Pensjonssparing med skattefordel (IPS)
Individuell pensjonssparing (IPS) i fond gir deg skattefordel i form av utsett skatt.
Individuell pensjonssparing (IPS) i fond gir deg skattefordel i form av utsett skatt.
Pensjonssparing leverast av SpareBank 1 Forsikring AS
Vi prøver å gjere det enkelt å forstå produkta våre, men sjølvsagt kan det vere noko du ikkje fann svar på likevel. Er det ord og uttrykk du lurer på kva betyr? Sjå pensjonsordlista vår her.
Du kan laste ned fullstendige vilkår og viktig informasjon om pensjonssparing med skattefordel (IPS) under.
IPS er individuell pensjonssparing med skattefordel og passar for deg som kan binde pengane til du er 62 år. Når du vel å binde pengane til pensjon, får du skattefordel på sparinga di.
Når du sparer til pensjon i IPS hos oss får du ein alderstilpassa spareprofil. Då er det alderen din som bestemmer korleis pengane vert investerte. Om du vil endre spareprofilen kan du gjere det i nettbanken eller mobilbanken.
Når du sparer i IPS blir pengane dine plassert i fond. Sparinga blir tilpassa alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond blir auka. Då har du større sjanse for god avkasting når du er ung, samtidig som gevinsten vert sikra når du nærmar deg pensjonsalder.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Nedtrappinga av risiko startar automatisk når du har blitt 40 år og varer fram til du fyller 67 år.
Spareprofilen renter er for deg som er opptatt av tryggleik, og vil ta minst mogleg risiko. Pengane dine blir sett saman av renter. Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,50 % av saldo
Spareprofilen forsiktig betyr at pengane dine vert fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med 25 % aksjar og 75 % renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønskjer låg risiko.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,66 % av saldo
Spareprofilen moderat tyder at pengane dine vert fordelt mellom aksjar og rente. Fordelinga med halvparten i aksjar og halvparten i rente passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkastning, men toler noko risiko.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,83 % av saldo
I spareprofilen offensiv blir pengane dine plassert med 75 % i aksjar og 25 % i rente. Spareprofilen passar for deg som er opptatt av avkasting og er villeg til å ta ein del risiko.
Rentefond består av om lag 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,99 % av saldo
Spareprofilen aksjar betyr at pengane dine berre vert sette saman av aksjar. Dette er spareprofilen for deg som er oppteken av høg avkasting, og som er villig til å ta høg risiko.
Rentefond består av om 5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerket forvalting.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 1,15 % av saldo
Blir du forvirra av alle ord og uttrykk om pensjon? Kva er eigentleg fripolise og innskotspensjon? Her er alt du treng å vite om pensjon, sagt på ein enkel måte.
Reglane for pensjonssparing med skattefordel (IPS) er at desse pengane er låste til du fyller 62 år og utbetalinga skjer over minst 10 år, minimum til fylte 80 år. Startar du utbetaling ved fylte 62 år, blir pensjonen utbetalt over 18 år. Startar du utbetaling ved 70 år, blir pensjonen utbetalt over 10 år. Ved låg saldo vil talet på utbetalingsår bli redusert. Årleg utbetaling skal utgjere minimum 20 % av G, det vil seie ca 20.000 kroner i året.
Du kan spare inntil 15.000 kroner i året med IPS (Pensjonssparing med skattefordel). Minste månadlege sparebeløp er 300 kroner og minste eingongsinnskot er 1.000 kroner. Du bestemmer sjølv kor mykje du ønskjer å spare, samt om det skal skje via månadleg sparebeløp og/eller eingongsinnbetalingar.
Du får igjen ti prosent av det du sparer på skatten. Sparer du maksbeløpet på 15.000 kroner vil du få 3.300 kroner tilbake på skatten. Saldoen din er fritatt for formuesskatt. Dette betyr at beløpet du til ei kvar tid har ståande ikkje er gjenstand for formueskattlegging. Det er først ved uttak av sparinga du blir skattelagt – og då med ei gunstig skattelegging som er alminneleg inntekt.
Pensjonssparing med skattefordel (IPS) er ein pensjonssparing der du kan spare inntil 15.000 kroner per år og få 22 prosent av innbetalinga tilbake på skatten. Pensjonssparinga er fritatt for formueskatt, har alminneleg beskatning ved utbetaling og kan takast ut frå tidlegast fylte 62 år. Du bestemmer sjølv om du vil spare mykje eller lite, samt om du vil spare månedleg og/eller gjere eingongsinnbetalingar. Pensjonssparinga har også garanti for negativ avkastning (verdifall) i utbetalingsperioden, eller etter fylte 70 år om utbetaling startar seinare. Det betyr at saldo i utbetalingstida ikkje kan reduserast med meir enn kostnadar og utbetalt beløp. Garantien sikrar stabilitet og tryggleik i dei åra pengane skal utbetalast.
Som forbrukar har du vanlegvis angrerett på kjøp av varer og tenester over nett og telefon. Derfor gjeld ikkje angrerett for pensjonssparekonto, IPS og eigen pensjonskonto.
Årsaka er at prisane på desse produkta svingar i takt med finansmarknaden, og det er noko vi ikkje kan påverke. Svingingane kjem av at aksjemarknaden går opp og ned.
Sjølv om du ikkje kan angre kjøpet, kan du stoppe vidare sparing. Du kan også ta ut pengane viss dette er tillate i vilkåra.
Les meir i forsikringsavtalelova§ 1D-1.
Det skal vere enkelt å ta gode berekraftige val når du vel pensjonsleverandør. Sparer bedrifta til pensjon hos oss kan de vere trygge på at berekraft er godt ivaretatt.
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium