Tips og råd
5 tips til pensjonssparing
Det er mange spørsmål rundt pensjon og pensjonssparing. Éin ting som er heilt sikkert, er at du bør spare sjølv. Her får du fem smarte tips om kvifor og korleis du kan starte privat pensjonssparing.
Tips og råd
Det er mange spørsmål rundt pensjon og pensjonssparing. Éin ting som er heilt sikkert, er at du bør spare sjølv. Her får du fem smarte tips om kvifor og korleis du kan starte privat pensjonssparing.
Det viktigaste du gjer, er å spare til pensjon sjølv. Det kan du enten gjere med Pensjonssparekonto, IPS eller ved å velje fond sjølv. Jo tidlegare du startar privat pensjonssparing, jo betre økonomi får du når du går av med pensjon.
Veit du kor mykje du får i pensjon, og kor mykje du burde spare til pensjon sjølv? Sjå kor lett du kan få oversikt over heile pensjonen din i mobilbanken og nettbanken.
Nedbetaling av bustadlån eller dyre forbrukslån er den beste og tryggaste sparingen. Mindre gjeld betyr meir pengar for til dømes reiser og opplevingar.
Jo fleire år du arbeider, desto høgare pensjon får du frå Folketrygden og arbeidsgivar. I det offentlege bør du jobba til du er 67 år, viss du ikkje går av med AFP når du er 62.
Eigen pensjonskonto er ein konto der all din pensjon frå tidlegare og noverande arbeidsgivarar samlast. Pensjonskontoen gir deg betre oversikt over eigen pensjonssparing og gjeld for deg som jobbar i ein bedrift med innskotspensjon med investeringsval.
På din pensjonkonto får du samla pensjon frå:
Har arbeidsgivaren din valt oss som pensjonsselskap, får du automatisk eigen pensjonskonto hos oss. Då kan du sjølv velje delen aksjar i sparingen. Dette kallast spareprofil, og du kan endre profil sjølv i mobilbanken og nettbanken. Sjå kva sparekontoar du kan velje mellom.
Er du ung kan det lønne seg å ha fleire aksjar, som kan gi høgare avkasting. Når du passerer 40 år bør du vurdere ein mindre del aksjefond, for å minske risiko for tap.
Dei fleste kan forvente å få berre halvparten av dagens lønn i samla pensjon frå folketrygda og arbeidsgjevar. Derfor er det lurt å spare sjølv i tillegg.
Pensjonssparing blir levert av SpareBank 1 Forsikring
Sparer arbeidsgivaren din til pensjon hos oss? Då får du prisfordel på privat sparing i Pensjonssparekonto og Pensjonssparing med skattefordel (IPS).
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium