Synast du pensjon er vanskeleg? Fortvil ikkje – her er alt du treng å vite om pensjon, forklart på ein enkel måte.
A |B | C | D | E | F | G | H | I | J | K | L | M | N | O | P | Q | R | S | T | U | V | W | X | Y | Z | Æ | Ø | Å
A
Avtalefesta pensjon (AFP)er ei pensjonsordning som du kan få i tillegg til tenestepensjon frå arbeidsgjevar Det fins to AFP-variantar; livsvarig AFP og førtidspensjon AFP.
Avkastningsrisiko, eller investeringsrisiko som det også blir kalla, er moglegheita for at pengane som er investerte, går ned eller aukar i verdi.
Eit aksjefond består av eigardelar i fleire børsnoterte selskap. Ved å spare i eit aksjefond, eig du indirekte aksjar i dei selskapa som fondet har investert i.
Aktiv forvaltning vil seie at profesjonelle forvaltarar følgjer nøye med på marknadsutviklinga og vel ut dei aksjane forvalteren meiner er gode kjøp. Målet er at fondet skal gå betre enn den generelle utviklinga i marknaden.
Alderspensjon er pensjonspengane du mottar når du sluttar å jobbe, som vanlegvis er frå 67 år. Alderspensjon er med andre ord løna di i framtida. Utbetalinga kan kome frå folketrygda, arbeidsgjevar og eiga pensjonssparing.
Avkastning betyr det du tener eller taper på ei investering.
B
Barnepensjon er pensjonsutbetalinga som barna får om ein av foreldra døyr. Utbetalinga kan kome frå folketrygda, arbeidsgjevar og/eller annan forsikringsavtale.
Å begunstige betyr å bestemme kven som skal få pensjonssparinga og forsikringspengane dine viss du døyr før pengane blir utbetalte.
E.
Eigen pensjonskonto er ein konto der all pensjonen din frå tidlegare og noverande arbeidsgjevarar blir samla. Eigen pensjonskonto gjeld for deg som jobbar, eller har jobba i ei bedrift med innskotspensjon med investeringsval.
Etterlattepensjon, òg kalla gjenlevandepensjon, er ei fellesnemning for ektefellepensjon og barnepensjon. Den sikrar deg inntekt viss du mistar ein ektefelle, partner eller sambuar med felles barn. Utbetalinga kan kome frå folketrygda, arbeidsgjevar og/eller annan forsikringsavtale.
F
Folketrygda er den grunnleggande pensjonsordninga i Norge. Når du jobbar og betaler skatt, sparer du samtidig opp til pensjonen din. Desse pengane får du utbetalt som alderspensjon når du sluttar å jobbe, tidlegast frå 62 år.
Fråtredelsesdato er den dagen du sluttar i ein jobb.
Eit fond består nemleg av fleire ulike verdipapir, som til dømes aksjar i børsnoterte selskap.
Ein fripolise er eit bevis på oppspart pensjon frå ein tidlegare jobb. Du får beviset når du sluttar i ein jobb som har spart til pensjon for deg i ordninga som kallast ytelsespensjon. Du kan òg ha ein fripolise om arbeidsgjevaren din har gjort endringar i pensjonsordninga.
Folketrygda sitt grunnbeløp er eit beløp som blir brukt ved berekning av pensjonar og andre rettar i folketrygda. Beløpet blir justert kvart år. Grunnbeløpet (G) per 1. mai 2023 er 118 620 kroner.
G
Garantert avkasting på pensjonssparinga di betyr at du er sikra ein bestemt minimumsavkasting på pensjonsinnskotet. Det kallast også garantert rente.
Garantipensjon, eller minstepensjon, er beløpet som folketrygda gir deg om du har hatt låg eller ingen opptening til alderspensjon i løpet av arbeidslivet.
Grunnpensjon er ein del av pensjonssystemet i folketrygda. Størrelsen på beløpet du mottar, blir berekna ut frå kor lenge du har vore medlem i folketrygda og om du er gift, har sambuar eller er einsleg.
H
Hovudforfall er tidspunktet for når pensjonsavtalane dine fornyast. Dette skjer ein gong i året.
Hybridpensjon er ein type pensjonsordning som kombinerer eigenskapar frå to andre pensjonsordningar; innskotspensjon og ytelsespensjon. Det betyr at pensjonsutbetalinga di består både av det som arbeidsgjevaren din har spart for deg (innskotspensjon), pluss pengar du arvar frå andre som døyr og er i same pensjonsordning (ytelsespensjon).
I
Indeks er i økonomisk samanheng eit måletal for prisutvikling av verdipapir, som for eksempel aksjar.
Indeksfond er aksjefond som følger ein referanseindeks, som for eksempel hovudindeksen på Oslo Børs. Indeksfond kallast også for passivt forvalta fond, fordi det ikkje er nokon personar (profesjonelle forvaltarar) som aktivt tek stilling til kva aksjar som skal kjøpast og seljast.
Eit innskotsfond er eit fond som er øyremerka innbetaling til bedrifta si innskotspensjonsordning.
Innskotspensjon er den vanlegaste forma for pensjonssparing for bedrifter i dag. Arbeidsgjevaren din betalar ein fast prosentdel som setjast av til pensjonen din. Arbeidsgjevar er pliktig til å spare minst 2% av den årlege løna di inntil 12 G (1 G = ).
Eit innskottsfritak er ei forsikringsdekning som kan bli gjeldande om du som tilsett blir ufør. Om bedrifta du er tilsett i, har ei innskots- eller hybridpensjonsordning, vil innskottsfritaket sørge for at sparinga til alderspensjonen din held fram med å bli innbetalt – sjølv om du er ufør.
IPS (individuell pensjonssparing med skattefordel) Viss du sparer 15.000 kroner i året i IPS, vil du få 3300 kroner trekt frå på skatten neste år. Pengane på IPS-kontoen er låste til du fyller 62 år.
K
Ein kollektiv pensjonsavtale er ein pensjonsavtale der bedrifta har ei pensjonsspareordning for sine tilsette, for eksempel innskotsspensjon.
L
Levealdersjustering betyr at alderspensjonen din blir justert etter forventa levealder for ditt årskull og dei åra som det kan bli forventa at du er pensjonist. Fordi ein forventar at levealderen vil auke over tid, må yngre menneske som regel jobbe litt lengre enn dei eldre for å få same pensjon.
Løpande pensjon betyr at pensjonen din er under utbetaling.
M
Å vere medlem i ei pensjonsordning betyr at du er tilsett i ei bedrift og medlem i pensjonsordninga til bedrifta.
Medlemstid er tida du som tilsett har vore medlem i ei pensjonsordning hos arbeidsgjevaren din.
N
Nedtrapping av risiko betyr at pensjonssparepengane dine gradvis blir flytta over til investeringar med lågare risiko når du næmar deg pensjonsalder. Vanlegvis betyr dette at delen av aksjefondet blir redusert. Har du ein alderstilpassa spareprofil hos oss, vil sparinga automatisk bli tillpassa alderen din,slik at du gradvis tek litt mindre risiko jo eldre du blir.
O
Alle arbeidsgjevarar må spare pensjon til sine tilsette. Dette kallast obligatorisk tenestepensjon, eller OTP. Dei er pliktige til å spare minst 2 prosent av di årlege lønn opp til 12 G. Den vanlegaste pensjonsordninga kallast innskotspensjon.
P
Pensjon er inntekta du skal leve av når du sluttar å jobbe og blir pensjonist.
Ein pensjonsbevis er eit bevis på din oppsparte pensjon. Du får eit pensjonsbevis når du sluttar i ei bedrift som sparer til pensjon for sine tilsette i ordninga som kallast hybridpensjon. Pengane utbetalast som ein del av den samla pensjonen din når du blir pensjonist.
Pensjonsforsikring vil seie dei månadlege utbetalingane du får når du går av med pensjon. Dei fleste andre typar forsikringar utbetalast som ein eingongssum.
Pensjonskapitalbevis er eit bevis på pensjonspengar du har opparbeidd deg i tidlegare jobbar du har hatt. Beviset vert oppretta viss du sluttar i ei bedrift som sparar til pensjon i ordninga som heiter innskotspensjon.
Pensjonsutbetaling er pengane du får utbetalt regelmessig frå pensjonsordninga di når du blir pensjonist. Kor mykje du får, avheng av kor mykje du har spart opp i pensjonsbehaldninga di.
Dersom du har valt passiv forvaltning av fonda dine, betyr det at det ikkje er nokon profesjonelle forvaltarar som aktivt tar stilling til kva aksjar som skal kjøpast og seljast. Målet med passiv forvaltning er å oppnå same avkasting som marknadsutviklinga og å halde kostnadane låge. Passiv forvaltning blir også kalla for indeksforvaltning.
Pensjonsalder er alderen din når du startar med pensjonsutbetaling. I Norge er den vanlegaste pensjonsalderen frå 67 år.
Ein pensjonsavtale er i jobbsamanheng ein avtale som fortel kva pensjonsordning du har, altså korleis arbeidsgjevaren din sparer til pensjon for deg. Ein pensjonsavtale kan også vere ein privat avtale som du sjølv set av pengar til. IPS er eit døme på ein privat pensjonsavtale.
Pensjonsbehaldninga di er summen av pensjonspengane du har tent opp. Denne oppteninga startar frå du fyller 13 år og er basert på inntekta di.
Du tener til alderspensjon i folketrygda ut frå den inntekta som står i skattemeldinga di. Denne inntekta kallast for pensjonsgjevande inntekt.
Pensjonsgrunnlaget er det beløpet som pensjonen din blir berekna ut ifrå. Kva delar av løna som tel med i berekninga, kan variere frå bedrift til bedrift.
Pensjonsinnskot er den delen av pensjonssparinga som arbeidsgjevaren din sparar for deg. Det vil seie at arbeidsgjevaren din set av ein prosentsats av løna di kvar månad. Minimum prosentsats er to prosent.
Ei pensjonsordning er ein plan eller eit system som organiserer korleis pensjonssparepengane dine blir handterte. Pensjonsordninga seier korleis pengane skal setjast inn, vekse over tid og korleis du får pengane utbetalt når du sluttar å jobbe. I Norge har vi fleire typar pensjonsordningar og den vanlegaste kallast innskotspensjon.
Pensjonspoeng høyrer til det gamle systemet for pensjonsberekning i Norge. I dagens system, innført i 2011, blir pensjonen din berekna ut frå ein prosentdel av all inntekt du har hatt gjennom arbeidslivet.
Pensjonsrettar er retten du har til å motta pengar frå ein pensjonsordning den dagen du sluttar å jobbe og blir pensjonist.
Pensjonstillegg er eit ekstra pengebeløp du får frå staten dersom du har jobba lite eller ikkje i det heile tatt. Dette tillegget heitte tidlegare særtillegg, og skal sikre at du får ein minimumspensjon.
Ein pensjonsytelse er pengane du mottar månadleg frå dine pensjonsspareordningar når du har blitt pensjonist. Det kan vere utbetalingar som kjem frå folketrygda, tidlegare arbeidsgjevarar og privat pensjonssparing.
R
Rentefond er eit samleomgrep på fond der pengane dine blir plasserte i lånepapir frå selskap, styresmakter og kommunar. Ved å spare i rentefond låner du i praksis vekk pengane dine til fleire selskap. Du tener pengar på renta som selskapa betalar på lånet.
Rentes rente-effekten oppstår når du får renter, ikkje berre på beløpet du starta sparinga med, men også på rentene som kvart år blir lagt til det opphavlege sparebeløpet ditt.
Risikodekning, også kalla risikoforsikring, er ei forsikring som gir deg eller dine etterlatne ein pengesum viss du blir ufør eller dør.
S
Særaldersgrenser er spesielle aldersgrenser som gjeld for visse yrke der du kan gå av med pensjon tidlegare enn vanleg pensjonsalder. Dette gjeld ofte for jobbar som er fysisk krevjande eller har høg risiko, som brannmenn eller politi.
Sjølvvalt eigen pensjonskonto gir deg moglegheit til å velje kva pensjonsleverandør du har sparepengane hos. Det kan gi deg fordelar som lågare kostnadar.
Ein spareprofil, òg kalla investeringsprofil, fortel korleis sparinga di er sett saman. Det er typisk ei blanding av aksje- og rentefond. Du kan sjølv velje denne fordelinga, noko som vil påverke risiko og avkastning på sparepengane dine.
T
Dersom jobben din sparer til pensjon hos oss, får du fordelar dersom du vel å spare til pensjon på eiga hand i tillegg – i IPS eller pensjonssparekonto. Fordelane får du i form av lågare kostnadar, betre oversikt og meir pensjon for sparinga di.
Tenestepensjon er ei pensjonsordning som vert finansiert ved at arbeidsgjevar set av ein avtalt del av lønna di til pensjonssparing. Offentleg tilsette har offentleg tenestepensjon, medan i privat sektor er det innskotspensjon som er vanlegast.
Tilleggspensjon er ein del av folketrygden sitt gamle system og gjeld personar som er fødde i 1962 eller tidlegare. Det er pengar som kjem i tillegg til grunnpensjonen og størrelsen på utbetalinga er basert på kor mykje du har tent og kor lenge du har jobba.
U
Uførekapital er den eine av to typar uføreforsikringar. Uførekapital vert utbetalt som ein eingongssum dersom du vert varig ufør, i motsetnad til uførepensjon som vert utbetalt som faste månadlege beløp ved midlertidig eller varig uføre.
Uførepensjon gir deg faste månadlege utbetalingar om du skadar deg eller blir for sjuk til å jobbe som før. Uførepensjon kan vere ein del av pensjonsordninga du har gjennom jobben din. Dette kjem i så fall i tillegg til uføretrygda frå NAV.
Uttaksalder er den alderen du kan begynne å ta ut pensjonspengane som du har spart opp. Dei fleste kan ta ut pensjon frå dei er 62 år.
Y
Ytelsespensjon er ei pensjonsordning som i dag er mest vanleg for dei som er tilsette i offentleg sektor og fødd før 1963. Du får utbetalt ein fast prosent av sluttlønna di når du går av med pensjon.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}