Leasing for bedrift

Visste du at bedrifta kan finansiere køyretøy, maskiner og utstyr gjennom oss i staden for å kjøpe det sjølv?

Dame med kaffi
Du finn sjølv det utstyret bedrifta treng og inngår avtale med leverandøren.
Vi kjøper køyretøyet eller utstyret og bedrifta betaler eit månadleg leigebeløp.
Bedrifta får nytt og moderne utstyr utan å måtte punge ut heile kjøpesummen med ein gong.

Sjå alle prisar og vilkår

  • Månadsprisen avheng av kva bedrifta skal lease og kor lenge.
  • Leigeperioden er vanlegvis mellom 3 og 7 år.
  • Ved sesongsvingingar kan bedrifta få ein fleksibel nedbetalingsplan.
  • Vi er formell eigar av utstyret, men bedrifta har full bruksrett.
  • Bedrifta har ansvar for vedlikehald, eventuell service og forsikring.

Korleis fungerer leasing?

Leasing vil seie at banken kjøper og eig utstyr som bedrifta di leiger i ein gitt periode, vanlegvis mellom 3 og 7 år. Bedrifta vel sjølv leverandør av utstyret, og kan bruke det som om det var sitt eige. 

Når leigeperioden er over har du tre alternativ: Bedrifta kan kjøpe ut utstyret, halde fram med å leige til sterkt redusert pris (éi månadsleige i året) eller levere det tilbake.

Fordelar med leasing

  • Bedrifta slepp å binde opp mykje eigenkapital i eigedelar.
  • Vi kjøper køyretøyet og bedrifta betaler eit månadleg leigebeløp.
  • Passar for bedrifter som treng å skifte ut køyretøy, utstyr og maskiner ofte.

Prøv lånekalkulatoren

Er du usikker om leasing eller lån er det beste for bedrifta di? I leasingkalkulatoren kan du rekne ut kva leasing vil koste bedrifta i månaden. Du kan òg sjekke kva det vil koste dersom du heller vil ta opp eit lån.

kalkulator illustrasjon

Kva kan leasast?

Det meste kan leasast, så lenge det kan identifiserast som ei eiga eining gjennom eit serie- eller registreringsnummer.

 

  • Bilar, traktorar og hengarar
  • Anleggsmaskiner og landbruksmaskiner 
  • Båtar og skip
  • Møblar og inventar
  • Produksjonsutstyr
  • Foto- og videoutstyr
  • IT-utstyr, skrivarar og kopimaskiner
mann sjekkar bil. foto.

Lurer du på kva type finansiering du skal velje?

Sjå også

Rod-bil.jpg

Lease eller eige firmabil?

Viktigaste forskjellar mellom leasing og billån.

mann krasja bil forsikring

Køyretøy- og maskinforsikringar

Har de køyretøy og større maskiner - har vi forsikringane som passar for dykk.