Ungt par på visning

Tips og råd

Kva viss eg blir arbeidsledig?

Er du redd for å bli arbeidsledig? Her finn du gode råd for ein tryggare kvardag. 


Planlegg økonomien din

Viss inntekta di går ned, krev det at du planlegg økonomien din på nytt.

Ein god stad å starte, er å finne ut kor mykje du kan forvente å få inn på konto. 

  • Er lønna di redusert? Kva er den nye lønna? 
  • Er lønna di erstatta av dagpengar? Kor mykje dagpengar får du? 
  • Kva andre inntektskjelder har du: Husleige, barnetrygd, skattepengar, feriepengar? 
  • Kan du skaffe deg andre inntektskjelder: Har du noko du kan eller bør selje? Kan du skaffe deg anna arbeid? 
  • Har du betalingsforsikring, som kan hjelpe deg å redusere utgiftene i denne perioden? 

Har du ein buffer, eller andre sparepengar? Altså pengar du har lagt til side for ein regnversdag. Før du bruker av sparepengane, bør du tenke over: 

  • Kor stor er bufferen? 
  • Kor er bufferen din plassert? Kan du bruke av den umiddelbart eller er det nokon avgrensningar? 
  • Hugs at bufferen berre kan vere til hjelp ein periode. Den viktigaste jobben er å setje utgiftene til eit nivå du kan tole på sikt.

Viss inntektene ikkje strekker til, er nok svaret at du må redusere utgiftene. Denne jobben handlar ofte om bevisste val. Tenk over kva utgifter du kan kutte heilt og kva du kan redusere:

  • Mat er ein av dei største utgiftene i eit hushald: Set opp ein middagsplan og eit matbudsjett. Følg med på tilbod. 
  • Bruk restane og tøm fryseboksen, nettet gir mange gode tips for å redusere matsvinnet.  
  • Kan du redusere køyrelengda på bilforsikringa di? 
  • Skal du ha ein periode utan å kjøpe nye klede? I staden kan du bruke noko du ikkje har brukt på lenge, eller låne av andre? 
  • Er det nokre tenester du ikkje bruker og som du kan få refundert no? 
  • Kor mykje bruker du på snus, snop, flaskevatn og på cafe? Full oversikt over forbruket ditt kan du også finne i Økonomien min i mobilbanken og nettbanken

Avdragsfritak kan vere til god hjelp viss inntekta går ned ein periode. Ver likevel oppmerksam på at den totale kostnaden på lånet aukar ved bruk av avdragsfritak. 

Les meir om avdragsfritak 

Kva bruker du pengane dine på?

Eit budsjett kan hjelpe deg med å få eit meir bevisst forhold til pengane du får inn og kva du bruker pengar på. Her finn du eit forslag til budsjett du kan bruke.

Full oversikt med Min økonomi

Min økonomi gir deg ei god oversikt over kor mykje du har brukt på til dømes daglegvarer, lån, kafebesøk og andre ting. Bestem deg for kva utgifter du skal kutte.

Her finn du Min økonomi

Logg inn i mobilbanken eller nettbanken.

Vel Økonomien min i oversikta


Ikkje spar på sparinga

Det kjennest ikkje alltid like lett, men det er smart å ha litt ekstra pengar på kontoen viss det dukkar opp uventa utgifter, eller viss du får lågare lønn. Kor mykje du sparar kjem an på kor mykje du har råd til.  

Sparerettleiaren i mobilbanken og nettbanken hjelper deg til å finne sparinga som passar for deg.

Førebu deg – viss du kan

Merkar du at rekningsbunken veks, og at kontoen er tom før lønningsdagen? Har du mista delar av inntekta på grunn av arbeidsløyse, sjukdom eller samlivsbrot? Her får du gode råd for å få orden på økonomien.

Du kan alltid kontakte oss for å be om hjelp, og jo tidlegare du ber om råd, jo lettare er det å finne ei løysing du kan leve med. Ikkje sit med bekymringane dine åleine, snakk med oss. Vi er her for å hjelpe!

Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }