prosjektforsikring
(entreprenørforsikring)
Prosjektforsikring er tilpassa entreprenører og byggherrar for å sikre verdiane tilknytt anleggs- og byggeplassar.
Prosjektforsikring er tilpassa entreprenører og byggherrar for å sikre verdiane tilknytt anleggs- og byggeplassar.
Ei prosjektforsikring er spesielt tilpassa entreprenørar, og dekker skadar på utstyr og materiale som blir brukte i prosjektet.
Normalt er det entreprenøren som etter Norsk Standard kjøper prosjektforsikring. Når entreprenør kjøper prosjektforsikring er byggherre medforsikra, og vanlegvis treng derfor ikkje byggherre eiga prosjektforsikring. Det kan likevel vere aktuelt for byggherre å kjøpe prosjektforsikring, for eksempel viss byggherre sjølv direkte engasjerer underentreprenørar eller utfører delar av arbeidet sjølv.
Dekning | Prosjekt-/entreprenørforsikring |
Bygge- og anleggsarbeid | ✔ |
Rehabilitering, ombygging og reparasjon | ✔ |
Montasjearbeid ved for eksempel montering av maskiner eller produksjonslinjer | ✔ |
Materiale og utstyr som skal inngå i bygget/anlegget, også ting levert og bekosta av byggherren | ✔ |
Arbeid kjøpe og utføre av byggherren | ✔ |
Riving og rydding |
Inntil 3.000.000 kr |
Maskiner, verktøy og hjelpeutstyr (som ikkje inngår i ferdig bygg/anlegg) | Inntil 300.000 kr |
Tilsette sine personlege ting (f.eks. arbeidstøy) | Inntil 10.000 kr per tilsett |
Eige materiale på fast lagerstad | Inntil 300.000 kr |
Brakker, konteinarar og liknande som blir brukt til å utføre arbeidet, også under transport | Inntil 300.000 kr |
Offentleg påbod | Inntil 1.000.000 kr |
Gjenoppretting av arkiv, datafiler og liknande, innan 2 år etter skade | Inntil 500.000 kr |
Blant ei rekke tilleggsforsikringar kan du for eksempel sikre deg mot avbrotstap/driftstap som følge av erstatningsmessig skade og utgifter til riving, rydding, lagring og destruksjon.
Dekningar | |
Garanti reklamasjonstid | Tilleggsdekning |
Avbrotstap entreprenør | Tilleggsdekning |
Avbrotstap byggherre (advance loss of profit) | Tilleggsdekning |
Avbrotstap spesiell leverandør | Tilleggsdekning |
Riving/rydding/lagring/destruksjon | Summen kan utvidast |
Brakker og arbeidsutstyr | Summen kan utvidast |
Byggekran | Tilleggsdekning |
Skade på bygg ved sida av | Tilleggsdekning |
Ekstrautgifter | Summen kan utvidast |
Offentlege reglar (påbud) | Summen kan utvidast |
Sviktande fundament | Tilleggsdekning |
Avbrotstap = utgifter i ventetida.
Har du allereie entreprenørforsikringa hos oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.
Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, dersom du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.
Har de mange prosjekt, kan ein årsavtale vere meir gunstig enn å forsikre eit enkeltprosjekt.
Enkeltforsikring
Med enkeltforsikring får du forsikring av eitt prosjekt. Forsikringa gjeld på den forsikringsstaden som er avtalt i forsikringsbeviset.
Årsavtale
Årsavtalen tar utgangspunkt i bedrifta sine driftsinntekter for siste avslutta rekneskapsår, og omfattar alle arbeid i løpet av forsikringsåret. Forsikringa gjeld på anleggs- og byggeplassar i Norge.
I tida etter at eit prosjekt er overlevert, har ofte entreprenøren og underentreprenøren inngått ein kontrakt som gir garanti for arbeida dei har gjort.
Garantiforsikring i reklamasjonstida er ei tilleggsdekning som du kan velje når du kjøper prosjektforsikring (entreprenørforsikring). Denne tilleggsforsikringa dekker skadar du som entreprenør er pliktig til å erstatte, og som skjer på det arbeidet som er gjort ifølge kontrakten og i reklamasjonstida. Gjeld for skader som er beskrevne i prosjektforsikringa.
Årsaka til skaden må ha oppstått i prosjektperioden. Du kan velje mellom garantitid på 24, 36 eller 60 månader. Standard forsikringssum er 1 million kroner, men denne kan utvidast ved behov.
Døme på ei skade dekka av garantiforsikringa:
Det lekker vatn fordi det er feil ved rørledningane i det nyoppførte bygget, men skaden vart ikkje oppdaga før bygget vart overlevert. Følgeskader av vasslekkasjen blir dekka av garantiforsikringa.
NB: Garantiforsikring i reklamasjonstid er ikkje det same som garantiforsikring. Garantiforsikring er eit alternativ til bankgaranti. Vi tilbyr òg bankgarantiar som kontraktsgaranti og entreprenørgaranti.
Ein skade kan forsinke overtakinga så mykje at byggherren ikkje kjem i gang med produksjonen eller ikkje får dei leigeinntektene dei skal ha.
Advance loss of profit (ALOP) er ei tilleggsdekning til entreprenørforsikringa. Denne dekker byggherrens avbrotstap, etter at det har oppstått skader som er dekka av entreprenørforsikringa (prosjektforsikring).
Eigenandelen er avbrotstapet i karenstida. Karenstida blir avtalt ved kjøp av forsikringa og byrjar samtidig med ansvarstida. Responsstida byrjar den datoen arbeidet opphavleg skulle ha vore overtatt av byggherren i henhold til avtalt framdriftsplan.
Eksempel på ein skade dekka av advance loss of profit:
Kva er varme arbeid?
Arbeid med varme er arbeid der det blir nytta arbeidsverktøy og -utstyr som genererer gnistar og varme som kan føre til brann. Arbeid med varme inkluderer bruk av open flamme, varmlufts-, sveise-, skjære- og slipeutstyr. Forsikringsselskapa har sett krav til at dei som utfører arbeid med varme utanfor faste tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom skal ha sertifikat frå Norsk brannvernforening eller ein organisasjon godkjend av Norsk brannvernforening.
Kor gjeld sikkerheitsforskrifta?
Sikkerheitsforskrifta gjeld ved utføring av varme arbeid i alle miljø med brannrisiko. Unntatt er varme arbeid som blir utført i spesielt tilrettelagde produksjons- og verkstadsrom. Rommet skal vere adskilt frå annan verksemd som eigen branncelle. Denne skal ha ubrennbare overflater.
Avtale med ekstern handverkar/entreprenør
Hvis varme arbeid skal bli utført av ekstern handverkar/entreprenør skal den som er sikra påse at sikkerheitsforskrifta sine krav inngår i skriftleg avtale eller kontrakt med denne.
Sikkerheitskrav:
Sikkerheitskrav ved arbeider på tak:
I tillegg til punkta over gjeld følgjande sikkerheitskrav:
Åpne/last ned dokumenter i PDF
Jobbar du som handverkar bør du forsikre deg sjølv, dine tilsette, bedrifta sine største eigedelar og sjølve jobben de gjer. Enten du driv som tømrar/snekkar (i eit tømrarfirma), rørleggar, elektrikar eller entreprenør/byggmeister, er det nokre forsikringar du må ha, nokre du bør ha og nokre du kan ha.
Typisk for ein del handverksbedrifter er at dei har tilsette med eigne bilar (med mykje dyrt verktøy) som utfører oppdrag innan sine fagfelt. Brukar vi dette som utgangspunkt er dette forsikringane vi tilrår bedrifta og dei tilsette:
Bedriftsforsikringar | Må ha | Bør ha | Kan ha |
Yrkesskade For bedrifter med tilsette |
✔ | ||
Bil/varebil Du kan velje mellom ansvar, delkasko, kasko og toppkasko. |
✔ | ||
Ansvar - Dekker bedrifta økonomisk og juridisk, ved rettsleg erstatningsansvar |
✔ | ||
Lausøyre/eigedelar - Dekker m.a. bedrifta sine verktøy, maskiner og utstyr |
✔ | ||
Prosjekt (også kalla entreprenørforsikring) - Sikrar verdiane på ein byggeplass |
✔ | ||
Avbrotstap/driftstap - Dekker tap som skuldast driftsstans pga. skade |
✔ | ||
Helse/behandling - Kan hjelpe dei tilsette raskare tilbake i jobb |
✔ | ||
Cyber - Teknisk IT-hjelp ved datainnbrot |
✔ | ||
Gruppeliv - Gir familien økonomisk hjelp viss den tilsette dør |
✔ | ||
Reise - Kan dekke dei tilsette både på jobb- og fritidsreiser |
✔ | ||
Utvida yrkesskade Fritidsulykke Annan sjukdom |
✔ ✔ |
Viss du er sjølvstendig næringsdrivande eller freelancer er du ikkje pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring. Sjølv om det ikkje er pålagd å kjøpe yrkesskadeforsikring kan du framleis bli utsett for yrkesskader, som kan få store konsekvensar både personleg og for bedrifta di.
Datainnbrot vil seie at nokon eller ein programvare (for eksempel virus, trojaner eller liknande) skaffar seg uautorisert tilgang til bedrifta sine datasystem eller data, eller blokkering av bedrifta sine datasystem eller data.
Med bedrifta sine datasystem meinast system som bedrifta eig, leiger eller driftar sjølv. Datasystem og tenester som er levert av ein tredjepart, via sky eller andre hostingtenester reknast også som bedrifta sine, forutsatt at det er inngått skriftleg avtale mellom partane.
Har du hatt uhell eller skade?
Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.