Kva er varme arbeid?
Arbeid med varme er arbeid der det blir nytta arbeidsverktøy og -utstyr som genererer gnistar og varme som kan føre til brann. Arbeid med varme inkluderer bruk av open flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og slipeutstyr. Forsikringsselskapa har sett krav til at dei som utfører arbeid med varme utanfor faste tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom skal ha sertifikat frå Norsk brannvernforening eller ein organisasjon godkjend av Norsk brannvernforening.
Kor gjeld sikkerheitsforskrifta?
Sikkerheitsforskrifta gjeld ved utføring av varme arbeid i alle miljø med brannrisiko. Unntatt er varme arbeid som blir utført i spesielt tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom. Rommet skal vere adskilt frå annan verksemd som eigen branncelle. Denne skal ha ubrennbare overflater.
Avtale med ekstern handverkar/entreprenør
Hvis varme arbeid skal bli utført av ekstern handverkar/entreprenør skal den som er sikra påse at sikkerheitsforskrifta sine krav inngår i skriftleg avtale eller kontrakt med denne.
Sikkerheitskrav:
- Arbeidsinstruks for utføring av varme arbeid utgitt av Finans Norge eller tilsvarande instruks skal vere utfylt og signert før utføring av arbeidet. Arbeidsinstruks for varme arbeid finn du lengre ned på sidan eller på fgsikring.no.
- Alt brennbart materiale i risikoområdet der varmt arbeid utførast skal vere fjerna eller beskytta.
- Opningar i golv, veggar og tak i risikoområdet der varmt arbeid utførast skal vere tette.
- Eigna slokkeutstyr i forskriftsmessig stand, minimum 2 stk. 6 kg/liter håndslokkeapparat skal vere lett tilgjengeleg. Ett håndslokkeapparat kan erstattast med brannslange påsett vatn fram til strålerøret.
- Navngitt brannvakt skal kontinuerleg overvåke brannrisiko under arbeidet, i pausar og nødvendig tid etter at arbeidet er avslutta, minimum ein time. Utførande kan vere brannvakt der brannrisikoen vurderast som låg.
- Brannvakt og utførande skal ha gyldig sertifikat for utføring av varme arbeider frå Norsk brannvernforening eller samarbeidande organisasjon i øvrige nordiske land.
Sikkerheitskrav ved arbeider på tak:
I tillegg til punkta over gjeld følgjande sikkerheitskrav:
- Det er forbod mot bruk av open flamme på oppfôra og lufta tretak.
- Ved bruk av open flamme på kompakte og øvrige tak som ikkje er nemnt i punkt over skal brennbar isolasjon vere beskytta med minst 30 mm ubrennbar isolasjon. Ved bruk av open flamme skal det vere ein sikkerheitsavstand på minst 60 cm til parapet, gesims, gjennomføringar, sluk og liknande som består av brennbare materialar.
Åpne/last ned dokumenter i PDF