Transportforsikring

Transportforsikring passar for transportørar som fraktar eigne varer. Vi tilbyr både forsikring av enkeltforsendingar og årsavtalar, avhengig av ditt behov.

Dame tel varer som skal transporterast i ein lastebil
Dekker økonomisk tap viss varer blir skada eller borte under transport.
Kan utvidast med avbrotstap, termoklausul og vrakfjerning.
Kan bli tilpassa med spesialavtale og val av tilleggforsikringar.

Transportansvar og forsikring

Det er naturleg å tenke at skadar på lasten er transportøren sitt ansvar og ikkje du som eig vara. Då er det viktig å vere klar over ein ting: Ifølge norsk og internasjonal lov, er transportøren sitt ansvar sterkt avgrensa. Transportøren er ansvarleg for tap som skuldast at dei har vore uaktsame eller gjort noko som er uforsvarleg eller uakseptabelt. Det vil seie at viss transportøren kolliderer, men ikkje har vore uaktsam eller kan noko for at ulukka skjedde, så kan ein ikkje krevje erstatning frå transportøren.

Sjølv i tilfelle der transportøren er ansvarleg for ei skade, er beløpet dei er ansvarlege for, svært avgrensa. Avgrensinga av erstatninga blir berekna per kg i SDR (special drawing rights). I praksis betyr dette at ein kan risikere at dyre varer blir erstatta til ein symbolsk pris. 

Med ein transportforsikring er det den som eig varene, som er forsikra. Viss du ønsker å forsikre varer du transporterer for kundane dine - sjå godsansvarsforsikring.

Kva dekker transportforsikring?

Forsikring dekker det økonomiske tapet viss ei vare blir utsett for skade eller tap under transport. Du kan velje to avtaletypar og ulike dekningar, avhengig av bedrifta sine behov.

Omsetning av  varer

Denne dekninga passar for bedrifter som vil ha årsavtale for alle transportar i inn- og utland, og som anten ber risikoen eller må forsikre vara etter avtalte leveringsbetingelsar. Vi beregnar prisen ut frå anslått årleg omsetning for varer bedrifta skal transportere.

Tidsforsikring

Denne dekninga passar for eigedelar bedrifta skal transportere i Norge. Den brukast gjerne av kundar som treng enkeltforsikring eller årsavtale, for eksempel når dei fraktar ei utstilling av bilar, båtar, utstyr eller arbeidsmaskiner frå stad til stad.

Eigne varer i eigne bilar

Denne dekninga er tilpassa bedrifter som vil ha årsforsikring for transport av eigne varer i eigne bilar, og som transporterer varer som har mindre verdi. Viss bedrifta har varer med større verdi, tilrår vi heller dekninga for omsetning av varer.

Eingongsforsikring

Eingongsforsikring dekker transport av varer og ting éin gong, for ein strekning bedrifta oppgir på førehand og som varer i ei bestemt tid. Forsikring passar både for bedrifter og privatpersonar.

Tilleggsforsikringar

For desse tillegga må vi inngå spesialavtale:

  • Avbrotsforsikring:
    Tap ved ventetid på ein fast stad. Gjeld kun for Omsetning av varerA-vilkår.
  • Termoklausul:
    Tap på grunn av temperaturinnverknad under transport. 
  • Vrakfjerning:
    Kostnadar med å fjerne totaløydelagde (forsikra) varer ved transport.

Eigenandel

Eigenandelar
10.000 kroner (Standard)
15.000 kroner
30.000 kroner
50.000 kroner

Vilkår for transportforsikring av varer

A-vilkår: Alle farer

Dette vilkåret dekker alle farer som varene kan bli utsett for under transport.

Brukast ofte for varer som ikkje toler så mykje.

B-vilkår: Utvida transportulykke

Dekker skadar/tap som skuldast at transportmiddelet har vore utsett for ei ulykke, for eksempel utforkøyring, akselbrot eller grunnstøting. I tillegg dekker vilkåret brann, naturskade, varer som kastast eller blir skylte over bord, skade ved flaum, fullstendig tap av heile kolli når ein lastar og lossar, flytting av varer i nødhavn og felleshavari.

Denne forsikringa blir ofte brukt for varer som toler mykje og brukte ting. Vi tilrår denne som som minimum for all sjøtransport.

C-vilkår: Transportulykke

Eit avgrensa vilkår som dekker skadar som skuldast at transportmiddelet har vore utsett for ei ulykke eller for brann, naturskade og felleshavari.

Brukast ofte for varer som toler mykje, men som allereie har ein del manglar eller skadar.


Vilkår og produktinformasjon

Vilkår og IPID

Har du allereie transportforsikring hos oss, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for bedrifta di.

Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, dersom du kjøper forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.

Kva er IPID?

 


Incoterms 

Incoterms er standardiserte internasjonale leveringsvilkår som fortel om det er kjøpar eller seljar som skal ta kostnadene, ansvaret og risikoen for varetransporten.


Enkeltforsikring eller årsavtale?

Vi tilpassar forsikringa etter kvar leveringvilkår (incoterms) som gjeld. Vi tilbyr to typar avtaler:

Enkeltforsikring 
Enkeltforsikring passar når du ønsker å forsikre èi enkelt sending.

Årsavtale
Årsavtale passar når du fraktar varer eller eigedelar heile tida, heile året.

 


Har du hatt skade eller uhell under transport?

Kva lurer andre på?

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }