Det kan verke freistande å spare nokre kroner på å seie opp forsikringane dine når du skal gjere kutt i kvardagsøkonomien. Men er det eigentleg noko du har råd til å gjere?
For å svare på spørsmålet: Du kan spare nokre hundrelappar, men til gjengjeld risikerar du å tape veldig mykje meir om helsa skulle svikte.
Forsikringane sikrar deg mot det uforutsette. Plutseleg skjer det noko som påverkar helsa di. Utan forsikring vil du ikkje få dekka opp det økonomiske tapet du får ved å ikkje kunne arbeide – og det kan koste deg veldig mykje meir enn du sparar. Det offentlege hjelp deg med å overleve, men ikkje med å leve. Det er fryktelig surt om til dømes eit nytt tilvære som ufør også skulle ta frå deg moglegheita til å behalde hus, bil eller fritidsaktivitetane til barna.
kva med helseerklæringa som må fyllast ut på nytt, viss du bestemmer deg for å gjenoppta personforsikringane på eit seinare tidspunkt? Dette kan medføre atterhald som ikkje eksisterar i dag, og prisen kan òg auke etter ei ny helsevurdering.
Det er ingen tvil om at tider med rentehevingar og prisstigningar merkast på lommeboka. Mange opplev å få ein strammare økonomi, med høgare straumrekningar, dyrare daglegvarer og høgare bustadslånsrente. Då er det absolutt verdt å ta ein gjennomgong av økonomien. Still deg sjølv spørsmålet om kor du kan spare pengar som ikke går på bekostning av forsikringane dine.
Er du bekymra for økonomien anbefalar vi deg å kontakte oss – slik at vi saman kan sjå på kvarr du kan spare.