Yrkesskadeforsikringa gir økonomisk erstatning til ein tilsett som får ein yrkesskade. Dette kjem i tillegg til det folketrygda utbetaler. Den dekker alle dei tilsette i bedrifta - både heiltids- og deltidstilsette.
Kva dekker yrkesskadeforsikring?
Yrkesskadeforsikringa dekker: | Yrkesskade/yrkessjukdom |
Varig medisinsk invaliditet | ✔ |
Arbeidsuføre |
✔ |
Dødsfall | ✔ |
Tap av inntekt | ✔ |
Påførte utgifter (utgifter fram til erstatning er gitt) | ✔ |
Fremtidige utgifter | ✔ |
Psykologisk førstehjelp innan 24 timar | ✔ |
På veg til og frå arbeid | Tilleggsdekning |
Mén-erstatning under 15 % | Tilleggsdekning |
Auka ménerstatning | Tilleggsdekning |
Auka erstatning ved død | Tilleggsdekning |
Dekningsoversikt
Påførte utgifter
Påførte utgifter dekkast fram til oppgjerstidspunktet.
Framtidige utgifter
Framtidige utgifter dekkast individuelt.
Skadelidtes alder: |
Eingongserstatning: |
Under 35 år | 21 x årlege utgifter |
Mellom 35 og 49 år | 19 x årlege utgifter |
Mellom 50 og 59 år | 16 x årlege utgifter |
Mellom 60 og 69 år | 14 x årlege utgifter |
Over 70 år | 8 x årlege utgifter |
Tapt inntekt
Tapt inntekt i tida fram til oppgjerstidspunktet blir erstatta individuelt.
Tap av framtidig inntekt
Vi reknar ut det framtidige inntektstapet på grunnlag av den pensjonsgivande inntekta den tilsette hadde året før skaden eller sjukdommen blei konstatert.
Inntektsgrunnlaget for berekninga: | Grunnerstatning: |
Til og med 7 G | 22 G |
Over 7 G til og med 8 G | 24 G |
Over 8 G til og med 9 G | 26 G |
Over 9 G til og med 10 G | 28 G |
Over 10 G | 30 G |
Erstatningsbeløpet ved 100 % ervervsmessig uføre blir berekna slik i høve til grunnerstatninga:
- Er den tilsette 45 eller 46 år, stemmer erstatninga til grunnerstatninga.
- For kvart år den tilsette er over 46 år, gjerast eit frådrag som utgjer 5 % av grunnerstatninga. Erstatninga skal likevel utgjere minst 10 % av grunnerstatninga.
- Er den tilsette 35-44 år, forhøgast erstatninga for kvart år den tilsette er yngre enn 45 år med 3,5 prosent av grunnerstatninga.
- Er den tilsette 34 år eller yngre, forhøgast erstatninga for kvart år den tilsette er yngre enn 35 år med 2,5 prosent av grunnerstatninga. I tillegg forhøgast erstatninga med 35 prosent av grunnerstatninga.
Ménerstatning
Dersom ein tilsett får varig medisinsk mén som følge av yrkesskade eller yrkessjukdom kan den tilsette ha rett til ménerstatning. Ménerstatning rekner vi ut frå graden av medisinsk invaliditet. Vi utbetaler erstatning på grunnlag av redusert livskvalitet og ut frå kva forsikringssum arbeidsgjevar har avtalt med oss. Standarddekning (etter lov om yrkesskadeforsikring) er 4.5 G (grunnbeløp) og blir berekna ut ifrå invaliditetsgrad.
Erstatning ved dødsfall
Eingongserstatning til partner
Erstatning til ektefelle eller sambuar ved dødsfall er 15 G. For kvart år avdøde var over 46 år, reduserast erstatninga med 5 prosent, maks 80 % reduksjon.
Eingongserstatning til barn
Erstatning til barn under 20 år ved tap av forsørgar er fastsett slik:
Barnets alder då forsørgaren døde: | Erstatning: |
Under 1 år | 6,5 G |
1 år | 6 G |
2 år | 6 G |
3 år | 5,5 G |
4 år | 5 G |
5 år | 5 G |
6 år | 4,5 G |
7 år | 4 G |
8 år | 4 G |
9 år | 3,5 G |
10 år | 3,5 G |
11 år | 3 G |
12 år | 2,5 G |
13 år | 2,5 G |
14 år | 2 G |
15 år | 2 G |
16 år | 1,5 G |
17 år | 1,5 G |
18 år | 1 G |
19 år | 1 G |
Erstatninga blir berekna særskilt for kvart barn. Var avdøde eineforsørgar, får barnet dobbel erstatning.
Gravferdsbidrag
Kostnadar ved gravferda blir erstatta med 0,5 G. Dette gjeld sjølv om avdøde ikkje etterlet seg personar som har krav på erstatning for tap av forsørgar.
Tilleggsdekningar
Arbeidsgjevar kan utvide yrkesskadeforsikringa med tilleggsdekningar, som gir dei tilsette ekstra tryggleik.
- Utvide forsikringa til å dekke medisinsk invaliditet etter småskadar. Det vil seie skadar som fører til under 15 % medisinsk invaliditet.
- Auke forsikringsbeløpet for dekning av ménerstatning og erstatning ved dødsfall.
- Utvide forsikringa slik at den også gjeld for skadar som skjer på direkte veg mellom heimen og arbeidsplassen, og/eller staden der den tilsette er på oppdrag for arbeidsgjevar.
Melde yrkesskade
Har du eller nokon av dine næraste vore utsett for skade eller sjukdom?
Utvida yrkesskadeforsikring
Du kan utvide yrkesskadeforsikringa med tilleggsforsikringar.
Forsikringa dekker dine tilsette for andre sjukdomar/lidingar enn yrkessjukdomar.
Fritidsulykkesforsikring gjer at dine tilsette også er dekt resten av døgnet.
Sjukelønnsforsikring dekker lønn til tilsette med avtale om full lønn ved sjukemelding.