Køyretøy- og maskinforsikringar

Har de køyretøy og større maskiner - har vi forsikringane som passar for dykk. 

Privat? Sjå køyretøysforsikringar

ein rosa traktor står parkert på tunet

Bruke firmabil privat

Har den tilsette firmabil som bedrifta eig eller leaser og som hen kan disponere på privaten? Då er dette ein fordel som normalt reknast som lønsinntekt, og då må hen betale skatt av fordelen.

Lagringsforsikring for avregistrert køyretøy

Viss bedrifta midlertidig avregistrerer eit køyretøy, vil vi få beskjed frå Statens vegvesen. Då vil vi nedgradere forsikringa til ei lagringsforsikring. Då slepp de å betale for ansvardekning og trafikkforsikringsavgift, men beheld den øvrige dekninga i avtalen. Prisen blir også kraftig redusert. 

Transportforsikring

Transportforsikring passar for transportørar som fraktar eigne varer. Vi tilbyr både transportforsikring av enkeltforsendingar og årsavtalar, avhengig av ditt behov. Transportforsikringa dekker det økonomiske tapet viss ei vare blir utsett for skade eller tap under transport.

Godsansvar

Godsansvarsforsikringa omfattar det rettslege ansvaret som eigar av køyretøyet eller sjåfør har for skade på gods under lasting, lossing og transport, samt forseinka levering.

Har du hatt uhell eller skade?