Om oss

folk foran eit bankskilt

Ny drakt, same lag

4. november blei vi SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Vi har fått ny logo og ny mobilbank, eller drakt om du vil. Men laget består framleis av våre dyktige tilsette. 

Å vere ein sjølvstendig bank i ein allianse, trur vi gjer at grunnmuren vår blir endå meir solid, og at vi vil stå oss stødigare i framtida. Denne investeringa sikrar oss som sjølvstendig lokalbank, og vi beheld alle avgjerslemoglegheiter lokalt. Samstundes vil vi vere sikra eit landsdekkande samarbeid som vil styrke banken og komme kundane til gode gjennom produkt og løysingar.

Fjerde kvartal 2024

  • Netto renteinntekter 401 mill. kr (381 mill. kr)
  • Resultat finansielle instrument -15 mill. kr (-11 mill. kr)
  • Driftskostnader 247 mill. kr (150 mill. kr)
  • Tap på utlån og garantiar 16 mill. kr (tilbakeført -1 mill. kr)
  • Resultat før skatt 161 mill. kr (260 mill. kr)
  • Resultat etter skatt 107 mill. kr (201 mill. kr)
  • Resultat etter skatt pr. EK-bevis 4,71 kr (8,98 kr)
  • Eigenkapitalavkastning etter skatt 5,4 % (11,7 %)
menneske på fjelltur

Samfunnsengasjement

Samfunnsengasjementet vårt har alltid vore sterkt. Vi er til for kundane våre og for å skape bulyst, aktivitet og begeistring. 

Vi har eit stort og aktivt sponsorarbeid, og dei to eigarstiftingane våre gir kvart år store pengegåver tilbake til lokalsfamfunnet i Sogn og Fjordane.  

Personvern

Ei av vår viktigaste oppgåve er å ivareta personvernet ditt på ein god og sikker måte. Dette er avgjerande for at du skal ha tillit til oss. 

dame med pc