Godsansvarsforsikring

Har du forsikra køyretøyet hos oss kan du kjope godsansvarsforsikring som tilleggsforsikring. Godsforsikringa dekker skade og forsinking på varene.

mann i eit lager lastar varer med godsforsikring frå truck
Dekker skade på gods oppstått under lasting, køyring og lossing.
Dekker følgene av forsinka levering.
Godsforsikringa gjeld i heile Europa.

Kva dekker godsansvarsforsikring?

Godsansvarsforsikringa dekker det rettslege ansvaret som eigar av køyretøyet eller sjåfør har for skade på varer og gods, samt forsinka leveranse.

Dekningar Godsansvar
Ansvar for skade på gods under lasting
Ansvar for skade på gods under køyring til avlastingsstaden
Ansvar for skade på gods under lossing
Ansvar for følge av forsinka leveranse

Godsansvarsforsikring vs transportforsikring?

Enkelt forklart ligg forskjellen mellom godsansvarsforsikring og transportforsikring i kven som fraktar varene som skal forsikrast. Altså om du transporterer eigne varer eller fraktar varer for kundane dine.

Godsansvarsforsikringa dekker det rettslege ansvaret du som sjåfør eller eigar av køyretøyet har etter vegfraktlova, for skade på varer du transporterer for andre – med eige køyretøy. Transportforsikring dekker skade på eigne varer, uavhengig av kven som transporterer dei.

Altså passar godsansvarsforsikring for deg som frakter varer for kundane dine, mens transportforsikring passar deg som transporterer eigne varer.
 

Erstatningsberekning

Erstatningsberekninga følger reglane i lov om vegfraktlova. 

Standard erstatning ved innanriksfrakt er sett til maksimalt 17 SDR (special drawing rights) per kg skada eller tapt gods. Ved internasjonal frakt er standarderstatninga sett til maksimalt 8,33 SDR per kg skada eller tapt gods. Forsikringssummen kan aukast ved å inngå særskilt avtale.

Det blir berre gjeve erstatning for lovleg lasteevne. Frakt-, tollavgifter og andre fraktkostnadar blir heilt dekka ved totaltap og forholdsvis ved delvis tap.

Renter vert erstatta etter § 36 i vegfraktlova.

 


Pris på godsforsikring?

Ønsker du hjelp til å tilpasse godsforsikringane våre til din bransje og bedrift? Kontakt oss så hjelper vi deg å skreddersy forsikringane til dine behov. 
 

Kva lurer andre på?


Har du hatt skade eller forsinking?

Ønsker du skademeldingsskjema?

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }