Burettslag- og sameigeforsikring
Burettslag- og sameigeforsikring (bustadbygg) er ein forsikringspakke skreddarsydd bygningar og drift i bustadselskap.
Burettslag- og sameigeforsikring (bustadbygg) er ein forsikringspakke skreddarsydd bygningar og drift i bustadselskap.
Bebuar? Då treng du innbuforsikring.
Som bebuar i eit burettslag eller sameige treng du ikkje å tenke så mykje på bygningsforsikringa - den er det styret som er ansvarleg for. Derimot er det andre forsikringar du bør ha, som for eksempel innbuforsikring, som blant annet dekker eigedelane du har i leilegheita.
Får du ein skade på leilegheita som vert dekt av bygningforsikringa, avklarar du med styret korleis skaden skal handsamast.
Bustadsbyggforsikringa er mykje meir enn berre burettslaget eller sameiget si «husforsikring». Du kan velje mellom tre ulike dekningar – frå brannforsikring til toppdekninga. I tillegg kan du utvide med tilleggsforsikringar og forsikringssummar som vi tilpassar dykkar behov.
Gjeld det mindre sameige, utan felles bygningsforsikring, er det andre forsikringar de bør ha.
Oversikta er forenkla. Sjå vilkår for detaljar.
Om forsikringa | ||
---|---|---|
Kven kan kjøpe forsikringa? | ||
Kor gjeld forsikringa? | ||
Dekningar | ||
Brannskadar | Dekkes av Topp | |
Naturskadar | Dekkes av Topp | |
Yrkesskade på ulønna arbeidskraft | Dekkes av Topp | |
Huseigaransvar | Dekkes av Topp | |
Vasskadar | Dekkes av Topp | |
Tjuveri og hærverk | Dekkes av Topp | |
Snøtyngde og takras | Dekkes av Topp | |
Glas og sanitærporselen | Dekkes av Topp | |
Hageanlegg | Dekkes av Topp | |
Ulykke | Dekkes av Topp | |
Husleigetap | Dekkes av Topp | |
Riving og rydding | Dekkes av Topp | |
Reiskap og laust tilbehøyr | Dekkes av Topp | |
Frittståande bygningar og stativ | Dekkes av Topp | |
Berekraftig gjenoppbygging | Dekkes av Topp | |
Styreansvar | Dekkes av Topp | |
Vasskadar frå utett tak | Dekkes av Topp | |
Maskinskade | Dekkes av Topp | |
Rettshjelp | Dekkes av Topp | |
Kriminalitet og underslag | Dekkes av Topp | |
Skadedyr, veggedyr og kakerlakker | Dekkes av Topp | |
Handverkarfeil | Dekkes av Topp | |
Tilleggsdekning | ||
Hussopp, råte og insekt | Dekkes av Topp | |
Eigenandelar | ||
Eigenandelar |
Vasskadar er dei vanlegaste og mest kostbare skadane for burettslag og sameige. Éin enkel lekkasje kan ramme fleire leiligheiter og påføre deg og andre bebuarar mykje unødvendig bry. Derfor er det viktig at du bidrar med å førehindre vasskadar.
Vass-sjekken er eit nyttig verktøy for deg som bebuar. Ved å svare på spørsmåla i vass-sjekken, får du betre oversikt over risikoen for å få vasskader, samtidig som du gjer burettslaget/sameiget ditt tryggare for alle.
Viss du oppdagar noko som ikkje er som det skal, eller har spørsmål, bør du kontakte styreleiar eller vaktmeister for oppfølging.
Brann kan oppstå og utvikle seg raskt, og konsekvensane kan bli katastrofale. Gjer du nokre enkle grep og tiltak, så reduserer du sjansen for brann betydeleg. Samtidig sikrar du heimen din og det du er mest glad imot unødvendig risiko.
Røykvarslarar
Sløkkeutstyr
Risikovurdering
Rømningsvegar
Brannøving
Fleire tips
Inneklimaet bør ha ei luftfukt på mellom 30 og 60 %. Blir den høgare enn det, aukar risikoen for sopp og råte. For å unngå kostbare råteskadar er det fleire førebyggande tiltak du kan gjere – både utandørs og innandørs. Det første og kanskje viktigaste rådet er alltid å ha god ventilasjon i alle rom.
Utandørs
Jamleg vedlikehald er nøkkelen til ein vasstett bustad.
Bad
Utett eller manglande membran er ofte årsaka til fukt og råte på bad.
Kjøkken
Kjøkkengolv er ekstra utsett ved vasslekkasjar. Når vatn trenger ned i golvlaga, blir det gjerne danna mugg og råte.
Loft og kaldloft
Loftet blir gjerne kaldare eller varmare enn dei andre romma i huset, avhengig av årstida. Då aukar òg risikoen for kondens.
Balkong og terrasse
Ein ròten balkong kan bli ekstra dyrt viss det er rom under.
Kjellar og krypkjellar
Bustader med krypekjellar får oftare fuktskadar enn bustader utan.
Sjekk ut vedlikehaldskalenderen vår, så veit du kva du bør gjere til ei kvar årstid.
Når de skal planlegge ein dugnad kan det vere vanskeleg å vite kva oppgåver de bør prioritere. For å hjelpe dykk litt på vegen, har vi laga ein dugnadsguide.
Har du forsikring for burettslag og sameige hos oss frå før, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for ditt burettslag/sameige.
Nedenfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, viss du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til burettslaget/sameiget sine behov.
Har du hatt uhell eller skade?
Har du eit FG-godkjent brannanlegg får du rabatt på forsikringa di, og dessutan redusert eigenandel med inntil 15.000 kroner ved brannskadar.
FG-godkjenninga med tilhøyrande rapport må ligge inne i databasen til FG-kontroll, i tillegg til å vere i drift på skadetidspunktet. Dette arkivet blir administrert av Finans Norge og FG.
Sikrar de sameiget/burettslaget mot vasslekkasje med smarte vass-stopparar får både sameiget/burettslaget og bebuarane nokre fordelar:
Ekstremvêr, i form av kraftige regnskyll som fører til flaum, er ei stor klimamessig utfordring. Dersom eigedomen har installert skadeførebyggjande løysingar for å forseinke eller redusere mengda av overvatn ved ekstremnedbør, blir det ikkje eigenandel ved overvasskadar. Døme på tiltak er:
Landbruksbedrifta Østfold Gress resirkulerer teglstein og dyrkar sedum i kasettar, som blir nytta for å lage grøne tak.
Har du ein gjennomført og godkjent brannforebyggende El-kontroll NEK 405-01/03/05 utan avvik, får du både rabatt på bygningsforsikringa, og dessutan redusert eigenandel ved brannskadar som kjem av feil i det elektriske anlegget. FG-godkjenninga med tilhøyrande rapport må ligge inne i databasen til FG-kontroll. Dette arkivet blir administrert av Finans Norge og FG.
Les meir om el-kontroll og termografering på landbrukssidene.
Har du ein FG-godkjent tjuverialarm får du rabatt på bygningsforsikringa, og dessutan redusert eigenandel ved tjuveriskadar. FG-godkjenninga med tilhøyrande rapport må ligge inne i databasen til FG-kontroll. Dette arkivet blir administrert av Finans Norge og FG.
Burettslag og sameiger har vanlegvis ei forsikring som dekker bygningen, på same måte som ein huseigar har ei husforsikring. Når denne forsikringa blir brukt, kan det ofte oppstå spørsmål om kven som skal betale eigenandelen.
Kven har ansvaret for å betale?
Det er burettslaget eller sameiget som er forsikringstakar og dermed ansvarleg for at eigenandelen blir innbetalt til forsikringsselskapet. Styret kan derimot kreve pengane tilbake frå bustadeigaren, dersom skaden skuldast bustadeigaren.
Vedlikehaldsplikt
Bustadeigaren er ansvarleg for å vedlikehalde eigen bustad. Dersom ein skade skjer fordi vedlikehaldsplikta er forsømt, kan bustadeigaren bli halde ansvarleg for kostnadane (ifølge vanleg erstatningsregel i §5-13 i burettslagslova eller tilsvarande regel i eigarseksjonslova §34).
Vedlikehaldsplikt i eigen bustad vil seie at du som eigar av bustaden har ansvaret for å reparere og sikre at alt av innvendige flater, vindauger, røyr, leidningar, utstyr og apparat er heilt og fungerer som det skal. Vedlikeholdsplikta står beskriven i eigarseksjonslova §32 eller §5 i burettslagslova.
Vasslekkasjar og vasskader
Vasslekkasjar og vasskader er dei skadane som skjer mest av i burettslag og sameige. Viss burettslaget/sameige har installert smarte vasstopparar vil både eigenandelen og prisen på forsikringa bli lågare. Les meir om korleis de kan sikre sameige/burettslaget med vasstopparar.
Når du skal kjøpe bustad, kan du velje mellom ulike eigarformer. Det er nokre viktige forskjellar mellom sjølveigar og burettslag, og begge eigarformene har både fordelar og ulemper.
Sjølveigar
Du eig bustaden sjølv, med dei rettane og plikter det inneber. Du kan til dømes pantsetje den, leige ut eller pusse opp utan å innhente løyve frå nokon. Du er òg ansvarleg for alle bustadrelaterte utgifter sjølv, som til dømes kommunale avgifter, vedlikehald og husforsikring.
Burettslag
Eit burettslag er eit selskap som er eigd av dei som bur der. Kjøper du bustad i eit burettslag eig du ein del i burettslaget, og får einerett til bruk av bustaden din. Ein del av kjøpesummen i eit burettslag vil vere eit felleslån, som blir betalt av deg og dei andre bebuarane.
Sjekk alltid burettslaget sin økonomi før du byr på ei burettslagsleilighet. Viss burettslaget til dømes har avdragsfritak på lånet for ein periode vil dei månadlege kostnadane auke når den er over.
Hugs at det er styret og generalforsamlinga som bestemmer både over felles gjeld og større investeringar. Dette gjer at du som bebuar kan få høgare månadskostnad.
Sjå også
Kor mykje kan eg låne til bustad?
Kor mykje eigenkapital må eg ha for å kjøpe bustad?
Styreansvaret er eit erstatningsansvar. Styreansvaret inneber at både styreleiar, styremedlemmar og varamedlemmar kan bli personleg erstatningsansvarlege viss dei påfører nokon eit økonomisk tap.
Ansvarlegheita er lovfesta i aksjelova for aksjeselskap, men kan også vere ulovfesta for foreiningar. Styreansvaret er eit individuelt og personleg ansvar som er tett knytt til styremedlemmet sine oppgåver. Styremedlemmet kan bli ansvarleg viss hen ikkje ivaretar sine oppgåver etter lov, vedtekter eller retningslinjer.
Døme på styreansvar
Dei vanlegaste styreansvarssakene inntrer i samband med for dårleg oppfølging av dagleg leiar, at eit styremedlem tar ei avgjerd utan formell godkjenning frå styret eller at styret ikkje følger opp økonomien i selskapet godt nok.
Styreansvarsforsikring i burettslag og sameige
I vår burettslag- og sameigeforsikring er styreansvarsforsikring inkludert som ein del av forsikringspakka. Enten du er fersk i eit styre for eit burettslag eller eit sameige eller om du har sete der ei stund, bør du sjekke opp at de har ei forsikring som inkluderer styreansvar.
Kvifor styreansvarsforsikring?
Det er mogleg å forsikre seg mot styreansvaret. Styremedlemmar i ei bedrift kan bli erstatningsansvarlege overfor aksjonærar, kreditorar, kontraktspartnarar, offentlege myndigheiter og andre aktørar. I verste fall kan det føre til at styremedlemmar går personleg konkurs.
Styreansvarsforsikring kan derfor vere viktig å ha når det skal rekrutterast medlemmar til styrearbeid. For mange kandidatar vil det vere avgjerande om dei er beskytta av styreansvarsforsikring når dei påtar seg eit slikt ansvar. Med andre ord vil ikkje styregodtgjersla stå i forhold til den økonomiske risikoen du tar ved å sitje i eit styre, utan styreansvarsforsikring.
Erstatning frå forsikringa
For å få dekt erstatningsansvar frå styreansvarsforsikringa må:
BREEAM (Building Research Establishment Environmental Assessment Method) er ein internasjonal standard for å måle kor berekraftig eit bygg er. Standarden legg føre for korleis bygg er planlagd, prosjektert, oppført og drifta i samsvar med beste praksis for berekraftige bygg.
Berekraftig gjenoppbygging etter «BREEAM-standard»
Gjenoppbygging etter BREEAM-standard er inkludert i standard- og toppdekningane for næringsbygg og bustadsbygg (burettslag og sameige). Det går ut på at viss bygningen din blir så skada at reparasjonskostnadane overskrider halvparten av bygningen sin verdi (forsikringssum), så vil vi i tillegg til å bygge opp bygningen bruke inntil 10 % av forsikringssummen (maksimalt 5.000.000 kroner) på å fylle BREEAM-standarden med klassifisering «Very good» eller betre.
BREEAM-bygg blir evaluert etter ni kriterium:
Bygga sertifiserast deretter på ein skala innanfor klassifiseringane:
Kriminalitetsforsikringa (også kalla underslagsforsikring) dekker svindel i form av økonomisk kriminalitet (underslag, tjuveri, bedrageri, utroskap og dokumentforfalskning) der tilsette eller vikarar gjer noko straffbart. Svindelen må vere retta mot eiga bedrift eller idrettslag. I idrettslag og -foreiningar omfattar kriminalitetsforsikringa òg dugnadsarbeidarar med fullmakt til å handtere midlar.
Med tilleggsdekning kan forsikringane òg dekke svindel som vert begått mot bedrifta sine kundar.
Sjå døme på svindel
For å enklare forstå korleis underslagsforsikringa kan brukast har vi samla nokre eksempel på svindel der forsikringa har vore avgjerande for bedrifta.
Stole verktøy
Ein tilsett i ei entreprenørbedrift hadde over tid stole diverse verktøy og material. Totalt utgjorde verdien på dei stolne materiala mange tusen kroner. Tapet som vart påført bedrifta vart dekka av entreprenørbedrifta si kriminalitetsforsikring.
Overførte til eigen konto
Ein rekneskapsførar i ei lita kontorbedrift overførte pengar til sin eigen konto. Bedrifta sitt tap vart dekka av bedrifta si kriminalitetsforsikring.
Pengar frå loppemarknad
Ein tillitsperson i eit idrettslag var ansvarleg for å handtere idrettslaget sine inntekter frå ein stor loppemarknad. Personen overførte delar av inntekta frå salet til seg sjølv, og kamuflerte det i rekneskapa. Tapet som vart påført idrettslaget vart dekka av kriminalitetsforsikringa.
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium