Pensjonssparekonto
Pensjonssparekonto er enkel sparing til din pensjon. Bare tast inn alderen din og kor mykje du vil spare i månaden, så er du i gang!
Pensjonssparekonto er enkel sparing til din pensjon. Bare tast inn alderen din og kor mykje du vil spare i månaden, så er du i gang!
Vi prøver å gjere det enkelt å forstå produkta våre her på nettsida, men sjølvsagt kan det vere noko du ikkje fann svar på likevel. Er det ord og uttrykk du lurer på kva betyr? Sjå pensjonsordlista vår her.
Du kan laste ned fullstendige vilkår, produktark og nøkkelinformasjon om pensjonssparekonto under.
Her finn du meir informasjon om kva spareprofilane inneheld og historisk avkastning.
Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring
Med nokre få tastetrykk startar du sparinga som kan gi deg ein betre kvardag som pensjonist. Sparinga tilpassar seg automatisk alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko, jo eldre du blir. Om du ønsker å bestemme heilt sjølv kan du sjølvsagt endre til ein annan spareprofil.
Mange av oss har urealistiske forventningar til kor høg pensjon vi kjem til å få. For dei fleste av oss vil pensjonen utgjere rundt 50 prosent av lønna – om vi ikkje sparar på eiga hand i tillegg.
Så lenge levealderen aukar, aukar også talet på personar som mottek alderspensjon. Dette betyr at kvart årskull må jobbe litt lenger for å oppnå same pensjon som eldre årskull.
Når du sparer i pensjonssparekonto blir pengane dine plassert i fond. Dersom du vil påverke pensjonssparinga di, kan du sjølv velje fordelinga mellom aksjefond og rentefond. Dette gjer du enkelt i mobilbanken eller nettbanken.
Sparinga blir tilpassa alderen din, slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir. Dette skjer ved at andelen aksjefond blir redusert, og andelen rentefond blir auka. Då har du større sjanse for god avkasting når du er ung, samtidig som gevinsten blir sikra når du nærmar deg pensjonsalder.
Nedtrappinga av risiko startar automatisk når du har blitt 40 år og varer fram til du fyller 67 år.
Rentefond består av om lag 7,5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Spareprofilen renter er for deg som er opptatt av tryggleik, og vil ta minst mogleg risiko. Pengane dine settast saman av renter. Rentefond består av om lag 7,5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,50 % av saldo
Spareprofilen forsiktig betyr at pengane dine vert fordelt mellom aksjar og renter. Fordelinga med 25 % aksjar og 75 % renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og ønsker låg risiko.
Rentefond består av om lag 7,5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,66 % av saldo
Spareprofilen moderat tyder at pengane dine vert fordelt mellom aksjar og rente. Fordelinga med halvparten i aksjar og halvparten i renter passar for deg som er opptatt av tryggleik og avkastning, men toler noko risiko.
Rente-fond består av om lag 7,5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,83 % av saldo
I spareprofilen offensiv blir pengane dine plassert med 75 % i aksjar og 25 % i rente. Spareprofilen passar for deg som er opptatt av avkastning og er villig til å ta ein del risiko.
Rentefond består av om lag 7,5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 0,99 % av saldo
Spareprofilen aksjar betyr at pengane dine berre vert sette saman av aksjar. Dette er spareprofilen for deg som er opptatt av høg avkastning, og som er villig til å ta høg risiko.
Rentefond består av om lag 7,5 % eigedom. Dette gjeld ikkje Svanemerka forvaltning.
Administrasjonsgebyr
0,1 % av saldo
Forvaltingskostnad
Svanemerket: 0,50 % av saldo
Indeks: 0,50 % av saldo
Aktiv: 1,15 % av saldo
Blir du forvirra av alle ord og uttrykk om pensjon? Kva er eigentleg fripolise og innskotspensjon? Her er alt du treng å vite om pensjon, sagt på ein enkel måte.
Du kan når som helst gjøre uttak frå pensjonssparekontoen utan at det kostar deg noko. Du kan fortsetje å spare sjølv om du tar ut deler av saldoen.
Eigen pensjonskonto er ein lovbestemt konto. Her får du samla all innskotspensjon frå arbeidsgjevarar.
Ein pensjonssparekonto er ein konto der du sjølv sparer ekstra til pensjonen din. Pengane plasserast i fond. Det er alderen din som avgjer andelen aksjar i fondet. Viss du vil endre spareprofil kan du gjere det i nettbanken eller mobilbanken etter at avtalen er oppretta.
Administrasjonsgebyr:
0,1 prosent (gebyret er i prosent av saldo per år og belastar saldo månadleg)
Forvaltingshonorar %
Indeksforvalting: 0,5 prosent
Svanemerka forvalting: 0,5 prosent
Renter: 0,5 prosent
Aktiv Alderstilpassa: 1,15 - 0,63 prosent
Aktiv Forsiktig: 0,66 prosent
Aktiv Moderat: 0,83 prosent
Aktiv Offensiv: 0,99 prosent
Aktiv Aksjar: 1,15 prosent
Pris for forsikring ved dødsfall
Pris for livsforsikring avheng av saldo og alder på den som er forsikra, og belastar saldo månadleg. Døme på årleg pris ved ein saldo på 100 000 kroner:
Alder | Pris for forsikring | Pris i prosent av saldo |
20 | 1,40 | 0,0014 % |
30 | 1,79 | 0,0018 % |
40 | 3,00 | 0,0030 % |
50 | 6,83 | 0,0068 % |
60 | 18,93 | 0,0189 % |
70 | 57,22 | 0,0572 % |
80 | 178,30 | 0,1783 |
90 | 561,19 | 0,5612 % |
Din pensjonsutbetaling vil bestå av tre delar. Ein del frå folketrygda, ein del frå noverande og tidlegare arbeidsgjevarar, og den delen du har spart sjølv.
Frå folketrygda (NAV)
Kvart år setjast det av eit beløp av løna di til pensjonssparing. For dei fleste av oss utgjer det ca. halvparten av det vi har i løn.
Frå arbeidsgjevar
Arbeidsgjevar sparer minst 2 % av løna di i pensjon, beløpet trekkast ikkje frå løna. Beløpet utbetalast først når du pensjonerer deg. Offentleg tilsette har som oftast ein tenestepensjon som saman med pensjonssparing frå folketrygda utgjer 66 % av løna.
Eiga sparing
Erfaringane våre tilseier at dei fleste ønsker 80 % eller meir av løna som pensjonist. For å få til dette må du òg spare litt sjølv.
Kvar år setjast det av eit beløp som tilsvarar 18,1 % av løna di i ei pensjonsbehaldning. Av dette betalar du sjølv ein del i trygdeavgift, arbeidsgjevar betalar arbeidsgjevaravgift og staten betalar resten. Jo fleire år du jobbar, jo større blir pensjonen frå staten eller folketrygda. Pensjon fordelast på tal år du forventar å leve. Pensjonerer du deg tidleg blir det fleire år å fordele pensjonen på og dermed mindre utbetalt kvart år. Du finn ein oversikt over kva du får utbetalt på nav.no. Det er berre inntekt under 7,1G som staten set av pensjon til.
I det private finst det tre typar pensjonsordningar, og det er arbeidsgjevar som bestemmer kva ordning du får. Det må minst vere ein innskotspensjon på 2% av løna. Det er dette som kallast Obligatorisk tenestepensjon eller OTP. Tilsette i stat, fylke og kommune har som hovudregel ein offentleg tenestepensjon som saman med alderspensjon utgjer 66% av løna.
Innskotspensjon: Arbeidsgjevar sparer ein fastsett prosent av løna di. Storleiken på pensjonen din vil primært avhenge av kor mykje som er innbetalt og avkastinga. Du bestemmer sjølv kor høg risiko du vil ha på sparinga. Når du sluttar får du eit pensjonskapitalbevis.
Ytelsespensjon: Arbeidsgjevar betalar for at du skal få ein garantert fast utbetaling. Når du sluttar får du ein fripolise.
Hybridpensjon: Arbeidsgjevar sparer ein fast prosent av løna di, og du får ein garantert fast utbetaling. Storleiken på pensjonen din vil primært avhenge av kor mykje som er innbetalt og avkastinga. Når du sluttar får du eit pensjonsbevis.
Avkastinga på sparing i pensjonssparekonto er skattefri fram til du startar utbetaling. Når du tek ut pengane, blir aksjeavkasting skattlagd som aksjar og renteavkasting som renter.
Skattesats på avkasting frå renter er 22 % i 2025. Skatt på avkasting frå aksjar er 37,84 % i 2025. Kva som skal skattleggast som aksjar og kva som skal skattleggast som renter, blir berekna ved å finne gjennomsnittleg aksjeandel i heile avtaleperioden.
Du får skjerming (skattefritt grunnlag) på avkastinga frå aksjar. Saldoen din tel med når styresmaktene bereknar formuesskatt, men han tel som 80 % av verdien. Du får altså ein verdsetjingsrabatt på 20 % på den delen som gjeld aksjeformuen.
Det blir ikkje trekt forskotsskatt på pensjonssparekonto.
Det er ikkje mogleg å berre ta ut investert beløp på pensjonssparekonto. Det beløpet som blir tatt ut, vil vere basert på fordeling mellom investert beløp, avkasting og total saldo på avtalen.
Kva betyr dette i praksis?
Nedanfor er det to ulike tilfelle. I begge døma har kunden 110.000 kroner i saldo og tek ut 11.000 kroner, men likevel blir dei skatta ulikt.
Døme 1:
Investert beløp: 100.000 kroner.
Avkasting: 10.000 kroner.
Uttak: 11.000 kroner.
I dette tilfellet blir det teke ut 10.000 kroner frå det investerte beløpet og 1000 kroner frå avkastinga.
Realisert avkasting er 1000 kroner, og det er dette beløpet det skal skattast av.
Døme 2:
Investert beløp: 10.000 kroner.
Avkasting: 100.000 kroner.
Uttak: 11.000 kroner.
I dette tilfellet blir det teke ut 1000 kroner frå det investerte beløpet og 10.000 kroner frå avkastinga.
Realisert avkasting er 10.000 kroner, og det er dette beløpet det skal skattast av.
Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?
Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.
Skal du starte utbetaling av pensjonen din?
Du kan samanlikne prisane våre med prisar frå andre selskap på Finansportalen.no
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium