Kriminalitetsforsikring

Kriminalitetsforsikring (også kalla underslagsforsikring) dekkjer det direkte økonomiske tapet bedrifta eller idrettslaget kan få ved underslag eller bedrageri. 

ein bedriftseigar ser over rekneskapen til bedrifta og ser bekymra ut
Ingen krav om domfelling før det utbetalast erstatning.
Dekkjer tap av data grunna virus eller datakriminalitet.

Kva dekkjer kriminalitetsforsikring?

Kriminalitetsforsikring (underslagsforsikring) dekker direkte økonomisk tap mot bedrifta eller kundar av bedrifta, der tilsette eller vikarar gjer ei straffbar handling med vinningshensikt.

Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.

Kva dekker cyberforsikringa?
Dekningar Kriminalitet
Tjuveri Dekkes av Kriminalitet
Underslag Dekkes av Kriminalitet
Bedrageri Dekkes av Kriminalitet
Tilleggsdekningar
Tap som blir påført kundar Dekkes av Kriminalitet
Datakriminalitet Dekkes av Kriminalitet

Kriminalitetsforsikringa dekker ikkje

Kriminalitetsforsikringa dekker mykje men det er ikkje alltid den dekker alt. Blant anna dekker den ikkje:

  • Utpressing eller løysepengar
  • Hærverk
  • Indirekte økonomisk tap
  • Datainnbrot
  • Kryptovaluta/kryptokunst

Kvifor kriminalitetsforsikring?

Alle bedrifter som har tilsette bør forsikre seg mot økonomisk kriminalitet. Ein nasjonal omfangsundersøking gjort for Justis- og beredskapsdepartementet viser at mange norske bedrifter opplev at tilsette utfører økonomisk kriminalitet, som underslag, tjuveri, bedrageri, utruskap og dokumentforfalskning.

Underslag er den mest vanlege forma for kriminalitet blant tilsette, og det er butikkar, hotell og restaurantar som er mest utsett.

 

Døme på underslag

For enklare å forstå korleis forsikringa kan brukast viser har vi samla nokre skadeeksempel der underslagsforsikringa har vore avgjerande for bedrifta.


Stole verktøy

Ein tilsett i ei entreprenørbedrift hadde over tid stole diverse verktøy og material. Totalt utgjorde verdien på dei stolne materiala mange tusen kroner. Tapet som vart påført bedrifta vart dekka av entreprenørbedrifta si kriminalitetsforsikring. 


Overføre til eigen konto

Ein rekneskapsførar i ei lita kontorbedrift overførte pengar til sin eigen konto. Bedrifta sitt tap vart dekka av bedrifta si kriminalitetsforsikring.


Underslag i idrettslag

Ein tillitsperson i eit idrettslag var ansvarleg for å handtere idrettslaget sine inntekter frå eit stort loppemarknad. Personen overførte delar av inntekta frå salget til seg sjølv, og kamuflerte det i rekneskapa. Tapet som vart påført idrettslaget vart dekka av kriminalitetsforsikringa.


Vilkår og produktinformasjon

Vilkår og IPID

Har du allereie kriminalitetsforsikring hjå oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.

Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, om du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.

Kva er IPID?

 

Kven er tilsett?

Det skal føreligge eit tilsetteforhold mellom bedrifta og den som begår økonomisk kriminalitet på skadetidspunktet. 

I idrettslag og -foreiningar omfattar kriminalitetsforsikringa òg dugnadsarbeidarar med fullmakt til å handtere midlar.

Kva lurer andre på?


Har du blitt utsett for økonomisk kriminalitet?

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.