Om banken
Banken skal tilføre kapital til sunne prosjekt for næringslivet og folk flest, slik at vi kan vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane, og bidra til vekst og utvikling. Vi skal også vere ein pådrivar for berekraftig utvikling.
Dette er oss
SpareBank 1 Sogn og Fjordane er den største banken i Sogn og Fjordane. Vi har i dag 13 salskontor fordelt i heile regionen, inkludert eit kontor i Bergen.
Vi har vakse til å bli den niande største sparebanken i landet og har nær 50 prosent av marknaden i Sogn og Fjordane. I dag er banken det største finansielle fagmiljøet mellom Ålesund og Bergen. I tillegg tilbyr dotterselskapet vårt, EiendomsMegler 1 Sogn og Fjordane, meklarteneste for kjøp og sal av eigedom.
Visjon og verdiar
Visjonen til SpareBank1 Sogn og Fjordane er å vere ei drivkraft for Sogn og Fjordane. Banken sitt viktigaste samfunnsansvar er å levere tilfredsstillande inntening, slik at vi kan vere ein finansiell muskel for lokalt næringsliv. Overskotet skal tilbake til regionen vår gjennom små og store løft innan næringsliv, utdanning, kultur, forsking, idrett og helse.
Sparebanken før og no
SpareBank1 Sogn og Fjordane har røter heilt tilbake til 1842 då Førde Sparebank blei skipa. I løpet av 180 år har vi fusjonert med over 20 lokale sparebankar og er framleis den største banken i Sogn og Fjordane.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium