Sparer arbeidsgjevaren din til pensjon hos oss? Då får du prisfordel når du startar privat pensjonssparing (tilleggsparing med fordel). Fordelen gjeld også om du har eit Pensjonskapitalbevis eller Pensjonsbevis hos oss.
Ekstra lave kostnader og meir pensjon for sparinga di.
Eigen spareprofil
Alderstilpassa spareprofil gjer sparinga optimal for akkurat deg.
God oversikt
Få oversikt over pensjonssparinga di ved å samle alt på ein stad.
Veit du kor mykje du kjem til å få i pensjon?
For dei aller fleste vil pensjonen utgjere ca. 50 prosent av lønna du er vant til. Vil du ha god økonomi som pensjonist, blir du nøydd til å spare sjølv. Jo før du kjem i gang, jo betre.
Fordelen din kan utgjere 21 000 kroner meir som pensjonist!
Dersom du sparer 1000 kroner i månaden frå du er 35 til 67 år får du som har privat pensjonssparing med fordel ca. 21 000 kroner meir å rutte med når du blir pensjonist - kun fordi du får lågare gebyrer.
Berekninga er basert på tilleggssparing i pensjonssparekonto med alderstilpassa profil med ei forventa avkastning på 5,75 % i aksjefond og 3 % i rentefond. Beløpet er inflasjonsjustert med 2 % og er før skatt.
Kva kostar privat pensjonssparing (tilleggsparing) og kva prisfordel får du?
Administrasjonsgebyr i heile avtaleperioden: 0,1 % av saldo årleg.
Forvaltningshonorar Du får frå 20 – 22 % lågare forvaltningskostnader avhengig av produkt og spareprofil.
Prisfordel forvaltningshonorar
Tilleggssparing i
IPS og Pensjonskonto
Ordinær IPS
Ordinær Pensjonssparekonto
Alderstilpassa spareprofil
0,90 -0,40 %
1,15 - 0,50 %
1,15 -0,50 %
Renter
0,40 %
0,50 %
0,50 %
Forsiktig spareprofil
0,53 %
0,66 %
0,66 %
Moderat spareprofil
0,65 %
0,83 %
0,83 %
Offensiv spareprofil
0,78 %
0,99 %
0,99 %
Aksjar
0,90 %
1,15 %
1,15 %
Garanti mot negativ avkastning (gjelder IPS)
I utbetalingstida, eller etter fylte 70 år om utbetaling startar seinare, har IPS garanti mot negativ avkastning. Det vil seie at saldo kun kan reduserast med kostnader og utbetalingar. Følgande forvaltningshonorar gjeld for deg:
Tilleggssparing - 0,90 % av saldo, kor 0,35 % er pris for avkastningsgaranti og 0,55 % er pris for forvaltning. Ordinær - 1 % av saldo, kor 0,35 % er pris for avkastningsgaranti og 0,65 % er pris for forvaltning.
Det skal vere enkelt å ta gode berekraftige val når du skal spare til pensjon. Sparer du til pensjon i SpareBank 1 Forsikring kan du vere trygg på at berekraft er godt ivareteke.
Privat tilleggssparing er lågare forvaltningsgebyr i IPS og pensjonssparekonto for alle som har innskotspensjon, hybridpensjon, pensjonskapitalbevis eller pensjonsbevis hos SpareBank 1.
Prisfordelen gjeld så lenge du er medlem av ein innskotspensjon eller hybridpensjon, eller har eit pensjonskapitalbevis eller pensjonsbevis hos SpareBank 1.
Når du sparer til pensjon i ein alderstilpassa spareprofil er det alderen din som avgjer korleis pengane vert investert.
Når det er lenge igjen til du skal starte utbetaling av pensjonen din er aksjeandelen høg. Høg aksjeandel ventast å gje best avkasting på lang sikt. Når det er mindre enn 27 år igjen til utbetalingsdato, trappast andelen aksjar gradvis ned for at du skal unngå store svingingar i saldoen når det nærmar seg utbetaling.
Viss du vil endre andelen aksjefond i spareprofilen din, kan du gjere det i nettbanken eller mobilbanken din etter at avtalen er oppretta.
Når du startar sparinga gjer vi det enkelt for deg, og du får automatisk ein alderstilpassa spareprofil. Det betyr at sparinga blir tilpassa alderen din, og at du tek mindre risiko jo eldre du blir – andelen aksjar blir redusert og andelen rentefond aukar.
Dersom du vil påverke pensjonssparinga di, kan du sjølv velje fordelinga mellom aksjesparing og rentesparing. Dette gjer du i nettbanken eller mobilbanken etter at pensjonssparinga er starta.
Du kan byte spareprofil utan skattemessige konsekvensar.
Spareprofilen renter er for deg som er opptatt av tryggleik, og vil ta minst mogleg risiko. Pengane dine blir sett saman av renter.
Rentefond bestar av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Spareprofilen forsiktig betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med 25 % aksjar og 75 % renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønsker låg risiko.
Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Spareprofilen moderat betyr at pengane dine blir fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med halvparten i aksjar og halvparten i renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkastning, men toler noko risiko.
Rentefond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
I spareprofilen offensiv blir pengane dine plassert med 75 % i aksjar og 25 % i renter. Spareprofilen passar for deg som er opptatt av avkasting og er villig til å ta ein del risiko.
Renteond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Spareprofilen aksjar betyr at pengane dine berre blir sette saman av aksjar. Dette er spareprofilen for deg som er opptatt av høg avkasting, og som er villig til å ta høg risiko.
Renteond består av om lag 7,5 prosent eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvalting.
Det er totalt ti spareprofilar der fem av dei er navngitt med ODIN og fem er navngitt med SpareBank 1. Du bestemmer sjølv kva du ønsker. Forskjellen er at profilane navngitt ODIN har underliggjande fond frå kun ein leverandør (ODIN), mens SpareBank 1 sine profilar består av underliggjande fond frå fleire leverandørar.
Profilane er likestilte i form av lik forventa avkasting, kostnadar og provisjon til distributør og andel til SpareBank 1 Forsikring. Sidan ingen leverandørar gjer heilt like investeringsval, må ein forvente at porteføljeverdien vil utvikle seg forskjellig, sjølv om kostnadar og aksje-/renteandel er like.
Alle porteføljene har aktiv forvaltning og blir administrert av SpareBank 1 Forsikring AS.
Dersom du som sjølvstendig næringsdrivande har ein innskotspensjonsavtale hos oss, kan du også få tilleggssparing med lågare forvaltningsgebyr i IPS og pensjonssparekonto hos oss.
Innskotspensjon er den vanlegaste måten for bedrifter å spare til pensjon for sine tilsette. Om du er tilsette i ei bedrift som har innskotspensjon betyr det at bedrifta set av ein prosentsats av løna di til pensjon. Her kan du lese meir om innskotspensjon som pensjonsordning.
Storleiken på din framtidige alderspensjon avhenger av kor mykje som sparast, kor lenge det sparast, avkastinga og lengda på utbetalingsperioden.
Det er arbeidsgjevaren din som bestemmer korleis første innskot skal investerast. Når sparinga er i gang kan du sjølv velje mellom dei investeringsvala og spareprofilane arbeidsgjevaren har opna for. Dette kan du gjere under pensjonsområdet i mobilbanken og nettbanken, eller i pensjonsportalen.
Ønsker du fleire investeringsmoglegheiter enn arbeidsgjevaren din har ope for, kan du velje oss som sjølvvalt leverandør for eigen pensjonskonto. Då vil du få moglegheit til å velje fritt blant investeringsalternativa våre.
Eigen pensjonskonto
På eigen pensjonskonto får du samla all innskotspensjon du har opparbeidd deg frå du byrja å jobbe. Du får automatisk eigen pensjonskonto der arbeidsgjevaren din har innskotspensjon. Hvis jobben din ikkje har innskotspensjon hos oss, kan du flytte den hit. Les meir om eigen pensjonskonto
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}