rørleggar installerer vasstoppar under kjøkkenvasken i eit hus

KUNDEFORDEL

Vasstopparar til sameige og burettslag

Sikrar de sameige/burettslag mot vasslekkasje med smarte vasstopparar, gir vi dykk nokre fordelar og rabattar

Stoppar vatnet automatisk ved lekkasje, og varslar bebuarar
La bebuarane skru av og på vatnet med ein app
Gode rabattar på både vasstoppar og forsikring

Sikre bustaden med smart vasstoppar

Om de kjøper og installerer smart vasstoppar gir vi dykk desse fordelane:

  • 30% rabatt på Abra Kollektiv+​ (smarte produkt)
  • inntil 10 % rabatt på bustadbyggforsikringa
  • inntil 15.000 kroner lågare eigenandel ved vasskader
    Dette gjeld dersom vassstopparen reduserer vassskaden.

Har de allereie Waterguard+?


Korleis går vi fram med Abra Kollektiv+?

1. Bli kontakta

Legg att kontaktinformasjon om burettslaget/sameiget på Fell Tech (leverandøren av vassstoppar og Abra Kollektiv+) sine nettsider. Fell Tech vil kontakte dykk med ytterlegare informasjon og innhente opplysningar om burettslaget/sameiget slik at dei kan gi dykk eit tilbod. 

2. Motta tilbod

De vil no motta tilbod på ein fast sum per bueining inkludert installasjonen (og eventuelt eingangskostnad knytt til installasjonen). 

Er det nokre bebuarar/leiligheiter som alt har Waterguard, vil dei kunne få ein overgang som gjer vasstopparen digital.

3. Inngå kontrakt

Er de nøgde med tilbodet kan de no inngå ei kontrakt om installasjon og abonnement på Abra Kollektiv+.

4. Avtal tid for montering

Fell Tech tar kontakt med dykk for å avtale tider for montering av vasstoppar og bekrefting frå styret for vald installatør. 

5. Installasjonen er ferdig

Når installasjonen er ferdig, vil bebuarane kunne logge seg inn på Abralife-appen for å få oversikt over vasstopparen i eige leiligheit. Styret vil få eigen tilgong med oversikt og status på alle vasstopparar i burettslaget/sameiget. Dei i styret vil òg få grundigare opplæring i Abralife-appen viss det er behov for det.

6. Rabatt på bustadbyggforsikring

Til slutt vil vi i banken få beskjed frå Fell Tech at alle vasstopparar er installerte. Vi vil då aktivere rabatten på inntil 10 % på bustadbyggforsikringa. Rabatten vil gjelde frå datoen der alle vasstopparane er installerte.

7. Bygg på andre smarte system

Gir dykk moglegheit til å utvide Abra-systemet ved å bygge på med smarte produkt som røykvarslar, el-bil-ladar, varme- og energistyring, tjuverialarm, lysstyring, bustadlås og adgangskontroll. 


Video placeholder image

Om bebuaren allereie har Waterguard

Om nokon av bueniningane allereie har installert Waterguard eller Waterguard+, vil det takast omsyn til dette ved installasjonen. Dei bebuarane som allereie har Waterguard/Danfoss vasstoppar, vil få installert eit ettermonteringsadapter som gjer at vasstopparen blir digital og dukkar opp i Abralife-appen.

Kva er ein smart vasstoppar?

Ein smart vasstoppar (Waterguard+) blir vanlegvis er montert under kjøkenvasken. Denne kontrolleininga fungerer som ein automatisk vassventil og er tilkopla både straum, vassforsyning og mobilen din via ein app.

Ved hjelp av sensorar som er plasserte ved vassrøra og under oppvaskmaskina, reagerer den om det oppstår ein vasslekkasje. Ved lekkasje vil den automatisk skru av vatnet og varsle bebuar og styret på mobiltelefonen – for å førebyggje større vasskader.

Den er også kopla til oppvaskmaskinen sin straumstøpsel. Dette gjer at vasstopparen kuttar straumen til oppvaskmaskina om den oppdagar lekkasje.

Når er det krav om å ha vasstoppar?

I Norge må nye bustadbygg følgje bestemte reglar (kalla TEK10 og TEK17) for å hindre vasskadar. Dette betyr at bygningar som er omfatta av regelverket må ha ein vasstoppar. Dette gjeld for dei fleste bygg som er bygde etter juli 2010.

Viss du skal pusse opp eller modernisere ei leiligheit som er bygd før 2010, må du følge gjeldande TEK-reglar.

Eit eksempel
Ein bebuar har ei leiligheit i ei bustadblokk frå 1985 utan vasstoppar og med originale vassrøyr. Denne bustaden oppfyller byggteknisk føreskrift fordi det ikkje var krav om vasstoppar i 1985.

I 2024 bestemmer bebuaren seg for å renovere kjøkkenet. Renoveringa inneber endring av vassrøyr og eigaren må følge dei nyaste reglane, TEK17. Bebuaren er pålagd å installere vasstoppar.

Uavhengig av byggteknisk forskrift, anbefalar vi å installere vasstoppar. Denne sikrar bustadsbygget dykkar mot større vasskader som ofte er kostbart og tidkrevjande å reparere.

Frostsikring

Frostsikring er ein funksjon som også kjem med Waterguard+. Denne funksjonen stenger vatnet dersom temperaturen blir for låg. Du bestemmer kva temperatur som skal utløyse vasstopparen (vi anbefalar ikkje lågare enn 10 grader). Frostsikring aktiverer du i appen.

Hugs! Sjølv om vatnet blir stengt når temperaturen blir for låg er det viktig å opne alle kranar og la vatnet renne ut til det ikkje er meir vatn igjen i røyra.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }