Barneforsikringa gir økonomisk tryggleik for deg og barnet i tida etter sjukdom eller ulykke. Barneforsikringa dekker blant anna utbetaling ved utvalde sjukdomar, dagpengar ved sjukehusinnlegging, gratis helsetelefon og psykolog, ombygging av bustad og tekniske hjelpemiddel.
I tillegg er det inkludert ei livsforsikring og ei uføreforsikring.
Forsikringa gjeld for barnet, fram til hen fyller 26 år.
På datoen «barnet» fyller 26 år vert barneforsikringa automatisk avslutta, men går no over på ulykkesforsikring og uføreforsikring. Les meir om kva som gjeld for ditt barn.
Kven mottar utbetalinga?
Dekkes av Barneforsikring
Dersom barnet er under 18 år på utbetalingstidspunktet går utbetalinga til forsikringstakar. Viss «barnet» er over 18 år, får «barnet» utbetalinga. Ved død vert erstatninga utbetalt til forsikringstakar.
Utbetaling av uføreforsikringane kan tidlegast starte ved fylte 18 år.
Utbetaling ved utvalgte sjukdomar
I nokre tilfelle oppstår behov for ekstra fri frå jobb eller andre utgifter i samband med at barnet ditt blir sjukt.
Kronisk nyresjukdom med varig svekka nyrefunksjon som krev dialysebehandling.
Organtransplantasjon
Dekkes av Barneforsikring
Transplantasjon av hjarte, lunger, lever eller nyre, med langtkomne og kroniske organsvikt.
Alvorleg hjerneskade
Dekkes av Barneforsikring
Alvorleg hjerneskade som følgje av sjukdom eller ulykke som gir varige nevrologiske eller nevropsykologiske utfall. Diagnose stilt av nevrolog, nevrokirurg eller barnelege.
Amputasjon
Dekkes av Barneforsikring
Amputasjon av fot ved ankelledd, eller større del av beinet.
Amputasjon av hand ved handleddet, eller større del av armen.
Alvorleg brannskade
Dekkes av Barneforsikring
Brannsår, forfrysningar eller etsingar. Alvorlegheitsgrad og utbreiing av brannskaden må dokumenterast av spesialisthelsetenesta.
Andre dekningar
Utvida stønad
Dekkes av Barneforsikring
Dersom foreldra får hjelpestønad frå NAV, vil barneforsikringa gi ei utvida støtte i tillegg. Maks pengestøtte er 2 G per år i maks 5 år.
Varig skade etter ulykke
Dekkes av Barneforsikring
Ved fysisk skade for resten av livet vert ei eingongsutbetaling betalt ut basert på kor alvorleg skaden er. Full utbetaling på 25 G blir gitt ved 100 % varig medisinsk invaliditet.
Forsikringa dekker behandlingsutgifter og reiseutgifter. Som regel dekker NAV behandlingsutgiftene, men det NAV ikkje dekker, blir dekt av forsikringa.
Erstatningsbeløpet er inntil 1 G per ulykkestilfelle.
Hjelpemiddel og ombygging av bustad
Dekkes av Barneforsikring
Viss barnet får ein varig sjukdom eller skade som gir behov for hjelpemiddel eller tilpassing av bustad, kan forsikringa erstatte tiltak med inntil 3 G.
AV1 skulerobot
Dekkes av Barneforsikring
Mange langtidssjuke barn føler seg isolerte og synest det er leit å miste kontakten med vener og skule. Med vår barneforsikring får barnet vere med vennene sine frå sjukesenga via AV1-roboten.
Gratis helsetelefon
Dekkes av Barneforsikring
Ring Dr.Dropins medisinske telefon gratis – uansett kva du lurer på.
Sjukepleiarar hjelp deg med det meste, men viser det seg at du treng å snakke med ein lege kan du bli sett vidare til videokonsultasjon med lege.
Mange unge har periodar der det kan vere fint å snakke med nokon andre enn familie og vener. Barn over 16 år får inntil 5 gratis videosamtalar med ein kvalifisert psykolog, per år.
Tenesta er gratis for både deg, ektefelle/sambuar og barn under 26 år som framleis bur heime.
Tilleggsdekningar
Uførekapital
Dekkes av Barneforsikring
Viss barnet blir minst 50 % varig arbeidsufør vert det utbetalt ein eingongssum på 8 G. Utbetalinga går til barnet og skjer tidlegast den datoen barnet fyller 18 år.
Viss barnet ditt har vore minst 50 % sjukmeldt i 12 månadar samanhengande, vert 1/12 av forsikringssummen utbetalt kvar månad – heilt fram til barnet vert friskmeldt eller fyller 67 år.
Utbetalinga går til barnet og startar tidlegast den datoen barnet fyller 18 år.
Eigenandelar
Eigenandel
Barneforsikringa har som hovudregel ingen eigenandel, men det trekkast eigenandel ved to dekningar:
Reise- og behandlingsutgifter har ein standard eigenandel per skadetilfelle på 1.000 kroner.
Ombygging av bustad og støtte til tekniske hjelpemiddel har ein standard eigenandel per skadetilfelle på 1.000 kroner.
Det må fyllast ut ei helseerklæring for kvart barn. Dersom barnet er eldre enn 15 år bør barnet vere med å fylle ut helseerklæringa.
For premature barn/låg fødselsvekt (1500-2000 gram), kan det ikkje søkast om barneforsikring før barnet har gjennomført eittårskontroll ved helsestasjonen. Ved lågare fødselsvekt enn 1500 gram må du vente til fireårskontrollen er gjennomført.
Adoptivbarn frå land utanfor Vest-Europa: Barnet må ha gjennomført undersøkingar anbefalt av Norsk Barnelegeforening. Ved fråvær av undersøking må barnet ha budd eitt år i Norge.
I sjeldne tilfelle der sjukdomsbildet til barnet er komplisert kan vi dessverre ikkje tilby barneforsikring. Då vil du bli tilbydd ei barneulykkesforsikring.
Er barneforsikring nødvendig? Blir det ikkje godt ivaretatt av norsk helsevesen?
Barneforsikringar handlar ikkje om behandlinga av sjukdom/ulukke. Det handlar om situasjonen som kjem i etterkant. Barneforsikringa gjer det økonomisk enklare for barnet og familien i tida etter sjukdom eller ulukke.
Viss barnet ditt ikkje kan jobbe som vaksen, blir barnet i praksis minstepensjonist og må klare seg med uføretrygd frå NAV. Denne trygda er mykje lågare enn ei gjennomsnittleg lønning. Derfor anbefaler vi deg ei barneforsikring som også dekker uførleik, sidan det vil gje barnet ein betre økonomisk situasjon også som vaksen.
Er det lenge sidan du kjøpte barneforsikringa, og ønsker den nyaste forsikringa?
Kontakt oss for meir informasjon om kva som er nytt og forbetra i dagens barneforsikring, og for hjelp til å oppgradere til nyaste versjon.
Gratis samtalar med psykolog
Treng dottera eller sonen din å snakke med nokon om vanskelege tankar, uro eller stress?
Mange unge har periodar der det kan vere fint å snakke med nokon andre enn familie og vener. Unge over 16 år får no gratis videosamtalar med ein kvalifisert psykolog i barneforsikringa.
Forsikringa inneheld 5 gratis samtalar hos Dr.Dropin per år.
Vårt forsikringsselskap Fremtind har Norges beste barneforsikring ifølgje bytt.no. Barneforsikringa har også fått gode utmerkingar i fleire andre kåringar.
Dr.Dropin helsehjelp er ein gratis og døgnopen rådgjevingstelefon for deg med barneforsikring. Det er ingen spørsmål som er for store eller små. Profesjonelt helsepersonell kan hjelpe deg og barnet ditt med spørsmål om mellom anna:
Vi har inkludert AV1 robot i vår barneforsikring. Det betyr at barnet ditt no kan få vere med vennene sine frå sjukesenga viss barnet skulle bli langtidssjukemeldt.
Barneforsikringane dekker insulinavhengig diabetes mellitus. Diagnosen skal vere stilt av barnelege eller indremedisinar.
Skulle barnet få diabetes, så vil forsikringane gi ein eingongsutbetaling når diagnosen er stilt. Om NAV på bakgrunn av auka pleiebehov innvilgar hjelpestønad, supplerer barneforsikringa stønad med å utbetale utvida støtte. Størrelsen på utbetalinga avheng av stønadssatsen frå NAV, og kan maksimalt kome opp i 10 G.
Barneforsikringa varar fram til barnet fyller 26 år.
På datoen «barnet» fyller 26 år vert barneforsikringa automatisk avslutta. Samtidig blir det oppretta nye forsikringar (kalla fortsettingsforsikring). Sjølve barneforsikringa blir erstatta av ei ulykkesforsikring, medan uføredelen blir erstatta med uføreforsikring for vaksne.
«Barnet» treng ikkje å fylle ut nytt helseerklæringsskjema. Forsikringssummane blir rekna ut ifrå grunnbeløpet på 26-årsdagen, som per dags dato er på 118.620 kroner. Den nye ulykkesforsikringa får ein forsikringssum lik 15 gonger grunnbeløpet (118.620 x 15). Det same gjeld for uførepensjonen, der forsikringssummen blir rekna ut frå om barneuførepensjonen er på 0,5 G, 0,8 G eller 1 G. Ved uførepensjon på 1 G i barneforsikringa, blir reknestykket enkelt: 118.620 kroner.
«Barnet» kan velje å auke forsikringssummane seinare viss hen har tilstrekkeleg inntekt, men det vil krevje ei ny helsevurdering.
Helseforsikring og barneforsikring dekkjer samtalar med psykolog Har du eller barnet ditt behov for å snakke med nokon om vanskelege tankar, uro, stress eller liknande, kan samtalar med psykolog kanskje hjelpe. Forsikringane våre inneheld ein psykologteneste som gir moglegheita til å ha inntil 5 gratis videosamtalar i året, med ein kvalifisert psykolog hos Dr.Dropin.
Videokonsultasjon med psykolog er inkludert i følgjande forsikringar:
Helseforsikring og yrkesskadeforsikring dekkjer psykologisk førstehjelp
Psykologisk førstehjelp er rask psykisk hjelp etter alvorlege og traumatiske hendingar. Om du opplev for eksempel ulykke, vald eller plutseleg dødsfall, kan dette gi tunge psykiske påkjenningar. Enten du sjølv blir involvert, eller blir vitne til hendinga, kan slike opplevingar føre til at du reagerer med intense kjensler.
Psykologisk førstehjelp er inkludert følgjande forsikringar:
Prisen for barneforsikringa våre varierer frå kva dekningar og forsikringssum du vel. Du må bestemme om du vil ha uførepensjon eller ikkje. Viss du vel uførepensjon, kan du velje mellom forsikringssum på anten 0,5 G eller 1 G kvart år. Du kan tilpasse barneforsikringa etter økonomien din og behov og sjå pris før du bestemmer deg for å kjøpe.
Etter du har kjøpt barneforsikringa til barnet må du fylle ut eit lovpålagt helseerklæringsskjema.
Dersom du allereie har barneforsikring ein annan stad, bør du lese reglane for flytting av personforsikringar før du seier opp barneforsikringa i det andre selskapet.
Nokre tenkjer nok at barneforsikring er unødvendig og bortkasta pengar, ettersom vi har eit offentleg helsevesen i Noreg som prioriterer barn. Det er i og for seg sant at barna våre er godt dekte, og det er kanskje her den største forvirringa rundt barneforsikring oppstår. Barneforsikring er ikkje istadenfor, men eit supplement til den offentlege støtta vi får.
Kvifor treng eg barneforsikring? Barneforsikringar handlar ikkje om behandlinga av sjukdom eller skader etter ulykke. Det handlar om situasjonen som kjem i etterkant. Barneforsikringane gjer det økonomisk enklare for barnet og familien i tida etter sjukdom eller ulykke.
Uføreforsikring for barn
Om barnet ditt aldri får moglegheit til å delta i arbeidslivet på grunn av sjukdom eller ulykke, kan ei barneforsikring med uførepensjon utgjere ein stor forskjell. Det vil gje barnet ein betre økonomisk situasjon også som vaksen.
Hvis barnet ditt ikkje kan jobbe blir hen i praksis minstepensjonist og må klare seg med uføretrygd frå NAV. Denne uføretrygda er vesentleg lågare enn ein gjennomsnittleg lønning. Difor bør du velje ei barneforsikring som også dekkjer uførhet.
Ein barneforsikring er først og fremst ein økonomisk forsikring for barnet ditt. Ei barneforsikring gir økonomisk tryggleik viss barnet ditt skulle bli alvorleg sjuk eller utsett for ei ulykke.
Den viktigaste dekninga i ein barneforsikring er uføredekninga. Dersom barnet ditt ikkje kan jobbe som vaksen, blir hen i praksis minstepensjonist og må klare seg med uføretrygd frå NAV. Denne trygda er mykje lågare enn ein gjennomsnitts lønning. Ein barneforsikring vil då kunne gi barnet ein mykje betre økonomisk situasjon som vaksen.
Ja, mange premature barn kan få barneforsikring. Ved svært låg fødselsvekt kan det imidlertid vere nødvendig å vente til barnet har vokst litt, før vi kan vurdere om barneforsikring kan tilbys.
Ved fødselsvekt mellom 1500 gram og 2000 gram, kan det søkjast om barneforsikring etter barnet har gjennomført eittårskontroll ved helsestasjonen. Barn med lågare fødselsvekt enn 1500 gram må vente til fireårskontrollen er gjennomført før de kan søkje om barneforsikring.
I kva grad det har vore fødselskomplikasjonar eller ved andre forhold knytt til barnets helsetilstand, vil også påverke vurderinga. For barn som ikkje kvalifiserar for barneforsikring, kan vi tilby barneulykkesforsikring.
Nokre gonger er barna uheldige og påfører skadar på andre personar eller andre sine ting. Det kan også gjelde for deg eller partnaren din. Då kan du bli rettsleg erstatningsansvarleg for skaden, og det er her ansvarsforsikringa kjem inn. Det skal for øvrig veldig mykje til før barn under 12 år blir erstatningsansvarlege. Dei fleste forsikringar har ei ansvarsdekning inkludert, som til dømes hus-, hytte-, reise- og innbuforsikring.
For å vite kven som er inkludert i forsikringa må du logge inn å sjå forsikringsavtala under den aktuelle forsikringa.
Når kan du bli ansvarleg for skade?
Om du får ansvaret for skade på andre personar eller tinga deira, kan det fort bli dyrt. Det kan for eksempel skje dersom du, partnaren din eller borna dine:
er uoppmerksame i skibakken og skadar ein annan person
går tur med hunden og den angrip og skadar ein annan hund i parken
syklar i gata, skrapar opp og skadar ein parkert bil
er på utanlandsreise og skadar andre personar eller tinga deira
Det kan vere greitt å vite at det berre er aktlause handlingar som dekkast av forsikringane. Forsettlege handlingar (når noko gjerast med viten og vilje) eller tilfeldige uhell ingen har skuld i, er ikkje dekka. Det kan også bli avslag eller avkortning ved påverknad av for eksempel alkohol.
Har det skjedd ein skade? Ansvarsforsikringane dekkar mykje, men dei dekkar ikkje alt. Det betyr mellom anna at dersom du ikkje er juridisk erstatningsansvarleg etter ein skade, så dekkar heller ikkje forsikringane kravet frå den andre parten.
G eller grunnbeløpet i folketrygda er beløpet alle ytingar i folketrygda blir rekna ut frå. Grunnbeløpet blir også brukt til å rekne ut utbetalingar i samband med private pensjonsytingar og forsikringar, som for eksempel uførepensjon, uføredekninga i barneforsikringa og ménerstatning i yrkesskadeforsikringa.
Grunnbeløpet justerast 1. mai kvart år og blir fastsett i Stortinget, men blir først offentleggjort rundt 20. mai. Det nye grunnbeløpet får tilbakeverkningskraft til 1. mai same år. Det vil seie at grunnbeløpet som vart fastsett for 1. mai 2024 varer fram til 1. mai 2025. Vi bruker grunnbeløpet for at utbetalingane du mottar skal vere like mykje verdt i framtida.
Reiseforsikring med familiedekning gjeld for barn inntil 21 år som har folkeregistrert adresse heime. Reiseforsikringa gjeld uavhengig av om de reiser saman eller kvar for seg.
Barn som er dekka:
Barn og stebarn*
Fosterbarn
Barn du har vergeansvar for
Barnebarn og oldebarn som reiser i følgje med deg, utan foreldre.
*Som høyrer til din husstand og som har folkeregistrert adresse hos ein av foreldra.
Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}