Familie med sparekrukke

Tips og råd

Få stålkontroll på økonomien

Her får du våre beste tips til korleis du skaffar deg oversikt over økonomien din. Få kontroll på kva du kan bruke og kor mykje du skal betale.

Full kontroll på pengar inn og ut

Følar du at lønninga tar slutt overraskande fort? Eit budsjett kan hjelpe deg med å planlegge økonomien og få eit meir bevisst forhold til kva du bruker pengar på. Her finn du eit forslag til budsjett du kan bruke.

Med Min økonomi i nettbanken og mobilbanken får du verkeleg oversikt over korleis du bruker pengane dine. Alt du bruker blir delt opp i kategoriar, og det er enkelt å sjå kor mykje du bruker i løpet av ein månad. 

Under kvar kategori kan du også sjå kva du har betalt for og kor mykje. Ein gyllen moglegheit til å finne ut om du er fornøgd med pengebruken, eller om du kan spare nokre kroner her og der.

Her finn du Min økonomi:
  1. Logg inn i mobilbanken eller nettbanken.
  2. Vel ein konto
  3. Vel fana Min økonomi

Unner du deg ofte småting som kjøpekaffi, sjokolade, vatn på flaske, mat i kantina og liknande? Til saman utgjer desse lommetjuvane tusenvis av kroner i løpet av eit år. Ved å kutte litt på forbruket kan du få råd til andre ting du drøymer om.

Lag fleire kontoar for å organisere økonomien din. Lønnskonto, brukskonto, bufferkonto, sparekonto og rekningskonto. Kva du treng er opp til deg og det er lett å ordne i nettbanken og mobilbanken.

  • Set opp fast overføring frå lønnskontoen til rekningskontoen på det du gjennomsnittleg betaler på dei faste rekningane dine kvar månad, slik at du alltid har pengar til faste rekningar.
  • Set opp eFaktura på alle dei faste rekningane dine.
  • Set opp avtalegiro på dei rekningane du ikkje treng å sjekke.

Då kan det vere lurt med ein felles rekningskonto for alle felles rekningar. Det kan òg vere lurt med ein felles brukskonto for felles mat, og viss de sparer til noko de skal kjøpe eller gjere saman, er ein felles sparekonto greitt å ha. 

Du kan gi andre tilgang til kontoen din viss du vil, til dømes sambuar eller ektefelle. Du legg sjølv til disponentar til kontoane dine i nettbanken. 

Du kan òg invitere nokon som bruker ein annan bank til å sjå kontoane dine hos oss. Du vel sjølvsagt sjølv kva kontoar du ønsker å dele, og med kven. Den du ønsker å dele konto med vil berre få sjå saldo og bevegelsane på konto. Denne moglegheita gjeld berre på bruks- og sparekontoar.

Fleire gode tips

Er du ein av dei som har studielån i Lånekassen, men ikkje har heilt oversikt over kor mykje du har igjen å betale? No kan du sjå studielånet ditt i nettbanken og mobilbanken, og få oversikt over samla gjeld, renter og gebyr. Smart kva?

Les meir om korleis dette fungerer

  • Saldo Få varsel når det begynner å bli lite pengar igjen på konto, eller på eit fast tidspunkt i veka.
  • Betalingar Få varsel viss ei betaling blir stoppa. Då kan du ordne opp før du får purringar og gebyr. Du kan òg få varsel når eFaktura er klar til godkjenning. Desse kan du godkjenne på SMS.
  • Pengar inn på konto Få varsel når lønn, trygd eller beløp over ein størrelse du sjølv vel kjem inn på konto.

Du kan skjule kontoen frå oversikta di under kontoinnstillingar i nettbank og mobilbank. Då er det lettare å ikkje bli freista til å overføre frå sparepengane dine.

Kontoar i fleire bankar? Ikkje noko problem! No kan du enkelt legge til og betale med kontoar frå andre bankar i mobilbanken og nettbanken. På denne måten slepp du å logge inn fleire stader for å få full oversikt.

Les meir om å samle og betale med konto frå annan bank.

Har du fleire forbrukslån eller kredittkortgjeld kan det lønne seg å samle desse. Det gir færre gebyr og betre oversikt. 

Set opp ein plan for å kvitte deg med eksisterande kredittkortgjeld og dyre forbrukslån. Du betaler mindre kvar månad når du samlar alt i eitt lån og du ser lånet ditt i nettbanken og mobilbanken, då veit du alltid kor mykje du skuldar.

Det er heilt uforpliktande å søke om refinansiering. Når du får tilbod frå banken, kan du samanlikne og sjekke kor mykje du sparer opp mot det du har i dag, og på bakgrunn av dette vurdere om du vil akseptere tilbodet.

Sjekk om du bør refinansiere

Treng du hjelp til å skaffe deg betre oversikt over kvardagsøkonomien? Ta ein prat med ein av dei dyktige rådgjevarane våre.

Enkel tilgang til banken overalt - både heime og på farten

Mobilbanken er lett å bruke, og den raskaste måten å gjere dei mest vanlege banktinga på. Med mobilbanken har du alltid full kontroll og oversikt.

PST! Visste du at du kan sjekke saldo på 3 sekund frå mobilen, med fingeravtrykk? Du treng ikkje passord, kodar eller dingsar når du berre skal ha ei kjapp oversikt over økonomien!

Full oversikt over kredittkortet ditt

Med mobilbanken har du både full oversikt og kontroll over ditt Mastercard – kvar enn du er i verda.

Her kan du mellom anna:


Sørg for å ha pengar i reserve

Nokre gonger skjer det uventa ting; bilen må på reparasjon eller vaskemaskina sluttar å verke. Derfor er det viktig med ein bufferkonto til uventa utgifter. Vi anbefaler at du har buffer på ein til to månadslønner.


La sparinga gå av seg sjølv

Spar fast kvar månad

Spar til dømes 1000 kroner i månaden. Pengane blir overførte til sparekonto på same tid kvar månad.

Spar det du har til overs

Spar til dømes alt over 1000 kroner på lønnskontoen dagen før du får ny lønn. Beløpet blir flytta automatisk til sparekontoen.

Når du bruker kortet

Spar eit bestemt beløp, ein prosentdel av det du handlar for eller eit avrunda beløp kvar gong du bruker kortet.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }