Ved varig medisinsk invaliditet kan du ha krav på ménerstatning.
Ménerstatning
Kva er ménerstatning?
Ménerstatning er erstatninga ein kan ha krav på ved varig medisinsk invaliditet som følge av sjukdom eller ulykke som har skjedd i arbeid eller fritid. Har du fått påvist varig medisinsk invaliditet kan du ha krav på ménerstatning både frå folketrygda og frå forsikring, avhengig av om skaden skjedde i arbeidstid eller på fritid.
Ménerstatning reknast ut ifrå invaliditetsgrad, og erstatninga varierer frå kva forsikring og tilleggsdekningar du har via arbeidsgjevar.
Invaliditetstabell
Ménerstatning reknar vi ut frå invaliditetsgrad. Vi utbetaler erstatning på grunnlag av redusert livskvalitet og ut frå kva forsikringssum arbeidsgjevar har avtalt med oss.
Tabellane viser standard grunndekking (erstatning) etter lov om yrkesskade. Det er viktig å hugse at arbeidsgjevar kan ha valt høgare summar enn dei som kjem fram i tabellane. I tillegg kjem justering for alder.
Invaliditetstabell - Yrkesskadeforsikring
Medisinsk invaliditet: | Yrkesskadeforsikring (beløp): |
1 - 15 % | Tilleggsdekning |
15 - 24 % | 0,75 G |
25 - 34 % | 1,00 G |
35 - 44 % | 1,50 G |
45 - 54 % | 2,00 G |
55 - 64 % | 2,50 G |
65 - 74 % | 3,00 G |
75 - 84 % | 3,75 G |
85 - 100 % | 4,50 G |
Skade som er betydeleg mykje større enn ein skade med invaliditetsgrad på 100 % | 5,50 G |
Invaliditetstabell - Annan sjukdom
Medisinsk invaliditet: | Annan sjukdom (beløp): |
50 - 100 %* | Avtalt sum - opptil 40 G |
*I samanhengande tidsrom på 2 år som følge av sjukdom
Invaliditetstabell - Fritidsulykkesforsikring
Medisinsk invaliditet: | Fritidsulykke (beløp): |
1 - 15 % | Tilleggsdekning |
15 - 24 % | 0,75 G |
25 - 34 % | 1,00 G |
35 - 44 % | 1,50 G |
45 - 54 % | 2,00 G |
55 - 64 % | 2,50 G |
65 - 74 % | 3,00 G |
75 - 84 % | 3,75 G |
85 - 100 % | 4,50 G |
Melde ménerstatning
Du får utbetalt erstatning ved varig medisinsk mén som følge av yrkesskade eller yrkessjukdomar via yrkesskadeforsikringa. Har du fått påvist varig medisinsk mén av legen kan du ha krav på utbetaling både frå folktrygda og frå forsikringa til arbeidsgjevar.
Har du hatt ulykke på fritida som har ført til varig medisinsk mén kan du ha krav om utbetaling frå folketrygda. Du kan òg få utbetaling dersom bedrifta har fritidsulykkesforsikring som dekker dette.
NAV og forsikringsselskapet
Dette må meldast til NAV og forsikringsselskapet i to separate prosessar. Først må du melde ifrå til arbeidsgjevar Arbeidsgjevar har plikt til å sende skademelding til NAV. Viss arbeidsgjevar ikkje har gjort dette, kan du melde skaden eller sjukdommen sjølv hos NAV.
Det er arbeidsgjevar som må melde erstatningskrav til forsikringsselskapet der bedrifta har kjøpt yrkesskadeforsikring, utvida yrkesskadeforsikring (annan sjukdom) eller fritidsulykkesforsikring.
Kva lurer andre på?
Yrkesskade er fysiske og psykiske skadar og sjukdomar som fører til medisinsk invaliditet, arbeidsuførheit eller død. Ein yrkesskade oppstår som følgje av arbeidssituasjonen. Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad. Belastningsskader eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskader.
Har bedrifta yrkesskadeforsikring hjå oss kan denne òg utvidast med forsikring for anna sjukdom og fritidsulukesforsikring.
Har du fått påvist ein godkjent yrkesskade har du krav på utbetaling både frå folketrygda og frå yrkesskadeforsikringa. Meld yrkesskade til Fremtind.
Yrkesskadeforsikring er ei personalforsikring/yrkesforsikring som arbeidsgivar er lovpålagt (lov om yrkesskadeforsikring) å kjøpe til dei ansatte. Er du sjølvstendig næringsdrivande er det frivillig å kjøpe yrkesskadeforsikring.
Yrkesskadeforsikringa kan ikkje kjøpast av NAV, men kan kjøpast av banken din (forsikringsselskapet). Ved yrkesskade kan du vere dekka både frå forsikringsselskapet og NAV. Det er difor viktig at du melder ifrå om yrkesskade både til forsikringsselskapet og NAV.
Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff. Yrkesskader inkluderer både fysiske og psykiske skader og sjukdomar.
Som hovedregel er ikkje belastningsskader å ansjå som yrkesskader, og er difor ikkje dekka av yrkesskadeforsikringa. Har bedrifta yrkesskadeforsikring hos oss kan denne òg utvidast med forsikring for annan sjukdom, fritidsulykke og sjukelønn.
Les meir om kva som dekkast av yrkesskadeforsikringane.
Ønsker du å kjøpe yrkesskadeforsikring for dine tilsette?
Ved yrkesskade blir erstatningsbeløpet berekna i folketrygdens grunnbeløp (G) og du kan ha krav på erstatning for:
- Påførte utgifter
- Framtidige utgifter
- Tapt inntekt
- Tap av framtidig inntekt
- Ménerstatning
- Eingangserstatning ved død, til partner og barn + gravferdsbidrag
For forsikringssummar sjå: Kva dekker yrkesskadeforsikring?
Les også:
Belastningsskader er definert som skader, plager og lidingar knytt til muskel- og skjelettet, som har utvikla seg gradvis over tid på grunn av overbelastning eller feil belastning.
Som hovudregel er ikkje ein belastningsskade å ansjå som ein yrkesskade, og er difor ikkje dekka av yrkesskadeforsikring, etter yrkesskadeforsikringslova.
Dersom arbeidsgivar har utvida yrkesskadeforsikring med annan sjukdom, kan du ha rett til erstatning frå denne forsikringa.
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er medisinsk invaliditet?
Kor mykje får den tilsette i yrkesskadeerstatning?
Kva er yrkesskadeforsikring?
Medisinsk invaliditet betyr at du har mista delar av den normale kroppsfunksjonen din. Døme på medisinsk invaliditet er at du har:
- mista syn
- mista høyrsel
- rykt fremre korsband
- fått ein kneskade
- amputert ein finger
Medisinsk invaliditet vert bedømt ut frå eit gradsystem frå 1 til 100 prosent. Har du for eksempel fått ein kneskade i form av kneleddsartrodese/ankylose vil det gi deg ein invaliditetsgrad på 20 %, medan tap av fremre korsband gir 5 % invaliditetsgrad, basert på invaliditetstabellen hos lovdata.no.
Har du skada deg er det legen din som reknar ut kva invaliditetsgrad du har. Har du fått påvist varig medisinsk mén av legen kan du ha krav på utbetaling både frå folktrygda og frå forsikringa til arbeidsgjevar. Varig medisinsk invaliditet kan vere dekka av følgjande forsikringar:
- Yrkesskadeforsikring
- Reiseforsikringane
( heilårs reiseforsikring for tilsette og privat reiseforsikring og enkeltreiseforsikring) - Ulykkesforsikringane
(kollektiv ulykke, annan sjukdom, kollektiv barneulykke, landbruksulykke og privat ulykkesforsikring)
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er belastningsskadar?
Kva dekker reiseforsikringa i samband med ulykke?
Barn som skadar seg i barnehage?