![Par på cafe ser på hverandre](/content/dam/SB1/foto/bilder-produkt-kategorier/Kort/kredittkort-par-cafe-ser-pa-hverandre.jpg.thumb.1280.1280.jpg)
Om SpareBank 1- alliansen
SpareBank 1-alliansen er eit samarbeid mellom fleire bankar under felles merkevare SpareBank 1.
Organisering av samarbeidet
Samarbeidet er organisert gjennom dei felleseigde selskapa SpareBank 1 Gruppen AS og SpareBank 1 Utvikling DA med dotterselskapa deira, i tillegg til fleire andre direkte eigde selskap av SpareBank 1-bankane.
SpareBank 1 Gruppen AS
SpareBank 1 Gruppen AS er morselskapet til 5 dotterselskap som alle utviklar og leverer produkt til alliansebankane, som igjen tilbyr desse til kundar i lokalmarknadane sine. Eit deleigd selskap på 49 % LOfavør AS utviklar og leverer produkt til LO sine forbund og forbundsmedlemmer gjennom fordelsprogrammet LOfavør.
Dotterselskap
SpareBank 1 Forsikring AS
Fremtind Holding AS
SpareBank 1 Factoring AS
Kredinor AS (69 %)
SpareBank 1 Spleis AS
Desse eig selskapet
SpareBank 1 Sør-Norge ASA (19,5 %)
SpareBank 1 Nord-Norge (19,5 %)
SpareBank 1 SMN (19,5 %)
Samarbeidende Sparebanker AS (19,5 %)
SpareBank 1 Østlandet (12,4 %)
LO/fagforbund tilknytta LO (9,6 %)
SpareBank 1 Utvikling DA
SpareBank 1 Utvikling DA leverer forretningsplattformar og felles forvaltnings- og utviklingstenester til alliansebankane. Selskapet bidreg til felles aktivitetar som gir bankane stordrifts- og kompetansefordelar. Selskapet eig og forvaltar òg alliansen sine immaterielle rettar under felles merkevarenamn: SpareBank 1
Dotterselskap
EiendomsMegler 1 Norge AS
SpareBank 1 Kundesenter AS
Desse eig selskapet
SpareBank 1 Sør-Norge ASA (18%)
SpareBank 1 SMN (18%)
SpareBank 1 Nord-Norge (18%)
Samarbeidende Sparebanker Utvikling AS (18%)
SpareBank 1 Østlandet (18%)
SpareBank 1 Gruppen AS
SpareBank 1-bankane
Sparebank 1-bankane eig desse selskapa direkte.
BN Bank ASA
SpareBank 1 Boligkreditt AS
SpareBank 1 Forvaltning AS
Kredittbanken ASA
SpareBank 1 Næringskreditt AS
SpareBank 1 Markets AS
SpareBank 1 Betaling AS