liten familie med far og to døtrer leikar i hagen ein solskinnsdag

TIPS OG RÅD

Mi livsforsikring

Takk for at du har livsforsikringa di hos oss!

Livet er i stadig endring, og endring i livssituasjon kan krevje tilpassingar av forsikringane dine. Vi har samla ein del nyttige tips og råd om livsforsikringa di, og spørsmål som det er lurt å ta stilling til.


Er vi kryssforsikra?

Livsforsikringa vil aldri ta bort sorgen etter eit dødsfall, men den sørger for at økonomien til dei etterlatne ikkje blir ein ekstra belastning. Dei får moglegheita til å behalde huset og unngå å flytte. Kanskje har du barn som kan fortsette på same skule og i dei same fritidsaktivitetane. Men kva om du er den etterlatne? Har din partner sørga for din økonomiske tryggleik?

Beløpet som blir utbetalt frå ei livsforsikring kan brukast som ein sjølv ønsker. Mange vel å bruke pengane på:

  • nedbetale bustadlån for å kunne leve av ei inntekt
  • kjøpe seg tid frå jobb og kvardag for å ta vare på seg og sine
  • sikre seg og familien økonomisk spelerom i åra framover

Kven får utbetalinga frå livsforsikringa mi?

Då du kjøpte livsforsikringa spurde vi sikkert om kven som skulle ha utbetalinga. Kanskje det er lenge sidan no, og det har skjedd ting sidan? 

Begunstigelse betyr at du vel kven som skal motta livsforsikringssummen din dersom du døyr. Du kan velge éin eller fleire som er begunstiga på ei livsforsikring.

Ektefeller har ein fordel som ikkje sambuarar har; livsforsikringar som ikkje er begunstiga nokon, går alltid til ektefellen. Du treng altså ikkje å begunstige den du er gift med.

Sambuarar må derimot begunstigast for å vere sikre på å motta utbetalinga. Utan begunstigelse risikerer du at utbetalinga i staden går til livsarvingar som barn eller foreldre.

Har de særkullsbarn er det også nokre viktige ting de må ta stilling til.


Har eg riktig livsforsikringssum?

Kor store livsforsikringssummar de bør ha, påverkast blant anna av inntekta til den som blir sittande igjen. Inntekta seier noko om kor mykje gjeld og utgifter den etterlatne klarar å betene. For mange bør livsforsikringa vere stor nok til at heile gjelda vert sletta, for å kunne oppretthalde ein god økonomisk levestandard.

I tillegg til inntekt og gjeld er det også viktig å tenke på kven som har rett på arv etter deg. Er de sambuarar eller har de særkullsbarn, er dette spesielt viktig å ha eit forhold til.

For å sleppe ubehagelege overraskingar, skaff dykk ei oversikt. Livsforsikring saman med testament kan kome godt med for å handtere eit arveoppgjer.


Kan eg ha fleire livsforsikringar?

Du kan ha fleire livsforsikringar som utbetalast ved dødsfall. Det er faktisk mange som har fleire livsforsikringar utan at dei har tenkt over det. Livsforsikringar kan ha mange namn og opphav:

Om du har nokre av desse forsikringane bør du undersøke forsikringssummane og vilkåra. Summane kan vere store, små og stige eller synke i takt med alderen din. Byter du jobb, forbund eller partnar bør du sjekke på nytt om du er godt nok dekka.

Er du usikker, hjelper vi deg gjerne med å få oversikt.


Bør eg seie opp forsikringa når eg treng å spare pengar?

Det kan verke freistande å spare nokre kroner på livsforsikringa når du skal gjere kutt i kvardagsøkonomien. Før du tar dette skrittet, er det viktig å vere klar over eit par vesentlege ting:

  • Har du inkludert økonomien til dei du eventuelt etterlet deg, i reknestykket? 
  • Kva med helseerklæringa som må fyllast ut på nytt, viss du bestemmer deg for å kjøpe livsforsikring igjen på eit seinare tidspunkt? 
    Ny helsevurdering kan føre til at du ikkje får kjøpe, avgrensingar du ikkje har i dag, eller auka pris.

Det er ingen tvil om at tider med rentehevingar og prisstigingar merkast på lommeboka. Mange opplev ein strammare økonomi, med høgare straumrekningar, dyrare daglegvarer og høgare bustadlånsrente. Då er det absolutt verdt å ta ein gjennomgang av økonomien, og vi hjelp deg gjerne.


Kva lurer andre på?

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }