Bankgarantiar
Med bankgaranti får bedrifta di og samarbeidspartnarane dine ein ekstra tryggleik rundt økonomiske forpliktingar og avtalar.
Med bankgaranti får bedrifta di og samarbeidspartnarane dine ein ekstra tryggleik rundt økonomiske forpliktingar og avtalar.
Merk at berre aksjeselskap kan søke om garanti på knappane ovanfor.
Enkeltpersonføretak søker her.
Eit garantidokument frå banken er ein sikkerheit både for kjøpar og seljar. Betalingsgaranti er ein av dei vanlegaste formane for garanti. Med betalingsgaranti forpliktar banken seg til å betale ein leverandør, dersom bedrifta di ikkje kan betale til avtalt tid. Bedrifta gjer opp for seg med banken i etterkant av handelen.
For å få bankgaranti, tar vi pant i eigedelar i bedrifta di.
Betalingsgaranti garanterer ovanfor leverandøren til kunden at han vil gjere opp for seg.
Ein betalingsgaranti har mange formar, men generelt omfattar det kjøpet av varer eller tenester der seljaren føreset bankgaranti.
Løyvegaranti er lovpålagt om du har transport som næring. Det finnast ulike transportgarantiar tilpassa forholda dine, enten du er taxisjåfør eller driv med godstransport.
Husleigegaranti er ein garanti som blir brukt der huseigar forlangar garanti for at husleiga blir betalt - normalt for eit bestemt beløp.
Lånegaranti inneber at banken garanterer for heile eller delar av eit lån som bedrifta har i ein annan låneinstitusjon.
Kontraktsgaranti eller entreprenørgaranti blir brukt når det blir inngått kontrakt om utføring av oppdrag og oppdragsgjevar forlangar at det blir stilt bankgaranti for heile eller delar av beløpet.
Denne garantiforma blir ofte nytta innanfor bygg- og anleggsbransjen.
Finn du ikkje den garantien du er på jakt etter? Eller treng du ei løysing skreddarsydd til behova dine?
Ta kontakt med oss, så finn vi fram til beste løysinga for bedrifta di.
Rådgjevarane våre er her for å hjelpe deg.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium