Livsforsikring
Gje dine næraste økonomisk tryggleik vidare i livet – viss det verste skulle skje.
Gje dine næraste økonomisk tryggleik vidare i livet – viss det verste skulle skje.
Sikkerheit for å behalde hus og heim.
Dine næraste får utbetaling uansett årsak til dødsfallet.
Norges beste personforsikringar i 2024.
Viss du døyr kan det få store økonomiske konsekvensar for familien din som sit att. Livsforsikring gir dei moglegheita til å ha same økonomiske levestandard som før. Dei kan betene bustadlånet, betale ned gjeld, bli buande same stad og barna kan fortsette på same skule og fritidsaktivitetar.
Ei livsforsikring sørger for at økonomien ikkje er det som set ein stoppar for at livet går vidare.
Livsforsikring dekker dødsfall, uansett årsak.
Dine etterlatne får ein skattefri eingongssum viss du døyr før du blir 80 år. Du får anbefalt ein forsikringssum basert på bustadgjeld og årsinntekt. Du vel kven som skal motta utbetalinga.
For å kjøpe livsforsikring må du vere mellom 16 - 79 år, og fylle ut ei helseerklæring.
Når du kjøper ei personforsikring er det lovpålagt å levere helseopplysningar. Dette gjer du ved å svare ærleg på alle spørsmåla i helseerklæringsskjemaet.
Har du allereie livsforsikring hos oss, kan det vere ulikskapar i kva som vert dekka. Då må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Dei aller fleste av oss med partner og barn er avhengige av begge to sine inntekter for å kunne dekke felles gjeld og utgifter. Det kan bli utfordrande for den gjenlevande å sitje igjen med kun ein inntekt viss partneren skulle dø. Livsforsikring vil kunne bidra til at den som blir att, kan betale ned gjeld og utgifter som før.
Visste du at viss ein av familiens forsørgjarar dør, går ofte utgiftene berre litt ned, medan inntektene blir betydeleg redusert?
Ein livsforsikring blir gjerne kalla ein gjeldsforsikring, av den grunn at den hjelper den gjenlevande med å betjene eller nedbetale gjeld. For å finne ut om de har behov for livsforsikring, kan det vere lurt at du og partneren din ser på inntektene og gjelda de har no, og korleis økonomien ville vore med berre éin inntekt. Kontakt oss så hjelpa vi dykk gjerne med å vurdere dette saman.
Begunstigelse betyr at du vel kven som skal motta livsforsikringssummen din dersom du døyr. Den begunstigede personen får utbetalinga, og kan bruke den til å nedbetale gjeld og dekke utgifter ved din død.
Det er mange husstandar i Norge som er avhengig av to inntekter, og som må gjere store økonomiske endringar om ein av inntektene forsvinn. I ytterste konsekvens betyr det at hen må selje huset og andre eigedomar.
Viss du har ei livsforsikring – anten i form av ei privat livsforsikring (individuell), ei kollektiv livsforsikring (via forbund) eller ei gruppelivsforsikring (via arbeidsgjevar), bør du velje kven som skal vere begunstiga. Viss du ikkje har valt kven som skal vere begunstiga, vil forsikringssummen følge arverekka di. Det er viktig å hugse at sambuaren din ikkje automatisk er ein del av arverekka di med mindre de er gifte eller registrerte partnarar.
Du kan legge til fleire personar som begunstiga om du ønsker. Då får kvar person si andel av forsikringssummen viss du døyr. Dette gjer du anten når forsikring blir kjøpt, eller du kan endre det i etterkant ved å fylle ut eit skjema for begunstigelse.
Velg først kva type livsforsikring du har, av gruppelivsforsikring, LOfavør grunnforsikring eller privat livsforsikring.
Gruppelivsforsikring er det same som livsforsikring, for dei tilsette. Forskjellen er at det er bedrifta eller organisasjonen som administrerer og betaler for forsikringa – kalla kollektiv forsikring. Forsikringane utbetaler ein eingangssum dersom den tilsette dør, til den avdøde sin ektefelle/sambuar og arvingar. Den tilsette kan sjølv bestemme kven som skal ha rett på utbetalinga ved å sende inn erklæring for begunstigelse.
Gruppelivsforsikringa kan også kjøpast for den tilsette sin ektefelle eller sambuar (kalla kryssforsikring), som då også vil gi den tilsetteutbetaling ved partners dødsfall.
Gruppelivsforsikring vs livsforsikring
Er du tilsett kan du både ha gruppelivsforsikring via jobben og di eiga private livsforsikring. Begge forsikringane vil bli utbetalt i henhald til vilkåra.
Dobbel forsikring betyr at du har to av same forsikring. Mange er dobbeltforsikra utan at dei er klare over det. Verken forsikringsselskapa eller forsikringsformidlarar kan heller ikkje vite dette, då denne informasjonen ikkje delast mellom dei.
Ved dobbel forsikring på skadeforsikringane dine vil du aldri få dobbel utbetaling ved skade. Mens ved dobbel forsikring på personforsikringane er utbetalingane annleis. Du kan for eksempel ha to livsforsikringar (eller fleire), og alle saman vil utbetalast ved dødsfall, i henhald til vilkåra.
Kva kan eg gjere?
Mistenkjer du at du er dobbeltforsikra, anbefalar vi deg å kartlegge alle forsikringane dine.
Er du usikker kan du kontakte oss så skal vi prøve å hjelpe deg å rydde opp. Det kan også hende det lønner seg å samle alle forsikringane ein stad.
Overforsikra/underforsikra
Ved overforsikring betyr det at du har unødvendige forsikringar, dobbeltforsikring eller for høg forsikringssum. Ved underforsikring betyr det at du risikerer sjølv å betale for ein del av risikoen du i utgangspunktet ønskjer å vere forsikra mot. Eit eksempel på å vere underforsikra: Du kjøper eit hus og forsikrar dette. Etter nokre år bygger du garasje på den same tomta, men gløymer å legge til garasjen i forsikringsavtalen for huset. Ved skade på hus og garasje vil du måtte betale for skadene på garasjen sjølv.
Kor stor livsforsikringssum du bør ha, blir påverka blant anna av inntekta di og gjelda til den som blir sittande att etter dødsfallet ditt. Inntekta seier noko om kor mykje gjeld og utgifter den etterlatne klarer å betene.
I tillegg til inntekt og gjeld er det også viktig å tenke på kven som har rett på arv etter deg. Arvelova regulerer kven som arvar deg og korleis arven skal fordelast.
Har de barn saman vil dette påverke utgiftsnivået, og barna sin alder vil igjen påverke lengda på dette utgiftsnivået. For mange bør livsforsikringa vere stor nok til at heile gjelda vert sletta, for å kunne oppretthalde ein god økonomisk levestandard.
Når du skal velje kor stor livsforsikringssum du ønsker skal stå i forsikringsavtalen, bør du mellom anna tenke på:
For at dei etterlatne skal sleppe ubehagelege overraskingar, skaff dykk ei oversikt. Livsforsikring saman med testament kan kome godt med for å handtere eit arveoppgjer.
Er du usikker, hjelper vi deg gjerne med å få oversikt og velje rett sum for deg og din partnar. Kontakt oss for ein prat.
Nei, utbetalinga av ein livsforsikring er skattefri. Dine etterlatne får altså utbetalt heile forsikringssummen frå din livsforsikring dersom du døyr.
Sjå også
Skadeforsikringar registrert på avdøde forblir aktive heilt til dei blir sagt opp. Før skifteattesten er klar, kan avdødes kontoar nyttast til å betale fakturaer for mellom anna forsikringar, husleie, straum, telefon, restskatt og begravelse.
Ved eigarskifte må ny eigar kjøpe eiga forsikring, og fullmektig på dødsbuet må gi oss beskjed om å avslutte forsikringane til avdøde. Les meir om kva du må gjere med dødsbuet
Kontakt oss på telefon, så hjelper vi deg.
Ved krav om utbetaling av personforsikring må dødsfallet meldast til Fremtind
Har nokon i næraste familie gått bort?
Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.