SpareBank 1 Forvaltning blei etablert i 2021 for å samle og ytterlegare styrke satsinga på spare- og investeringsområdet i SpareBank 1.
Kapitalforvaltning Vi hjelper kundar med skreddarsydde forvaltningsløysingar og finansstrategi tilpassa behovet til den enkelte kunde.
Verdipapirtenester Vi bidrar med ei rekke tenester innanfor verdipapirmarknaden, mellom anna kontoførartenester og kontohald innanfor verdipapirmarknaden.
ODIN Forvaltning
Dotterselskapet ODIN Forvaltning er ein av Norges leiande fondsforvaltarar. Selskapet investerer langsiktig i berekraftige kvalitetsselskap. ODIN leverer eit breitt spekter av aksjefond, kombinasjonsfond og rentefond. Les meir om fonda her: Fondsoversikt ODIN
Porteføljeforvaltning
SpareBank 1 Forvaltning tilbyr individuell porteføljeforvaltning med fokus på kunnskap, resultat og gode kundeopplevingar.
Rapporteringsportalen vår
Du kan følge utviklinga på investeringane dine ved å logge inn på rapporteringsportalen Investrack.
Verda opplever store utfordringar knytt til berekraft. FNs berekraftsmål definerer retninga verda må ta. Bidraget vårt knytt til berekraft bygger på grunnfilosofien til SpareBank 1 der sparebankane er lokale, engasjerte og ansvarlege samfunnsaktørar.
SpareBank 1 som heilskap jobbar for å redusere sitt miljøfotavtrykk og støtte opp under berekraftig omstilling mellom anna gjennom produktutvikling, felles innkjøp og drifta av dotterselskapa.
Vi er eit nyetablert selskap, men med ressursane til Norges nest største finansgruppering i ryggen. Samfunnsoppdraget vårt er tydeleg: å auke sparinga i Norge.
For å få til det, ønsker vi til kvar tid å komme i kontakt med dyktige og ambisiøse menneske som tør å utfordre og tenke utanfor boksen.
Vil du bli ein del av vårt talentfulle og hyggelege arbeidsmiljø?
I tillegg til individuell porteføljeforvaltning, kan SpareBank 1 Forvaltning gi investeringsrådgjeving i avgrensa omfang, for kontantar og finansielle instrument som ikkje inngår i porteføljen.
SpareBank 1 Forvaltning AS
Postboks 778 Sentrum
0106 OSLO
Så snart vi har fått klaga, får du ei skriftleg stadfesting med informasjon om forventa saksbehandlingstid. I tillegg får du informasjon om rettane dine til å få ei klage behandla i ei klagenemnd.
Når vi behandlar klaga innhentar vi all relevant informasjon for å kunne gjere ein heilskapleg og grundig vurdering av den. I tillegg skal eventuelle interessekonfliktar identifiserast og bli avgrensa.
Du vil få svar på klaga innan to veker. Klarar vi ikkje å overhalde forventa behandlingstid, får du informasjon om grunnen til dette og når du kan forvente å få svar.
Når klaga di er ferdig behandla, får du skriftleg svar på om du har fått medhald eller avslag. Viss du ikkje er fornøgd med vedtaket, kan du ta saka vidare til Finansklagenemda.
Finansklagenemda er eit bransjebasert klageorgan som behandlar klagesaker mot bankar, forsikringsselskap, inkassoselskap, og andre finansselskap.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}