Arbeidsmaskinforsikring

Med arbeidsmaskinforsikring får du dekka traktor, gravemaskin, dumpar, kran og andre anleggs- eller landbruksmaskiner som bedrifta har. 

ein stor gul hjullastar står parkert på ein anleggsplass og er forsikra med arbeidsmaskinforsikring
Kasko og tilleggsforsikring dekkjer maskinskade på ei inntil 15 år gamal maskin.
Kasko med tilleggsforsikring dekkjer avbrot i inntil 45 dagar.
Dekkjer psykologisk førstehjelp inntil 10 timar.

Kva dekkjer arbeidsmaskinforsikring?

Ansvarsforsikring er lovpålagd, men du kan oppgradere til delkasko eller kasko. I tillegg kan du tilpasse forsikringane med tilleggsdekningar etter bedrifta eller garden sitt behov.

Dekningar Kasko Delkasko Ansvar
Ansvar og rettshjelp
Førar- og passasjerulykke
Psykologisk førstehjelp (10 timar)
Begrensa identifikasjon
Nyanskaffa maskin (inntil 6 mnd. etter at dei er skaffa)
Brann  
Tjuveri og hærverk (ifbm. tyveri) ​​
Brotskade glas ​​
Veghjelp (driftsstopp som skjer på veg/stad som er normalt køyrbar) ​​  
Fastmontert tilleggsutstyr (inntil 30.000 kr) ​​  
Originale ekstra dekk/felgar  
Ting som er oppbevart i arbeidsmaskina (inntil 10.000 kr)  
Lagringsforsikring
(ved midlertidig avregistrering)
 
Skade på eiga arbeidsmaskin    

Tilleggsdekningar
     
Godsansvarsforsikring  
Ansvar for gods i kran  
Avbrot (inntil 45 dagar)  
Maskinskade (inntil 15 år gamal)    

Vilkår og produktinformasjon

Vilkår og IPID

Har du arbeidsmaskinforsikring hjå oss frå før, må du logge inn og laste ned vilkåra som gjeld for di bedrift/landbruk.

Nedanfor kan du laste ned standardvilkåra som er utgangspunktet, dersom du kjøpar forsikring i dag. Det er viktig å vite at du får skreddarsydd forsikringsavtalen og vilkåra etter behova til bedrifta.

Kva er IPID?

 

Arbeidsmaskiner som kan forsikrast

Du kan forsikre dei fleste typar anleggsmaskiner, landbruksmaskiner, jordbruksmaskiner, skogbruksmaskiner og entreprenørmaskiner. Vi forsikrar mellom anna:

  • Jordbrukstraktor
  • Skogarbeidsmaskin
  • Lastetraktor
  • Hogstmaskin
  • Hjullastar
  • Gravemaskin
  • Dumpar
  • Skurtreskar
  • ATV
  • Såmaskin
  • Slepemaskin
  • Mobilkran
  • Teleskoptruck
  • Minigravar
  • Løypemaskin
  • Truck
  • Mobilt knuseverk
  • Kompressor
  • Snøscooter

Sjølvgåande landbruksaggregat og robotar

Fleire og fleire gardsbruk tar i bruk sjølvgåande landbruksmaskiner og robotar. Altså, maskiner som ved hjelp av avansert sensorteknologi automatiserar oppgåver som planting, gjødsling, såing og høsting. Eller robotar som tek seg av overvaking, styring og bearbeiding.

Kontakt oss så hjelp vi deg å forsikre maskinene dine mot hendingar som skadar, tjuveri og driftsavbrot.

Er landbruksmaskinene dine klare for vinteren?

Når vinteren nærmar seg er det viktig med vedlikehald og klargjering av arbeidsmaskinene, slik at dei er klare for den kalde tida som kjem. Det aukar både levetida til maskina og minkar sjansen for reparasjon på ugunstige tidspunkt. Her er ei enkel og generell sjekkliste.

Reingjering:

  • Opne og tøm luker for kornrestar for å hindre tilhald for skadedyr. 
  • Bruk trykkluft eller ei børste for å fjerne jord og anna laust materiale frå utilgjengelege område, som hjørne og krokar i maskina. 
  • Tøm og reingjer eventuelle oppsamlingsskuffer, behaldarar eller kammer.
  • Inspiser skjær og knivar grundig for eventuelle restar som kan ha blitt fanga. Områder under og rundt rullar og valsar er spesielt utsett for å samle opp restar. Fjern eventuelt gjenverande restar.

Smøring og konservering

  • Gjer ein grundig inspeksjon av lagera og fôringane. Bruk feittpresse for å fjerne eventuelt vatn og smør delane.
  • Konserver utsette delar som plog, såmaskin og andre reiskap for å forlenge levetida.
  • Vurder å bruke ei oljesprøyte for kompressoren, og bruk ei blanding av diesel og sagkjedeolje for å vedlikehalde veltefjøler og harvetinder.
  • Påfør rustbeskyttande middel på utsette delar av maskina. Dette inkluderer område som er utsette for fuktigheit, som for eksempel boltar, skruar og metallflater.

Frostvæske

  • Sjekk kva type frostvæske som er anbefalt for maskina di. Nyare maskiner har gjerne spesifikke krav.
  • Sørg for at frostvæska er riktig blanda i forholdet som blir anbefalt av produsenten. Dette vil sikre at den toler dei forventa kuldegradene.
  • Bytt ut frostvæska jamnleg for å oppretthalde ei god smøring og korrosjonsbeskyttelse.
  • Sjå etter teikn på lekkasjar i maskina, og reparer eventuelle funn.
  • Om nødvendig, etterfyll frostvæske i systemet.

Motorvarmar

  • Bruk eit multimeter til å måle motstanden til motorvarmerelementet. Sørg for at verdien ligg innanfor riktig område.
  • Test leidninga mellom elementet og stikkontakta for å sikre at det er god forbindelse. 
  • Sjekk sikringar for eventuelle feil.

Glødepluggar og kaldstart

  • Mål motstanden på glødepluggane med eit multimeter for å sikre at dei fungerer som dei skal.
  • Ved behov, demonter glødepluggane og sjekk visuelt for eventuelle problem. Vær forsiktig for å unngå skade.
  • Skift slitte eller defekte glødepluggar om nødvendig.
  • Om arbeidsmaskina er utstyrt med eit termostartsystem, test systemet for å sikre at det fungerer som det skal for ein jamn start.
  • Forsikre deg om at det er tilstrekkeleg med drivstoff i systemet ved kaldstart. Eit tom drivstoffsystem kan føre til problem med oppstart.
  • Eit sterkt og påliteleg batteri er viktig ved kaldstart. Sjekk at batteriet ladar tilstrekkeleg og at det avgir riktig ampere.

Andre viktige kontrollar

  • Kople frå minuspolen på batteriet for å redusere risikoen for brann på maskiner i vinteropplag.
  • Sjekk og reingjer hyttefilteret i traktoren. Erstatt det om det er nødvendig, spesielt etter sprøyting.
  • Bytt dieselfilter om det er nødvendig. 
  • Gå grundig over batterileidningar og kontaktar for å sikre god elektrisk kontakt. Reingjer med sandpapir og bruk gjerne kobberfeitt for å forbetre kontaktflatene.
  • Inspiser hydraulikkslangar og ventilar for teikn på lekkasjar. Sjekk hydraulikkoljenivået og fyll på ved behov.
  • Reingjer eller bytt luftfilter for å sikre at motoren får tilstrekkeleg luft. Inspiser inntakssystemet for eventuelle blokkeringar.

Forsikre fleire arbeidsmaskiner?

Ønskjer du å forsikre fleire enn 20 arbeidsmaskiner kan vi tilby ein eigen flåteavtale.

Kontakt oss for flåteavtale

Prøveskiltforsikring

Vi tilbyr forsikring for årsprøvekjennemerke til forhandlarar som driv med demonstrasjonskøyring og treng prøveskilt for uregistrerte køyretøy som må ha ansvarsforsikring etter lova. Du kan velge mellom ansvar og kasko.


Har du hatt skade eller uhell med arbeidsmaskina?

Kva lurer andre på?

Forsikringsselskapet vårt er Fremtind Forsikring

Du kjøper forsikringa di hjå SpareBank 1, og den dagen du må bruke den, kontaktar du forsikringsselskapet vårt Fremtind Forsikring.

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }