Har du skada deg eller blitt sjuk i jobben? Etter yrkesskadeforsikringslova kan du ha krav på yrkesskadeerstatning både frå folketrygda og yrkesskadeforsikring.
Yrkesskade
Kva er yrkesskade?
Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulukke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff. Yrkesskadar inkluderer både fysiske og psykiske skadar og sjukdomar.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad.
Belastningsskadar eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskadar.
Yrkesskadeerstatning
Du får utbetalt erstatning ved skadar som reknast som yrkesskade og yrkessjukdommar. Har du fått påvist ein godkjent yrkesskade har du krav på utbetaling både frå folketrygda og frå yrkesskadeforsikringa. Dette må du melde til NAV og forsikringsselskapet i to separate prosessar. Du kan lese korleis du går fram lenger ned på sida.
Når har du krav på erstatning?
Du har krav på erstatning viss du har ein godkjent yrkesskade. Viss du søker erstatning, må du først oppsøke lege og følge legen si forskrift.
Yrkesskade rettigheiter
Vi bereknar erstatningsbeløpet ut frå grunnbeløpet i folketrygda. Det er viktig å hugse at arbeidsgjevar kan ha valt høgare summar enn dei som kjem fram i invaliditetstabellane. Sjå kor mykje du kan låne
Korleis går du fram for å krevje erstatning?
Først må du melde ifrå til arbeidsgjevar. Arbeidsgjevar har plikt til å sende skademelding til NAV. Dersom arbeidsgjevar ikkje har gjort dette, kan du melde skaden eller sjukdommen sjølv. Det er også arbeidsgjevar som må melde erstatningskrav til forsikringsselskapet der bedrifta har kjøpt yrkesskadeforsikring.
Yrkessjukdomar
Ein yrkessjukdom er ein sjukdom som oppstår på grunn av skadeleg arbeidsmiljø på arbeidsplassen. Sjukdommen må vere godkjent som yrkessjukdom av legen din.
Nokre yrkesgrupper har høgare risiko for yrkessjukdommar. Industriarbeidarar kan bli påverka av kjemikaliar og støy som kan føre til sjukdom. Frisørar er også utsett for kjemikaliar frå hårprodukt. Andre utsette grupper kan vere reinhaldarar, bakarar, sveisarar, bønder, platearbeidarar og billakkørar.
Vanlege yrkessjukdommar kan vere astma, kols, kontakteksem, allergi, lungekreft, hørselskade og skade frå løysemiddel.
Yrkesskadeforsikringslova
Lov om yrkesskadeforsikring blei vedtatt av Stortinget i 1989. Den omfattar skadar, sjukdommar og dødsfall. Lova gir alle arbeidstakarar krav på yrkesskadeforsikring gjennom sine arbeidsgjevarar. Yrkesskadeforsikring er obligatorisk for alle bedrifter som har tilsette, og skal dekke økonomiske tap som er påført den tilsette ved yrkesskade, -sjukdom eller dødsfall.
Yrkesskadeforsikring er ei eiga erstatningsordning som kjem i tillegg til folketrygda. Henvendingar om yrkesskade skal rettast til arbeidsgjevaren og arbeidsgjevarens forsikringsselskap. Arbeidsgjevaren skal sende inn skademelding til folketrygda.
Yrkesskade skjema
Her finn du skjema og rettleiing for å melde yrkesskade:
Kva lurer andre på?
Medisinsk invaliditet betyr at du har mista delar av den normale kroppsfunksjonen din. Døme på medisinsk invaliditet er at du har:
- mista syn
- mista høyrsel
- rykt fremre korsband
- fått ein kneskade
- amputert ein finger
Medisinsk invaliditet vert bedømt ut frå eit gradsystem frå 1 til 100 prosent. Har du for eksempel fått ein kneskade i form av kneleddsartrodese/ankylose vil det gi deg ein invaliditetsgrad på 20 %, medan tap av fremre korsband gir 5 % invaliditetsgrad, basert på invaliditetstabellen hos lovdata.no.
Har du skada deg er det legen din som reknar ut kva invaliditetsgrad du har. Har du fått påvist varig medisinsk mén av legen kan du ha krav på utbetaling både frå folktrygda og frå forsikringa til arbeidsgjevar. Varig medisinsk invaliditet kan vere dekka av følgjande forsikringar:
- Yrkesskadeforsikring
- Reiseforsikringane
( heilårs reiseforsikring for tilsette og privat reiseforsikring og enkeltreiseforsikring) - Ulykkesforsikringane
(kollektiv ulykke, annan sjukdom, kollektiv barneulykke, landbruksulykke og privat ulykkesforsikring)
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er belastningsskadar?
Kva dekker reiseforsikringa i samband med ulykke?
Barn som skadar seg i barnehage?
Ménerstatning er erstatninga ein kan ha krav på ved varig medisinsk invaliditet som følge av sjukdom eller ulykke som har skjedd i arbeid eller fritid.
Har du fått påvist varig medisinsk invaliditet kan du ha krav på ménerstatning både frå folketrygda og frå forsikring, avhengig av om skaden skjedde i arbeidstid eller på fritid. Ménerstatning reknast ut ifrå graden av medisinsk invaliditet (invaliditetstabell), og varierer frå din alder og kva forsikring arbeidsgivar har valt for deg.
Alle bedrifter med tilsette er lovpålagt å ha yrkesskadeforsikring på sine tilsette. Denne kan òg utvidast med forsikring for annan sjukdom og fritidsulykkesforsikring.
Yrkesskadeforsikring er ei personalforsikring/yrkesforsikring som arbeidsgivar er lovpålagt (lov om yrkesskadeforsikring) å kjøpe til dei ansatte. Er du sjølvstendig næringsdrivande er det frivillig å kjøpe yrkesskadeforsikring.
Yrkesskadeforsikringa kan ikkje kjøpast av NAV, men kan kjøpast av banken din (forsikringsselskapet). Ved yrkesskade kan du vere dekka både frå forsikringsselskapet og NAV. Det er difor viktig at du melder ifrå om yrkesskade både til forsikringsselskapet og NAV.
Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff. Yrkesskader inkluderer både fysiske og psykiske skader og sjukdomar.
Som hovedregel er ikkje belastningsskader å ansjå som yrkesskader, og er difor ikkje dekka av yrkesskadeforsikringa. Har bedrifta yrkesskadeforsikring hos oss kan denne òg utvidast med forsikring for annan sjukdom, fritidsulykke og sjukelønn.
Les meir om kva som dekkast av yrkesskadeforsikringane.
Ønsker du å kjøpe yrkesskadeforsikring for dine tilsette?
Belastningsskader er definert som skader, plager og lidingar knytt til muskel- og skjelettet, som har utvikla seg gradvis over tid på grunn av overbelastning eller feil belastning.
Som hovudregel er ikkje ein belastningsskade å ansjå som ein yrkesskade, og er difor ikkje dekka av yrkesskadeforsikring, etter yrkesskadeforsikringslova.
Dersom arbeidsgivar har utvida yrkesskadeforsikring med annan sjukdom, kan du ha rett til erstatning frå denne forsikringa.
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er medisinsk invaliditet?
Kor mykje får den tilsette i yrkesskadeerstatning?
Kva er yrkesskadeforsikring?
Arbeidsuføre er varig, og heilt eller delvis tapt arbeidsevne. Altså redusert evne til å utføre inntektsgjevande arbeid. Arbeidsuførheit kan oppstå som følgje av ulykkesskade eller sjukdom, og graden vegast i prosent.
Viss du skadar deg eller blir sjuk er det legen din som skriv ut sjukemelding og avgjer din grad av arbeidsuførheit. Det er fyrst når du går over på uføretrygd frå NAV at arbeidsuføredekninga startar å utbetalast.
Viss du blir arbeidsufør og er tilsett i ei bedrift, har du også yrkesskadeforsikring som kan dekke deg økonomisk for yrkesskader som fører til arbeidsuførheit. Har bedrifta utvida yrkesskadeforsikring med annan sjukdom og fritidsulykkesforsikring er du ekstra godt dekka. Er du sjølvstendig næringsdrivande er reglane litt annleis.
Det finst òg andre forsikringar som dekker deg økonomisk viss du skulle bli arbeidsufør:
- Privat uføreforsikring.
- Har eg uførepensjon via jobben?
- Tilleggsdekning for uføreforsikring i gruppelivsforsikring.
Sjå også:
Kva er yrkesskadeforsikring?
Kva er ménerstatning?
Kva er yrkesskade?
Kva er belastningsskader?
Kva er medisinsk invaliditet?