Pensjon 2.0
Korleis ser arbeidslivet, verda og pensjonisttilveret ut når du blir pensjonist om 30, 40 eller 50 år?
Korleis ser arbeidslivet, verda og pensjonisttilveret ut når du blir pensjonist om 30, 40 eller 50 år?
Vi har sett inn i glaskula og gir deg nokre tankar om framtidas pensjonisttilvære – og korleis vi rigger oss på best mogleg vis.
Nokre gonger kan det vere vanskeleg å vite korleis livet og kvardagen ser ut om ein månad. Korleis skal vi då klare å sjå for oss livet som pensjonist? Verda er i kontinuerleg endring. Teknologien løper fort, økonomien endrar seg og arbeidsplassane våre er under press. Det einaste vi veit om framtida er at vi sannsynlegvis blir pensjonistar. Kanskje drøymer vi om eit hus i Syden, kanskje vil vi tilbringe all fritid saman med barnebarna eller kanskje skal vi endeleg bruke masse tid på hobbyane vi ikkje fekk tid til då vi jobba for fullt? Ei undersøking gjennomført av Respons analyse for SpareBank 1, viser at dei som er mellom 20 og 30 år veit svært lite om korleis den framtidige pensjonisttilværa si vil sjå ut. Det kan vere ein naturleg årsak til det.
– Det å tenke at ein dag skal bli gammal, er noko vi menneske ikkje ønsker å fokusere på, reint instinktivt, forklarer Gunn Helen Øye. Ho er sosialantropolog og trendforskar, og ho seier som sant er: Ingen kan vite kva som skjer i framtida, men alle kan gjere ein liten innsats for å vere betre førebudd på livet som pensjonist.
– Om unge blir litt meir opplyste rundt pensjon, er dei også litt meir førebudd på kva som ventar dei. Eg oppmodar dagens unge menneske til å bruke dei minuttene det tar å setje seg inn i pensjonssparing, samt å finne ut av kva pensjonsordningar det er på den nye arbeidsplassen deria. Det kan vere lønnsamt, seier ho.
Øye legg også vekt på at arbeidslivet har endra seg. Før i tida var det vanlegare at dei unge gjekk i foreldra sine karrierefotspor. Det var trygt og ein visste kva ein gjekk til. Slik er det ikkje lenger!
– I dag bruker vi lang tid på å finne ut kven vi er, og vi er ikkje lenger opptekne av å bli verande i same jobb over mange år. Eg trur ikkje det er så mange som veit kva konsekvensane av denne livsstilen med hyppige jobbskifte har å si for vår framtidige pensjon.
Ein ting som er sikkert, er at befolkninga stadig blir eldre. Det betyr at vi i framtida må belage oss på å jobbe lenger.
– Dei som er i 30-åra no, må vere førebudd på å jobbe til dei er 71 år, seier sjefsøkonom Erik Orskaug i Unio. Han har jobba med pensjon i ein årrekke og er oppteken av å formidle at spesielt kvinner må vere bevisste når det gjeld pensjon.
– Det er flest kvinner som ønsker å jobbe deltid, og dette vil ha konsekvensar for pensjonen deira, seier han og understrekar at han anbefaler alle å sette seg inn i arbeidsplassen sine pensjonsordningar.
– Ein treng ikkje studere vanskelege pensjonsnotat dersom ein er medviten om desse to tinga; spare meir og stå i jobb lengre.
Arbeidslivet er i endring, og arbeidsplassen sin pensjonsordning er heller ikkje som dei ein gang var. Skillet mellom levestandarden til dei som har vore medviten om pensjonssparing, og dei som ikkje har vore det, vil bli større. Dermed vil det bli tydelegare klasseskiller blant pensjonistar i framtida. Vi må altså spare meir på eigenhand for å sikre oss ein god pensjon.
– Klasseskillet oppstår i stor grad som følgje av at dei som tener mykje medan dei er yrkesaktive, også er dei som har råd til å spare mykje til pensjon. I tillegg er det ofte også dei same yrkesaktive som får gode pensjonsdekningar gjennom jobben, seier Maren Stangeland Oftedal, produkteigar sparing i SpareBank 1.
Dersom du skal oppretthalde ein god levestandard som pensjonist og unngå store inntektsreduksjonar, må dei aller fleste setje av delar av den inntekta dei får i dag, fram i tid. Eller sagt på ein enklare måte: Du må bruke mindre i dag for å kunne bruke meir som pensjonist.
– Eit menneske si evne til å spare, heng ikkje alltid saman med inntekt. Ein som tener mykje kan også sløse mykje, medan andre klarar å bygge formue sjølv om dei tener mindre. Det er altså også eit spørsmål om du har disiplin i ditt eige forbruk.
Maren Stangeland Oftedal meiner det kan vere verdt å gjere ei analyse av eigen økonomi for å sjå kva du kan setje av i dag til framtidig pensjon, for eksempel gjennom ein spareavtale. Å spare 300 kroner i månaden i 30 år er betre enn null. Treng du hjelp, kan ein rådgivar eller ein pensjonsrettleiar hjelpe deg med dette.
Maren Stangeland Oftedal, produkteigar sparing i SpareBank 1 SR-Bank.