Uførepensjon
Uførepensjon sikrar deg eit fast månadleg beløp ved midlertidig eller varig uførleik, i tillegg til det du får frå NAV.
Uførepensjon sikrar deg eit fast månadleg beløp ved midlertidig eller varig uførleik, i tillegg til det du får frå NAV.
Forsikring gjennom jobb? Sjå uførepensjon bedrift
Uføreforsikring består av uførepensjon og/eller uførekapital.
Viss du ikkje kan jobbe lenger som følgje av at du vert ufør, vil du få uføretrygd frå NAV. Men dei vil ikkje dekke heile inntekta di. Uførepensjon (også kalla uførerente) gir deg månadleg utbetaling ved minst 50 prosent varig eller midlertidig uførleik, fram til du vert 67 år.
Forsikringssummen baserer seg på inntekta di og kan dekke inntektstapet du får ved at du ikkje får full lønn frå NAV. Uførepensjonen kan også kombinerast med uførekapital.
Uførepensjon gir deg ei månadleg utbetaling fram til pensjonsalder.
Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Når kan eg kjøpe uførepensjon? | ||
Når vert forsikringa avslutta? | ||
Symptomklausul | ||
Kva dekker forsikringa? | ||
Utbetaling frå 50 % uførleik | Dekkes av Uførepensjon | |
Arbeidsretta behandling | Dekkes av Uførepensjon | |
Om utbetalinga | ||
Når startar utbetalingane? | ||
Når vert utbetalingane avslutta? | ||
Kor mykje får eg utbetalt? | ||
Deler de av overskotet? | ||
Må eg betale skatt? | ||
Er det eigenandel? |
Dei første 12 månadane du er sjuk får du sjukepengar frå NAV. Etter denne perioden går du over på arbeidsavklaringspengar (AAP), før du eventuelt går over på uføretrygd.
For detaljar sjå "Kva skjer før eg blir uføretrygda?"
Kva dekker NAV? | Kor mykje får du? | Kor lenge varar det? |
Sjukmeldt | Sjukepengar som tilsvarar lønn inntil 6 G* | Inntil 12 månadar |
Arbeidsavklaring | AAP tilsvarar 66% av inntekt inntil 6 G* | Inntil 3 år (+ 2 år i spesielle tilfelle) |
Ufør | Uføretrygd tilsvarar 66% av inntekt inntil 6 G* |
Fram til alderspensjon |
*Gradert etter arbeidsevne. G = Folketrygda sitt grunnbeløp (124.028 kroner). Mange arbeidsgjevarar betalar full lønn i perioden du er sjukmeldt.
Har du uføreforsikring hos oss frå før, kan det vere ulikskapar i kva som blir dekka. Då må du logge inn og sjekke vilkåra som gjeld for deg.
Her kan du laste ned vilkåra som gjeld viss du kjøper forsikring i dag.
Er det lenge sidan du kjøpte uføreforsikringa, og ønsker den nyaste forsikringa?
Kontakt oss for meir informasjon om kva som er nytt og forbetra i dagens uføreforsikring, og for hjelp til å byte til nyaste versjon.
Ved forsikringssum på 100.000 kroner, vil du motta ca 8.000 kroner i uførepensjon, etter skatt, kvar månad dei første 4 åra. Etter det blir uførepensjonen gradert etter uføregrad.
Utbetalinga kjem i tillegg til det du får frå NAV.
For å berekne pris på uførepensjon, treng vi å vite litt om deg, kva du jobbar med og kva inntektsgapet ditt blir viss du blir ufør.
*Gradert etter arbeidsevne. G = Folketrygda sitt grunnbeløp (118.620 kroner). Mange arbeidsgjevarar betalar full lønn i perioden du er sjukmeldt.
Har du blitt ufør?
Når du kjøper ei personforsikring er det lovpålagt å levere helseopplysningar. Dette gjer du ved å svare ærleg på alle spørsmåla i helseerklæringsskjemaet.
Når vi snakkar om å flytte ein personforsikring, snakkar vi om å kjøpe ein personforsikring i nytt selskap og avslutte same type forsikring i det gamle selskapet.
Det er fleire grunnar til at personforsikringane dine ikkje automatisk blir avslutta i det gamle selskapet, når du kjøper den same forsikringen i nytt selskap. I motsetnad til skadeforsikringar, kan du ha fleire av ein personforsikring, som også kan gi fleire utbetalingar for same hending.
Når kan eg seie opp tidlegare forsikring?
Du kan seie opp forsikringa di i det tidlegare selskapet etter at du har kjøpt forsikringa og fylt ut helseerklæring i nytt selskap. Når du flyttar ein tilsvarande forsikring, slepp du ny symptomklausul. Du må sjølv sei opp forsikringa i ditt tidlegare selskap.
Kva viss eg får reservasjonar, tillegg i pris eller avslag?
Hvis du får reservasjonar, tillegg i pris eller avslag i nytt selskap, kan du ha rett til å gjenoppta forskringane i tidligare selskap. Fristen for å gjenoppta forsikringa er seks månader frå dagen du avslutta forsikringa. Forsikringa kan gjenopptas i tidlegare selskap utan ny helsevurdering og symptomklausul, hvis:
Kva med kollektive forsikringar?
Disse reglane gjeld ikkje for kollektive forsikringar.
Alt dette er dessverre litt komplisert, men vi hjelper deg meir enn gjerne om du lurer på noko. Du kan også lese meir om reglane på fremtind.no.
For dei fleste av oss er inntekta vår viktigaste verdi. Viss du blir sjuk eller skada og ikkje kan jobbe fullt lenger, vil inntekta di reduserast. Du vil trenge ein uføreforsikring for å kunne oppretthalde same økonomiske levestandard, viss du skulle vere uheldig og bli ufør.
Ein uføreforsikring blir også omtalt som ein inntektsforsikring, av den grunn at forsikring vil demme opp ein del av inntektstapet du får viss du blir ufør. For å finne ditt behov for ein uføreforsikring bør du sjå på inntekta og gjelda di no, og kor mykje du vil sitte att med kvar månad på uføretrygd. Så er spørsmåla du bør stille deg:
Du kan sjekke kva inntekt du vil få med og utan uføreforsikring viss du blir ufør. Dette finn du ut ved å fylle ut litt informasjon om deg, inntekta og gjelda di.
Til informasjon kan ein uføreforsikring bestå av anten uførepensjon, uførekapital eller ein kombinasjon av begge desse.
Av årleg utbetalt uførepensjon vil 20 % av det utbetalte beløpet vere alminneleg skattepliktig inntekt. Skattesatsen for dette beløpet er p.t. [22] Det vil seie at du må betale ca. 4,4 % skatt av heile beløpet du mottar i uførepensjon.
Utbetaling av uførekapital er skattefritt.
*tal for 2024. For personar busett i Troms og Finnmark er skattesatsen 18,5 %.
Sjå også
Du får utbetalt uførepensjon anten du er midlertidig ufør eller varig ufør – heilt fram til du blir frisk eller går av med alderspensjon (67 år). Så når vi snakkar om midlertidig uførepensjon snakkar vi altså om uføreperioden før du blir varig ufør.
Om du blir minst 50 % arbeidsufør på grunn av sjukdom eller skade, og du har uførepensjon eller uførekapital med forskuttering, har du rett på månadleg utbetaling.
Når startar utbetalingen?
Kor mykje uførepensjon har eg krav på?
Om forsikringssummen er på 100.000 kroner, vil du motta ca 8.000 kroner etter skatt kvar månad frå forsikringa dei første 4 åra før den graderast etter uføregrad. Denne utbetalinga kjem i tillegg til uføretrygda og andre ytingar du får frå NAV.
Yrkesskade er fysiske og psykiske skadar og sjukdomar som fører til medisinsk invaliditet, arbeidsuførheit eller død. Ein yrkesskade oppstår som følgje av arbeidssituasjonen. Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad. Belastningsskader eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskader.
Har bedrifta yrkesskadeforsikring hjå oss kan denne òg utvidast med forsikring for anna sjukdom og fritidsulukesforsikring.
Har du fått påvist ein godkjent yrkesskade har du krav på utbetaling både frå folketrygda og frå yrkesskadeforsikringa. Meld yrkesskade til Fremtind.