år. Her kan du starte utbetaling. Har du spørsmål kan du òg kontakte oss på telefon 915 02 300. 

Kontoutskrift

For at du skal kunne følge med på utviklinga på pensjonskapitalbeviset ditt, sender vi deg ei kontoutskrift i året som viser verdiutviklinga på fonda dine. Pensjonskapitalbevis følgjer vilkår for innskotspensjon. Last ned fullstendige vilkår (PDF).

Visste du at pensjonssparing også påverkar klima, miljø og sosiale rettar?

Når du sparer til pensjon, kan pengane forvaltast på ulike måtar som påverkar samfunnet. Hos oss kan du vere trygg på at berekraft er godt ivareteke.

Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring AS

Har du pensjonskapitalbevis eller pensjonsbevis hos oss?  

Då får du rimlegare pris på privat sparing i IPS og pensjonssparingskonto. Prisfordelen gjeld også om du er medlem av ein innskotspensjon eller hybridpensjon hos oss. 


Er du medlem i eit LO-forbund?

Kva lurer andre på?

 

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?

Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

 

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?

Her finn du informasjon og kan starte utbetaling


Samanlikn prisar

Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no

Kva er pensjonskapitalbevis?

Eit pensjonskapitalbevis er oppspart pensjon frå tidlegare jobbar du har hatt. Har du jobba i ei privat bedrift som har

, vil du få eit pensjonskapitalbevis som viser kor mykje pensjon bedrifta har spart for deg i løpet av arbeidsforholdet. 

Har du bytta jobb fleire gonger, kan du ha fleire pensjonskapitalbevis.

Eit pensjonskapitalbevis kan vere med investeringsval eller med avkastningsgaranti. Det er kun dei med investeringsval som samlast i eigen pensjonskonto. 

Kva er pensjonsbevis og fripolise?

Pensjonskapitalbevis, pensjonsbevis og fripolise er alle dokument som viser at tidlegare arbeidsgjevarar har betalt inn pengar til pensjon, som sikrar at du får utbetalt pensjon når du når pensjonsalder.

Pensjonsbevis
Når du sluttar i ei bedrift som har hybridpensjon, får du eit pensjonsbevis.
Fripolise
Når du sluttar i ei bedrift som har ytelsesbasert pensjonsordning, får du ein fripolise.