I bygg- og anleggsbransjen er det fleire forsikringar som kan vere kritiske for bedrifta, om noko skulle skje. Alle forsikringane tilpassast etter bedrifta sitt behov.
Driv du som frilansnæringsdrivande?
Les meir om enkeltpersonføretak
I bygg- og anleggsbransjen er det fleire forsikringar som kan vere kritiske for bedrifta, om noko skulle skje. Alle forsikringane tilpassast etter bedrifta sitt behov.
Driv du som frilansnæringsdrivande?
Les meir om enkeltpersonføretak
Lovpålagde og kritiske forsikringar for bedrifter som har tilsette og registrerte køyretøy.
Våre bedriftsforsikringar kan tilpassast arbeidet bedrifta utfører og utstyret bedrifta eig.
Personalforsikringar er ein tilsettegode som gjer bedrifta til ein meir attraktiv arbeidsplass.
Jobbar du som handverkar bør du forsikre deg sjølv, dine tilsette, bedrifta sine største eigedelar og sjølve jobben de gjer. Enten du driv som tømrar/snekkar (i eit tømrarfirma), rørleggar, elektrikar eller entreprenør/byggmeister, er det nokre forsikringar du må ha, nokre du bør ha og nokre du kan ha.
Typisk for ein del handverksbedrifter er at dei har tilsette med eigne bilar (med mykje dyrt verktøy) som utfører oppdrag innan sine fagfelt. Brukar vi dette som utgangspunkt er dette forsikringane vi tilrår bedrifta og dei tilsette:
Bedriftsforsikringar | Må ha | Bør ha | Kan ha |
Yrkesskade For bedrifter med tilsette |
✔ | ||
Bil/varebil Du kan velje mellom ansvar, delkasko, kasko og toppkasko. |
✔ | ||
Ansvar - Dekker bedrifta økonomisk og juridisk, ved rettsleg erstatningsansvar |
✔ | ||
Lausøyre/eigedelar - Dekker m.a. bedrifta sine verktøy, maskiner og utstyr |
✔ | ||
Prosjekt (også kalla entreprenørforsikring) - Sikrar verdiane på ein byggeplass |
✔ | ||
Avbrotstap/driftstap - Dekker tap som skuldast driftsstans pga. skade |
✔ | ||
Helse/behandling - Kan hjelpe dei tilsette raskare tilbake i jobb |
✔ | ||
Cyber - Teknisk IT-hjelp ved datainnbrot |
✔ | ||
Gruppeliv - Gir familien økonomisk hjelp viss den tilsette dør |
✔ | ||
Reise - Kan dekke dei tilsette både på jobb- og fritidsreiser |
✔ | ||
Utvida yrkesskade Fritidsulykke Annan sjukdom |
✔ ✔ |
Viss du er sjølvstendig næringsdrivande eller freelancer er du ikkje pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring. Sjølv om det ikkje er pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring kan du framleis bli utsett for yrkesskader, som kan få store konsekvensar både personleg og for bedrifta di.
Yrkesskade er fysiske og psykiske skadar og sjukdomar som fører til medisinsk invaliditet, arbeidsuførheit eller død. Ein yrkesskade oppstår som følgje av arbeidssituasjonen. Yrkesskade er personskade, yrkessjukdom eller dødsfall som er forårsaka av arbeidsulykke, arbeidsprosessar og påverknad frå skadelege stoff.
Ein yrkesskade må ha skjedd i arbeidstida og medan den tilsette gjorde oppgåver for arbeidsgjevaren, både på eller utanfor fast arbeidsstad. Belastningsskader eller psykiske lidingar som har utvikla seg over tid er ikkje ansett som yrkesskader.
Har bedrifta yrkesskadeforsikring hjå oss kan denne òg utvidast med forsikring for anna sjukdom og fritidsulukesforsikring.
Har du fått påvist ein godkjent yrkesskade har du krav på utbetaling både frå folketrygda og frå yrkesskadeforsikringa. Meld yrkesskade til Fremtind.
Bedrifta kan velje mellom 4 forskjellige betalingsfrekvensar for bedriftsforsikringane:
Sjå også:
Skal du foreta ei innbetaling til Fremtind Forsikring frå utlandet treng du følgjande opplysningar:
Desse opplysningane finn du òg på første side i mottatt eller varsla faktura.
Gruppelivsforsikring er det same som livsforsikring for dei tilsette, berre at det er bedrifta som betaler for forsikringane. Forsikringane utbetaler ein eingangssum dersom den tilsette dør, til den avdøde sine arvingar. Gruppelivsforsikringa kan òg kjøpes for den tilsette sin sambuar eller ektefelle, som då vil gi den tilsette utbetaling ved dødsfall.
Gruppelivsforsikring vs livsforsikring
Ein tilsett kan både ha gruppelivsforsikring via jobben og si eiga private livsforsikring. Den tilsette kan sjølv bestemme kven som skal ha rett på utbetalinga ved å sende inn skjema for begunstigelse.
Arbeidsgivaransvaret er eit lovfesta ansvar som følger av skadeserstatningslova § 2-1. Arbeidsgivar vil som følgje av dette alltid, uavhengig av skuld, vere ansvarleg for tilsette sine uaktsame handlingar eller unnlatelsar. Dette betyr at viss ein tilsett som utfører arbeid, forårsakar ein skade på en tredjepart, så pliktar arbeidsgivar å erstatte tredjeparten sitt økonomiske tap, uavhengig av om arbeidsgivar kan klandrast for at skaden oppstod.
Arbeidsgivaransvaret er svært praktisk for den som blir påført ein skade, fordi eit erstatningskrav kan rettast direkte mot arbeidsgivaren.
Viss ei bedrift har ansvarsforsikring så kan forsikringa dekke bedrifta sitt arbeidsgivaransvar. Det vil seie at dersom ein ansatt forårsakar ein skade (uaktsamt) så kan forsikringa dekke skaden.
Sjå også:
Har du hatt uhell eller skade?