Jente som sit på golvet og tenker.foto

Tips og råd

Slit du økonomisk?

Det å slite økonomisk er ikkje noko du bør sitje med åleine. Viss du ikkje får privatøkonomien til å gå rundt er det viktig at du tar tak i situasjonen. Det er første skritt på vegen til å få økonomien på stell.

Slik kan banken hjelpe deg

Vi er her – bruk oss. Viss du ikkje får betalt rekningane dine, og du ikkje klarer å løyse det på eigenhånd, bør du kontakte oss så tidleg som mogleg. Då blir det enklare for rådgjevarane våre å finne gode løysingar for deg.

Vi kan mellom anna: 

  • hjelpe deg med å få oversikt over økonomien.
  • sjå om du kan få avdragsfridom, betalingsutsetjing eller gjere endringar på lånet.
  • undersøke moglegheitene for refinansiering.
  • skaffa oversikt over forsikringane dine, og kva grep du eventuelt kan ta her.
  • sette på frivillig kredittsperre.