Bedriftsforsikring
Næringsforsikringar er tryggleik for deg, dine tilsette og verksemda di. Hos oss får bedrifter, landbruk og organisasjonar personleg oppfølging, full oversikt og Norges beste skadeoppgjer.
Næringsforsikringar er tryggleik for deg, dine tilsette og verksemda di. Hos oss får bedrifter, landbruk og organisasjonar personleg oppfølging, full oversikt og Norges beste skadeoppgjer.
Ikkje bedrift? Sjå forsikring privat
Gjenstandar bedrifta eig, med motor eller hjul. Eller begge deler.
Dekker bygg, eigedelar og ansvar – og meir viss noko skulle skje.
Forsikring for deg og tilsette. For hendingar de skulle ha vore utan.
Fleksible forsikringar som er tilpassa gardsdrifta di.
På kundeservicesidene våre kan du blant anna logge inn og sjå dine bedriftsforsikringar, kontakte bedriftsrådgjevar, kjøpe forsikringar, avslutte forsikringar, sjå spørsmål og svar om faktura og mykje mer.
Ønsker du å melde skade eller prate med ein skadebehandlar, hjelper forsikringsselskapet vårt Fremtind deg.
Vel din bransje og du får råd om kva forsikringar du må ha, bør ha og kan ha. Her kan du lese meir om kva andre i same bransje har valt.
Yrkesskade er fysiske og psykiske skadar og sjukdomar som fører til medisinsk invaliditet, arbeidsuførheit eller død. Ein yrkesskade oppstår som følgje av arbeidssituasjonen. Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad. Belastningsskader eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskader.
Har bedrifta yrkesskadeforsikring hjå oss kan denne òg utvidast med forsikring for anna sjukdom og fritidsulukesforsikring.
Har du fått påvist ein godkjent yrkesskade har du krav på utbetaling både frå folketrygda og frå yrkesskadeforsikringa. Meld yrkesskade til Fremtind.
Ménerstatning er erstatninga ein kan ha krav på ved varig medisinsk invaliditet som følge av sjukdom eller ulykke som har skjedd i arbeid eller fritid.
Har du fått påvist varig medisinsk invaliditet kan du ha krav på ménerstatning både frå folketrygda og frå forsikring, avhengig av om skaden skjedde i arbeidstid eller på fritid. Ménerstatning reknast ut ifrå graden av medisinsk invaliditet (invaliditetstabell), og varierer frå din alder og kva forsikring arbeidsgivar har valt for deg.
Alle bedrifter med tilsette er lovpålagt å ha yrkesskadeforsikring på sine tilsette. Denne kan òg utvidast med forsikring for annan sjukdom og fritidsulykkesforsikring.
Gruppelivsforsikring er det same som livsforsikring, for dei tilsette. Forskjellen er at det er bedrifta eller organisasjonen som administrerer og betaler for forsikringa – kalla kollektiv forsikring. Forsikringane utbetaler ein eingangssum dersom den tilsette dør, til den avdøde sin ektefelle/sambuar og arvingar. Den tilsette kan sjølv bestemme kven som skal ha rett på utbetalinga ved å sende inn erklæring for begunstigelse.
Gruppelivsforsikringa kan også kjøpast for den tilsette sin ektefelle eller sambuar (kalla kryssforsikring), som då også vil gi den tilsetteutbetaling ved partners dødsfall.
Gruppelivsforsikring vs livsforsikring
Er du tilsett kan du både ha gruppelivsforsikring via jobben og di eiga private livsforsikring. Begge forsikringane vil bli utbetalt i henhald til vilkåra.
I nokre tilfelle kan bedrifta få tilsendt ein faktura som erstattar den opphavelege fakturaen som først blei motteke frå forsikringsselskapet vårt Fremtind.
Dette skjer hovudsakleg når det er gjort endringar på forsikringane, og i dei tilfella skal de kun betale erstatningsfakturaen. Bedrifta kan då sjå vekk frå den opphavelege fakturaen.
Vårt forsikringsselskap Fremtind har eit rekneskapsbilag som viser faktisk innbetalt og utbetalt beløp på den enkelte forsikring gjennom kalendaråret. Ta kontakt med oss for å få tilsendt bilaget.
Medisinsk invaliditet betyr at du har mista delar av den normale kroppsfunksjonen din. Døme på medisinsk invaliditet er at du har:
Medisinsk invaliditet vert bedømt ut frå eit gradsystem frå 1 til 100 prosent. Har du for eksempel fått ein kneskade i form av kneleddsartrodese/ankylose vil det gi deg ein invaliditetsgrad på 20 %, medan tap av fremre korsband gir 5 % invaliditetsgrad, basert på invaliditetstabellen hos lovdata.no.
Har du skada deg er det legen din som reknar ut kva invaliditetsgrad du har. Har du fått påvist varig medisinsk mén av legen kan du ha krav på utbetaling både frå folktrygda og frå forsikringa til arbeidsgjevar. Varig medisinsk invaliditet kan vere dekka av følgjande forsikringar:
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er belastningsskadar?
Kva dekker reiseforsikringa i samband med ulykke?
Barn som skadar seg i barnehage?
Belastningsskader er definert som skader, plager og lidingar knytt til muskel- og skjelettet, som har utvikla seg gradvis over tid på grunn av overbelastning eller feil belastning.
Som hovudregel er ikkje ein belastningsskade å ansjå som ein yrkesskade, og er difor ikkje dekka av yrkesskadeforsikring, etter yrkesskadeforsikringslova.
Dersom arbeidsgivar har utvida yrkesskadeforsikring med annan sjukdom, kan du ha rett til erstatning frå denne forsikringa.
Les også:
Kva er yrkesskade?
Kva er ménerstatning?
Kva er medisinsk invaliditet?
Kor mykje får den tilsette i yrkesskadeerstatning?
Kva er yrkesskadeforsikring?
For fleire spørsmål og svar - sjå kundeservice bedriftsforsikring
Du kjøper forsikringa di hos i SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium