"Idiotforsikring" er eit anna namn for uhellsforsikring eller uflaksforsikring. Altså erstatning viss du ved uhell får skade på tinga dine. Hos oss har du såkalla "idiotforsikring" inkludert i innbuforsikringa (topp).
Mange butikkar tilbyr eigne "idiotforsikringar" eller såkalla tryggleiksavtalar for produkta dei sel, typisk for elektronikk. Skal du ha ein slik avtale for kvar mobil, nettbrett, pc, tv osb. kan det fort bli frykteleg dyrt. I mange tilfelle vil du også vere dobbeltforsikra viss du kjøper eigne forsikringar for dette.
Har du topp innbuforsikring har du ein uhellsforsikring med dekning for typiske uhell.