Skatt på pensjon

Ein dag skal løna di erstattast med pensjon. Men kva skjer med skatten din når du går av med pensjon? Kor mykje må du betale i skatt på pensjonsutbetalingane dine? 

Pensjonist som luftar hunden sin
Eldre dame kikkar ut vindauge og tenker på pensjon

Må eg skatte av pensjon?

Ja, pensjon er skattepliktig inntekt og du må betale skatt av pensjonsutbetalingane dine.

Dei som betaler ut pensjon, trekker skatt på same måte som arbeidsgjevarar. Uførepensjon blir skatta som lønsinntekt, medan alderspensjon, AFP og etterlattepensjon blir skatta som pensjon.

Har du nettopp blitt pensjonist?

Det er Skatteetaten som bereknar skattetrekket ditt. Når du går over frå løn til pensjon, er det viktig å endre skattekortet ditt. Sjå kva du må gjere hos skatteetaten.no

Mottar du fleire utbetalingar?

Får du pensjon frå fleire selskap, som NAV, ei privat pensjonsordning eller tenestepensjon, blir pensjonsinntekta di lagt saman.

Det er den totale pensjonsinntekta som er grunnlaget for skatt.

Skatt på eiga pensjonssparing

Skattereglane varierer med produktet du har.
Pensjonssparekonto

Avkastinga på sparing i pensjonssparekonto er skattefri fram til du startar utbetaling. Når du tek ut pengane, blir aksjeavkasting skattlagd som aksjar og renteavkasting som renter.

Aksjeandelen på avtalen får årleg opparbeidd eit skjermingsfrådrag slik at delar av avkastinga ved uttak, blir skattefri. Pensjonssparekontoen er gjenstand for formuesskatt, men for andelen som er investert i aksjefond, får du ein

.

Les meir om pensjonssparekonto

Sparer du i IPS, får du 22 % av det du sparer tilbake på skatten. Sparer du maksbeløpet på 15.000 kroner i året, vil du få 3.300 kroner tilbake på skatten. Saldoen din er fritatt for formuesskatt. Dette betyr at beløpet du har ståande ikkje er gjenstand for formuesskatt.

Det er først ved uttak av sparinga at du blir beskatta. Utbetalinga blir skattlagd som alminneleg inntekt.

Les meir om IPS – Pensjonssparing med skattefordel

Utbetalinga blir beskatta som pensjonsinntekt.

Les meir om eigen pensjonskonto

Kva er skatt på pensjon?

Skatt på pensjon er skatten som blir trekt frå pensjonsinntekta di. Dette inkluderer alminneleg inntektsskatt og trygdeavgift.

For å finne ut kor mykje skatt du skal betale på pensjonen din, må du sjå på tre ting: minstefrådrag, skattefrådrag og trygdeavgift.

Minstefrådrag og alminneleg inntekt

Minstefrådraget er fast og blir trekt automatisk frå lønn, pensjon og anna inntekt i sjølvmeldinga. Dette frådraget reduserer den skattepliktige inntekta di.

Les meir om minstefrådrag på skatteetaten.no.

Skattefrådrag for pensjonistar

Grunnlaget for berekning av skattefrådraget er samla pensjonsinntekt, og gjeld for pensjonistar som får alderspensjon frå Folketrygden eller offentleg AFP.

Kombinerer du pensjon og arbeid, er det berre pensjonsinntekt som tel i berekninga av skattefrådraget.

Les meir om skattefrådrag på skatteetaten.no.

Trygdeavgift

Trygdeavgift for pensjonistar er ei avgift som blir trekt frå pensjonsinntekta di for å bidra til finansieringa av folketrygda.

Les meir om trygdeavgift på skatteetaten.no.

Skattekalkulator

Skattekalkulatoren hos Skatteetaten kan hjelpe deg å sjå kva du skal betale i skatt.

Gå til skattekalkulator hos skatteetaten.no

Kva lurer andre på?

 

Ser du etter skjema som høyrer til pensjonsløysingane våre?

Her finn du oversikt over våre pensjonsskjema,
enten det gjeld arbeidsuføre, dødsfall, uttak eller anna.

 

Skal du starte utbetaling av pensjonen din?

Her finn du informasjon og kan starte utbetaling