For å kunne hjelpe deg må vi vite kva som har skjedd. Vel kva du har hatt uhell eller skade på, og følg rettleiinga hos forsikringsselskapet vårt Fremtind.
Ikkje bedrift? Meld skade som privatperson
For å kunne hjelpe deg må vi vite kva som har skjedd. Vel kva du har hatt uhell eller skade på, og følg rettleiinga hos forsikringsselskapet vårt Fremtind.
Ikkje bedrift? Meld skade som privatperson
Treng du hjelp til å melde skade?
Ring oss på 915 02300.
Er du ikkje dekt vil du få beskjed om dette. Får du avslag på saka vil du òg få ei grunngjeving for avslaget. Er du usamd i den grunngjevinga kan du sende oss ei klage.
Les meir om kva som er dekt under den bedriftsforsikringa du vurderer å bruke.
Treng du hjelp kan du sjå fremtind.no for chat og e-post eller ringe Fremtind på 915 02300.
Du vil bli bedt om informasjon og dokumentasjon undervegs i saka, avhengig av kva som har skjedd.
Døme på dokumentasjon du kan bli spurt om:
Om eigenandelen er høgare enn det kostar å erstatte skaden, vil ikkje skaden bli dekt.
Eigenandelen vel du som hovudregel når du kjøper forsikringa. Du kan logge inn til bedriftsforsikringane mine å sjå kva eigendel du har.
Dersom det er ein liten skade kan det òg vere greitt å tenke på:
Sjølv om du melder skade til oss vil du framleis kunne velje om du vil bruke forsikringa eller fikse skaden sjølv.
Gjeld det ein liten skade på bil? Har du bilforsikringa hos oss får du rabatt hos MPS Bilskade.
Det er som hovudregel den som eig eller har kjøpt forsikringa som kan melde saka.
Som hovudregel er fristen for å melde skaden eitt år, men for nokre dekningar kan fristen vere kortare eller lengre. Logg inn og sjå forsikringsavtalen for bedrifta di og vilkår viss du er usikker.
Det sentrale skaderegisteret til forsikringsselskapa (FOSS) er eit felles register for skader som blir meldt på skadeforsikringar. Registeret blir drive av Finans Norge med løyve frå Datatilsynet. Når du melder ein skade til forsikringsselskapet ditt, blir den registrert i Forsikringsselskapenes sentrale skaderegister. Alle forsikringsselskap som er medlem av Finans Norge får tilgang til skadehistorikken.
Viss du får avslag eller lågare oppgjer enn du meiner er rett, kan du klage til forsikringsselskapet. Då vil ein annan skadebehandlar sjå på saka di. Du vil få ei forklaring på kvifor forsikringsoppgjeret er som det er.
Viss du framleis er uenig, kan du klage vidare til finansklagenemda. Då vil eit bransjebasert klageorgan sjå på saka di, og gjennom utanrettsleg tvisteløysing bidra til at den som har rett, får rett.
Treng du hjelp til å melde skade?
Ring oss på 915 02300
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium