IPS eller pensjonssparekonto - kva bør du velje?

No kan du velje mellom to gode ordningar for individuell pensjonssparing. Vi hjelper deg med valet.

Mann som svettar over val av sparing til pensjon

Enkel samanlikning

De viktigaste forskjellene på IPS og pensjonssparekonto

IPS (individuell pensjonssparing med skattefordel)

  • Pengane er låst til pensjonsalder
  • Månadleg utbetaling kan tidlegast starte frå du er 62 år
  • Skattefordel på 22 % i form av utsett skatt
  • Maks sparebeløp er 15.000 kroner i året
  • Du betalar ikkje formuesskatt
  • Heile utbetalingen (sparta beløp + avkastning) beskattast som alminneleg inntekt

Pensjonssparekonto

  • Ingen bindingstid.
  • Du kan ta ut heile eller delar av sparebeløpet når som helst
  • Ingen skattefordel
  • Du kan spare så mykje du vil.
  • Du betaler formuesskatt 
  • Ved utbetaling blir avkastninga beskatta som alminneleg inntekt

IPS er eit insentiv frå staten som skal hjelpe nordmenn med å setje av pengar til pensjonstida. Du bestemmer sjølv om du vil spare lite eller mykje. Du kan spare inntil 15.000 kroner i året. Uavhengig av kor mykje du velger å spare, får du ein skattefordel på 22 % av sparebeløpet. Skattefordelen er utsett skatt – for det er først når du byrjar å ta ut pengane, at du skatter. Du skatter som ved alminneleg inntekt, som i 2023 er 22 %. 

Men med IPS binder du også sparebeløpet til pensjon, og kan tidlegast starte uttak når du er 62 år. Her står du mykje friare når det kjem til pensjonssparekonto. Då bestemmer du sjølv når du ønskjer å ta ut beløpet du har spart.

Fleksibilitet eller skattefordel?

Det ser ut som det er nettopp her, ved bindingstida, det avgjerande valet blir teke. Ei undersøking gjennomført av Respons analyse på vegne av SpareBank 1, viser at skattefordelen er veldig attraktiv, men at mange ser ut til å tenke meir kortsiktig om sparinga si.

– Når vi fortel at sparinga er bunden til pensjon og tidlegast kan takast ut ved 62 år, seier 21 % at det er mindre aktuelt å starte sparing. Det kan tyde på at mange ønskjer meir kortsiktig tilgang på sparepengane sine. For desse vil pensjonssparekonto vere eit godt alternativ, seier Wenche Seljeseth, leiar for Pensjon i SpareBank 1.


 

Difor må vi spare ekstra til pensjon

Pensjonsreforma som kom i 2011 gjer at vi får mindre i pensjon frå folketrygda. Tidlegare undersøkingar har viste at heile 48 % av oss har urealistiske forventningar til kor høg pensjon vi kjem til å få, og meiner at pensjonen burde utgjere minst 70 % av lønna.

Faktum er at for dei fleste av oss vil pensjonen utgjere rundt 50 prosent av lønna – om vi ikkje sparer på eigenhand i tillegg. Vi kan kompensere for dette ved å fortsette å jobbe også etter 67 år, men for dei som ikkje vil eller kan det, er rådet å starte sparinga no.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }