Tips og råd
Tips og råd
Betal ned lån eller spare?
Er det smartest å betale ned lånet eller spare? Det avhenger litt av kva slags lån du har. Det aller beste er om du klarer begge deler samstundes.
Tips og råd
Er det smartest å betale ned lånet eller spare? Det avhenger litt av kva slags lån du har. Det aller beste er om du klarer begge deler samstundes.
Viss du har kredittkortgjeld eller forbrukslån bør du prioritere å betale ned på desse låna først, då dette er dyre lån med høg rente.
Sjølv om du har forbruksgjeld bør du ikkje droppe sparinga. Du bør prøve å legge opp ein buffer til uventa utgifter. Plutseleg ryk vaskemaskina eller du får ei unormalt høg straumrekning, då er det lurt med litt pengar på lur. Vi anbefaler minimum ei månadslønn på konto til uventa utgifter.
Har du vurdert å samle kredittkort og forbrukslån i eit felles lån? Med refinansiering samlar du alle smålån på éin stad, får betre oversikt og sparar pengar.
Vi anbefaler at du først betalar ned på bustadlånet ditt til eit nivå du er komfortabel med, gjerne under 75 prosent av bustaden sin verdi. Etter det bør du:
Skal det løne seg å spare langsiktig medan du har lån, bør du spare i noko som gir deg høgare forventa avkastning enn renta på bustadlånet. Du kan til dømes setje sparepengane i fond.
Har du låg eller ingen gjeld? Har du bufferkonto til uforutsette utgifter? Då bør du sjå på andre måtar å spare på. Alderen din og ønska spareperiode avgjer korleis du bør spare.
Ved å betale ned på gjelda di samtidig som du også sparer litt, vil du få fleire økonomiske bein å stå på – i tillegg til eigenkapitalen i bustaden.
Vi anbefaler at du:
Kor mykje du burde spare avhenger av din økonomiske situasjon, men vi anbefaler at du prøver å spare 1/10 av det du får utbetalt i lønn.
Det viktigaste er ikkje kor mykje du sparer, men at du sparer. Start tidleg, så kan sjølv små summar vekse seg store over tid. Prøv å spare regelmessig og sett opp eit månadleg trekk den same dagen som du får lønn.
Dette med sparing og lån er ikkje alltid så lett. Vi er her for deg! Send oss ei melding på chat eller kontakt ein rådgjevar for hjelp.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium