Frå 4. november er vi ein del av SpareBank 1-alliansen. Her er den viktigaste informasjonen du som kunde treng.
No er vi SpareBank 1 Sogn og Fjordane
Ny drakt, same lag
Mykje er nytt når vi går inn i ein stor nasjonal allianse. Mykje er likevel likt, og det viktigaste; folka våre og laget vårt er heilt likt.
Sjølv om vi er blitt med i ein allianse, er vi framleis ein sjølvstendig lokalbank med eit sterkt samfunnsengasjement. Vi er framleis til stades for lokalt næringsliv, for deg når du skal ta viktige avgjerder i livet, for dugnadsgjengen og idrettslaget, og for små og store idear som kan skape trivsel og bulyst.
Vi gler oss til å ta fatt på ein ny milepæl i historia vår som SpareBank 1 Sogn og Fjordane.
Spørsmål og svar
Kort, mobilbank og pålogging
Har du allereie fått nytt kort, er det klart til bruk med ein gang du får det. For å bruke det til netthandel må du aktivere det, og det gjer du i minibank eller i betalingsterminal i butikk.
Nokre kundar har ikkje fått dei nye korta endå, og vil snart få det tilsendt. I så fall fungerer framleis det gamle kortet ditt endå. Du beheld same PIN-kode som du har frå før.
Det gamle Visa Kredittkortet slutta å fungere 31. oktober. Det nye kortet er klart til bruk i butikk med ein gang du får det. For å bruke det nye kortet til netthandel, må du aktivere først. Det gjer du ved å bruke det i ein kortterminal i butikk, eller i ein minibank. Du kan også aktivere det i mobil- og nettbanken.
Du beheld same PIN-kode, og kredittgrense og saldo blir overført frå gamalt til nytt kort.
Du lastar ned mobilbanken der du vanlegvis lastar ned appar. For å aktivere den følger du instruksjonane som kjem opp i appen.
Om du allereie er kunde hos oss, treng du ikkje opprette nytt kundeforhold for å bruke mobilbanken. Du treng berre å laste ned mobilbank-appen og aktivere den. Treng du hjelp til å aktivere kan du ta kontakt med oss, eller kome innom eit av kontora våre.
Du beheld dei same kontonummera dine, og betalingsavtalane dine blir automatisk overført.
Mottakarregisteret vil bli overført til den nye nettbanken, slik at du ikkje mistar nokon lagra kontonummer. Dette gjeld både innanlands og utanlands mottakarregister.
Vi skal framleis tilby Apple Pay. Apple Pay vil vere på alle debetkorta våre, og du vil kunne bruke tenesta akkurat som før.
Pr. i dag har ikkje SpareBank 1 løysing for Apple Pay på kredittkort. Men det vil endre seg. Apple Pay blir tilgjengeleg i løpet av våren 2025, og vi vil gje beskjed så snart Apple Pay er på plass der også.
Fond og aksjar
Du vil framleis kunne kjøpe og selje fond i Norne som før. Gå til "Sparing" i den nye nett- og mobilbanken for å få tilgang til fonda dine.
På sikt vil vi flytte fonda dine over til SpareBank 1 Forvaltning, og du kjem til å behalde dei same fonda som du har i dag etter flyttinga. Frå midten av november vil vi innhente aksept for denne flyttinga, og du vil får meir informasjon om både aksepten og flyttinga seinare.
Du vil framleis sjå fonda til barna dine i Norne. På sikt vil fonda bli flytta over til SpareBank 1 Forvaltning. I midten av november vil vi innhente aksept for flyttinga, og du vil få god informasjon om dette etterkvart.
Spareavtalene du har i fonda vil halde fram som før.
På sikt skal vi byte fondsplattform, og då vil spareavtalane følge med automatisk. Dette får du meir informasjon om seinare.
I SpareBank 1 består ein aksjesparekonto av to eller tre element. Alle som opnar ein ASK, vil ein ASK-bankkonto og ei ASK-portefølje (til fondshandel). Skal du i tillegg ha aksjar på ASK-en din, vil du også få ein ASK VPS-konto. Alle desse kontoane samlast i ein ASK. som skattemeldast som ein heilheit. Du vil sjå alle tre samla i oversikta på Sparesida i nett- og mobilbanken. Skal du berre handle aksjar på ASK-en din, vil du uansett også få ei fondsportefølje, sjølv om du ikkje ønsker å handle fond. Dette er fordi SpareBank 1 sitt system er designa på denne måten, for å kunne skattemelde på ASK som ein heilheit.
Ei ASK-portefølje har alltid ein tilhøyrande ASK-bankkonto. Du kan ikkje bruke ein gamal ASK-bankkonto inn i ei ny ASK-portefølje.
Sjå fleire spørsmål og svar under videoane
Lån og rådgjeving
Du kan kome i kontakt med rådgjevaren din ved å sende melding i nett- eller mobilbanken. I tillegg kan du finne kontaktinformasjonen på nettsidene våre under "Finn kontor" nedst på sidene.
Låna du har i dag blir vidareført. Du vil finne låna dine i den nye nett- og mobilbanken. Her kan du til dømes endre forfallsdato, gjere ekstra innbetalingar eller endre belastningskonto.
Bedrift
Kontonummera blir dei same som før, sjølv om det blir nye kort. Bedrifta treng derfor ikkje endre noko i faktureringa.
Ja, de vil få tilgang til SpareBank1 Mobilbank Bedrift frå 4. november.
For å få tilgang til selskapet sine kontoar i denne mobilbanken, må de ha ein aktiv avtale om Nettbank Bedrift. Dersom de ikkje har dette frå før, må de bestille det.
De vil få eit eige visakort til bedrifta. Det blir ingen endring i Eurocard som kredittkort.
Integrasjon mot rekneskapsprogram som de har i dag vil fungere akkurat som før, utan at de treng å gjere noko. Nettbankavtalen dykkar blir flytta over i nye system med alle integrasjonar intakt.
Alle eigne kontonamn de har laga på kontoar i Nettbank Bedrift vil vere med over til den nye nettbanken. I ny nettbank kan de endre kontonamna ved å gå til Innstillingar → Endre kontonamn.
Mottakarregisteret vil bli overført til den nye nettbank bedrift, slik at de ikkje mistar nokon lagra kontonummer til leverandørar. Dette gjeld både innanlands og utanlands mottakarregister. De kan finne mottakarregisteret i den nye nettbanken ved å gå til Betale → Mottakarar.
Filstiane dine vil bli overført til ny nettbank bedrift, slik at de slepp å lage desse på nytt. De kan finne filstiane i den nye nettbanken ved å gå til Meny → Filer → Filoppsett.
Tilgangen til å sjølvbetent opprette klientkontoar vil forsvinne i den nye nettbanken. I staden vil de finne eit bestillingsskjema for klientkonto ved å gå til Meny → Snarvegar → Sjå meir på bestillsida i den nye nettbanken. Når bestillingsskjemaet er sendt, vil Bedriftssenteret raskt hjelpe dykk med oppretting av kontoen.
Kontogrupper vil følge nettbankavtalen, slik at dei vil vere heilt like i ny nettbank bedrift. De kan endre kontogruppene i den nye nettbanken ved å gå til Innstillingar → Endre kontogrupper.
Føretrekt betalingskonto er knytta til nettbankavtalen, og vil ikkje endre seg. De kan endre føretrekt betalingskonto i den nye nettbanken ved å gå til Innstillingar → Kontoinnstillingar. Her kan de velje å ha ein eigen føretrekt betalingskonto for innanlandsbetalingar, utanlandsbetalingar og lønnsutbetalingar.
Alle lønslister de har lagra vil bli overført til ny nettbank bedrift. I ny nettbank vil de finne lønslistene ved å gå til Meny → Mine tilsette → Løn.
Generelt
Vi er stolte over målforma vår, så nynorsken held vi sjølvsagt fram med. Vi skal også jobbe for å betre nynorsktilbodet i heile SpareBank 1-alliansen. Nettsidene våre vil vere på nynorsk, og det same vil chatrobot og dei aller fleste flatene du møter oss på. Mobilbank-appen er også tilgjengeleg på nynorsk. Gå inn i språkinnstillingane dine på telefonen etter at du har lasta den ned, der kan du endre til nynorsk.
Ingenting. Vi er stolte over samarbeidet vi har med nesten 50 ulike lag og organisasjonar i Sogn og Fjordane, og vi ser fram til at samarbeida held fram. Vi har starta jobben med å omprofilere klubbane våre, og skal sikre at vi gjer dette på ein god og berekraftig måte.
Sjølv om vi går inn i ein allianse, er banken framleis eigd av Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Fjaler og kundane våre. Dette sikrar at overskotet til banken går tilbake til lokalsamfunnet i Sogn og Fjordane, akkurat som før. Innskytarval til generalforsamlinga i banken og stiftingane vil også vere som før.
I alliansen blir banken ein del av Norges største eigedomsmeklingsselskap, EiendomsMegler 1. Det betyr at Eigedomsmekling Sogn og Fjordane som selskap vil vere som i dag, men får nytt navn. Endringa medfører lite endring for deg som kunde og vi vil tilby dei same gode tenestene.
Samtykke til marknadsføring
I overgangen til SpareBank 1 Sogn og Fjordane blir samtykka som du har gitt til marknadsføring vidareført i lag med kundeforholdet ditt, med eitt unntak:
Kva må du gjere?
Dersom du har svart ulikt på samtykkespørsmåla om å bruke djupneopplysningar til marknadsføring og å dele djupneopplysningar internt i konsernet, må du svare på nytt første gongen du loggar deg på ny nett- og mobilbank. Bakgrunnen for at du må svare på nytt, er at desse to spørsmåla er lagt opp som eitt spørsmål i den nye nett- og mobilbanken.
Kva blir som før?
Samtykka dine finn du i ny nett- og mobilbank frå 4. november. Eit samtykke frå deg er frivillig og kan når som helst endrast. Det gjer du under innstillingar – om meg – personvern. Hugs at ved å gi samtykke til marknadsføring kan vi forstå kva du treng og gje deg nyttig informasjon digitalt. Dersom du har spørsmål, ta gjerne kontakt med oss enten på 578 29700 eller send e-post til post@ssf.no
QA
Card, mobile bank and sign in
If you have already received a new card, it is ready for use as soon as you receive it. To use it for online shopping, you must activate it, and you do this at an ATM or in a payment terminal in a store.
Some customers have not received the new cards yet, and will soon receive them. In that case, your old card still works. You keep the same PIN code that you had before.
You can download the mobile bank where you usually download apps. To activate it, follow the instructions that appear in the app.
If you already are a customer with us, you do not need to create a new customer relationship to use the mobile bank. You just need to download the mobile banking app and activate it. If you need help to activate, you can contact us, or visit one of our offices.
Read more about the mobile bank here LINK
Your old Visa Credit Card stopped working on October 31st. The new card is ready for use in stores as soon as you receive it. To use the new card for online shopping, you must first activate it. You do this by using it in a card terminal in a shop, or in an ATM. You can also activate it in the mobile and online bank.
You keep the same PIN code, and the credit limit and balance are transferred from the old to the new card.
You will keep your same account numbers, and your payment agreements are automatically transferred.
Vi skal framleis tilby Apple Pay. Apple Pay vil vere på alle debetkorta våre, og du vil kunne bruke tenesta akkurat som før.
Pr. i dag har ikkje SpareBank 1 løysing for Apple Pay på kredittkort. Men det vil endre seg. Apple Pay blir tilgjengeleg i løpet av våren 2025, og vi vil gje beskjed så snart Apple Pay er på plass der også.
No, you will keep the BankID you already have, with the same password as before.
The recipient register will be transferred to the new online bank, so that you do not lose any stored account numbers. This applies to both domestic and foreign recipient registers.
Loans and advice
You can get in touch with your advisor by sending a message in the online or mobile bank. In addition, you can find the contact information on our website under "Finn kontor" at the bottom of the pages.
Funds and shares
You will still be able to buy and sell funds in Norne as before. Go to "Savings" in the new online and mobile bank to access your funds.
In the long term, we will move your funds over to SpareBank 1 Forvaltning, and you will retain the same funds as you have today after the move. From mid-November we will obtain acceptance for this move, and you will receive more information about both the acceptance and the move later.
The savings agreements you have in the fund will continue as before.
You will still see your children's funds in Norne. In the long term, the funds will be transferred to SpareBank 1 Forvaltning. In mid-November, we will obtain acceptance for the move, and you will receive good information about this afterwards.
You will receive a message from us with a relocation authorization in mid November. Sign this, and thus the funds will be transferred to the person you are protecting. NB: You must have SpareBank 1 Sogn og Fjordane's mobile and online banking.
Business
The account numbers will be the same as before, even if there will be new cards. The company therefore does not need to change anything in invoicing.
Yes, they will have access to SpareBank1 Mobilbank Bedrift from November 4th.
To gain access to the company's accounts in this mobile bank, they must have an active agreement on Nettbank Bedrift. If they do not already have this, they must order it.
You will get your own visa card for the company. There will be no change to Eurocard as a credit card.
Integration with the accounting program you have today will work just as before, without you needing to do anything. Your online banking agreement will be transferred to the new system with all integrations intact.
All your own account names you have created on accounts in Nettbank Bedrift will be transferred to the new online bank. In the new online bank, you can change the account name by going to Settings → Change account name.
The recipient register will be transferred to the new online banking company, so that you do not lose any saved account numbers to suppliers. This applies to both domestic and foreign recipient registers. You can find the recipient register in the new online bank by going to Pay → Recipients.
Your files will be transferred to the new online banking company, so that you don't have to create them again. You can find the file path in the new online bank by going to Menu → Files → File setup.
The access to create client accounts will disappear in the new online bank. Instead, you will find an order form for a client account by going to Menu → Shortcuts → See more on the order page in the new online bank. Once the order form has been sent, the Business Center will quickly help you set up your account.
Account groups will follow the online banking agreement, so that they will be exactly the same in the new online banking company. You can change the account groups in the new online bank by going to Settings → Change account groups.
Preferred payment account is linked to the online banking agreement, and will not change. You can change your preferred payment account in the new online bank by going to Settings → Account settings. Here you can choose to have your own preferred payment account for domestic payments, international payments and salary payments.
All payroll lists you have stored will be transferred to the new online banking company. In the new online bank, you will find the salary lists by going to Menu → My employees → Salary.
General
We are proud of our language, so we will of course continue with nynorsk. We will also work to improve nynorsk in the entire SpareBank 1 alliance. Our websites will be in nynorsk, and so will the chatbot and the vast majority of the surfaces you meet us on. The mobile banking app is also available in nynorsk. Go into your language settings on your phone after you have downloaded it, there you can change to nynorsk.
Nothing. We are proud of the collaboration we have with almost 50 different teams and organizations in Sogn og Fjordane, and we look forward to the collaboration continuing. We have started the job of rebranding our clubs, and will ensure that we do this in a good and sustainable way.
Even though we enter into an alliance, the bank is still owned by Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane, Sparebankstiftinga Fjaler and our customers. This ensures that the bank's surplus goes back to the local community in Sogn og Fjordane, just as before. Depositor elections for the general meeting in the bank and the foundations will also be the same as before.
In the alliance, the bank becomes part of Norway's largest property brokerage company, EiendomsMegler 1. This means that Eigedomsmekling Sogn og Fjordane as a company will remain as it is today, but will have a new name. The change entails little change for you as a customer and we will offer the same good services.
Consent to marketing
In the transition to SpareBank 1 Sogn og Fjordane, the consent you have given to marketing will be passed on along with your customer relationship, with one exception:
What do you have to do?
If you have answered differently to the consent question about using personal information for marketing and sharing personal information internally within the group, you must answer again the first time you log in to a new online and mobile bank. The reason you have to answer again is that these two questions are set up as one question in the new online and mobile bank.
What will be the same?
You can find your consents in the new online and mobile bank from November 4th. Your consent is voluntary and can be changed at any time. You do this under settings - about me - privacy. Remember that by giving consent to marketing we can understand what you need and give you useful information digitally. If you have any questions, please contact us either on 578 29700 or send an e-mail to post@ssf.no
Webinar med spørsmål og svar
4. november arrangerte vi webinar der vi gjekk gjennom spørsmåla som kundane våre lurte mest på den første dagen som SpareBank 1 Sogn og Fjordane. Sjå webinaret i opptak her.