Incoterms står for International Commercial Terms.
Incoterms er ei samling leveringsbetingelsar som kort og enkelt fortel kven som skal ta kostnadane, ansvaret og risikoen for varetransporten, og når ansvaret går over frå seljar til kjøpar. Desse standardiserte reglane blir brukte i nasjonale og internasjonale handelstransaksjonar for å klargjere forpliktingane mellom seljar og kjøpar når det gjeld forsendelse av varer.
ICC (International Chamber of Commerce) publiserte dei fyrste Incoterms-reglane i 1936, og den nyaste versjonen, Incoterms 2020, vart teke i bruk frå 1. januar 2020. Valet av Incoterms kode skal vere oppført i handelsfakturaen.
Incoterms 2020 Incoterms 2020 består av 11 forskjellige koder som gir ei oversikt over dei forskjellige stadiane i transaksjonen. Dei 4 kodane (FAS, FOB, CFR og CIF) gjeld kun ved sjøfrakt. La oss sjå på kvar kode og kva dei betyr for deg:
EXW (Ex Works) Risikoen går over til kjøparen når seljaren stiller vara til disposisjon på avtalt stad der seljaren har fabrikken eller lageret sitt (det betyr ikkje lasta opp på transportmiddel ved henting).
Kjøparens ansvar:
Lasting
Transport
lossing
tollklarering (både eksport og import)
forsikring*
FCA (Free Carrier) Risikoen går over til kjøparen når seljaren har levert vara til fraktføraren utpeika av kjøparen på bestemmelsesstaden.
Seljarens ansvar:
levere vara til fraktførar utpeika av kjøpar
klarere for eksport
Kjøparens ansvar:
oppnevn ein fraktførar
inngå ein fraktavtale
betale for frakt til destinasjon
CPT (Carriage Paid To) Risikoen går over til kjøparen når seljar har levert vara til første fraktførar.
Seljars ansvar:
inngå ein fraktavtale
betale for frakta til bestemmelsesstaden
klarere for eksport
betale laste- og lossekostnader (viss desse er inkludert i frakta)
Kjøpar skal motta vara på avtalt bestemmelsesstad og betale lossekostnader (viss desse ikkje er betalt av seljar).
CIP (Carriage and Insurance Paid To) Risikoen går over til kjøparen når seljar har levert vara til første fraktførar.
betale kostnadar for lossinga frå transportmiddelet
betale kostnadar for importklarering og eventuell vidaretransport
DPU (Delivered at Place Unloaded) Risikoen går over til kjøparen når vara er levert i ei hamn, flyplass, jernbanestasjon, fabrikk, terminal eller liknande. Tidlegare kalla DAT.
Seljars ansvar:
inngå fraktavtale
betale frakta (liner terms)
betale for eksport- og transittklarering
levere vara ferdig lossa på avtalt bestemmelsesstad
Transportforsikring
Kjøpars ansvar:
motta vara på bestemmelsesstad
klarere for import
DDP (Delivered Duty Paid) Risikoen går over til kjøparen når vara er stilt til disposisjon på avtalt stad i importlandet.
Seljars ansvar:
levere vara på avtalt bestemmelsesstad
bære all risiko og kostnadar forbunde med forsendinga dit
klargjere for eksport og import
Kjøpar skal motta vara på avtalt bestemmelsesstad.
FAS (Free Alongside Ship) Risikoen for vara går over til kjøparen når den er levert ved sida av skipet.
Seljaren skal levere vara til avtalt hamn og klarere den for eksport.
FOB (Free On Board) Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off blir det tilrådd å bruke FCA.
Seljaren sitt ansvar:
levere vara om bord
betale for lasting og alle kostnadar i lastehamna
klarere for eksport
Kjøpar sitt ansvar:
oppnemne fraktførar
inngå fraktavtale
betale frakta inkludert lossekostnadar
CFR (Cost and Freight) Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off, blir CPT anbefalt.
Seljar sitt ansvar:
levere varene om bord
inngå fraktavtale
betale frakta fram til bestemmelseshamn
betale lossekostnadar viss desse er inkludert i frakta
klarare for eksport
Kjøpar skal motta vara i avtalt bestemmelseshamn betale for lossing (viss desse ikkje er betalt av seljar).
CIF (Cost, Insurance and Freight) Risikoen for vara går over til kjøparen når vara er om bord i skipet. Ved containerfrakt og Roll-on/Roll-off, tilrår å bruke CIP.
{
"EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.",
"CHECKBOX_ERROR": "",
"CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa",
"DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.",
"DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).",
"RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.",
"POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).",
"TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.",
"TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.",
"ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).",
"ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).",
"SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).",
"PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).",
"MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)",
"SEARCH_ALLE": "Alle",
"MORE_INFO": "Vis meir informasjon",
"RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor",
"RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar",
"VIEW_IN_MAP": "Vis i kart",
"BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har",
"AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg",
"AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg",
"MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver",
"MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no",
"MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei",
"FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema
",
"FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad",
"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR",
"TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn",
"NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.",
"SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land",
"GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på",
"GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for",
"MODAL_CLOSE": "Lukk",
"SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til",
"SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?",
"SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min",
"SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no",
"SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort."
}