to personar som snakkar i lag

Kvifor jobbe hos oss?

Vi ønsker å vere ein attraktiv og inkluderande arbeidsplass. Vi investerer i dei tilsette og legg til rette for kompetanseheving og etterutdanning om ein ønsker det. Fordi vi trur at ein medarbeider som utviklar seg er ein meirverdi, for alle. 

Vi tilbyr gode vilkår på lån og forsikingar, og alle nytilsette blir medeigar i banken ved at dei får tildelt ein startpakke med eigenkapitalbevis. 

Vi har eit aktivit bedriftsidrettslag og tilbyr refusjon på ulike startkontigentar og arrangement. Vi har flexitid og redusert arbeidstid frå mai til september. I tillegg har vi firmahytter rundt om i Sogn og Fjordane til utleige for tilsette. 

Kven er vi?

Hos oss jobbar det personar med mange ulike utdanningsbakgrunnar. Vi er med i traineeprogrammet til Framtidsfylket Vestland, og kvart år har vi mellom ein og tre traineear hos oss i ulike avdelingar.  

Hovudkontoret vårt ligg i Førde, og totalt har vi 13 kontor fordelt over heile Sogn og Fjordane, samt eitt kontor i Bergen.