Lagringsforsikring for avregistrert køyretøy
Viss du avregistrerer køyretøyet* ditt, vil forsikring gå over til ein lagringsforsikring. Då slepp du også å betale Trafikkforsikringsavgift.
Viss du avregistrerer køyretøyet* ditt, vil forsikring gå over til ein lagringsforsikring. Då slepp du også å betale Trafikkforsikringsavgift.
*Gjeld bil, mc, moped, atv, traktor og snøscooter.
Bedrift Sjå lagringsforsikring bedrift
Lagringsforsikring er ein versjon av di opphavlege forsikring, men forskjellen er at vi:
Det vil seie at du framleis beheld dei øvrige dekningane du hadde før du avregistrerte køyretøyet, fordi uventa hendingar kan skje sjølv om køyretøyet er lagra og avregistrert.
Har du til dømes kasko før du avregistrerer bilen vil du framleis behalde dei øvrige kaskodekningane etter avregistreringa – som er spesielt nyttig å vite for deg som avregistrerer ein bil med lån og krav om kasko.
Har du kun ansvarsforsikring før du avregistrer, blir forsikringa avslutta heilt. Det gjeld også viss du avregistrerer ved leasing.
Greitt å vite
Då kan logge inn til forsikringa for det køyretøyet det gjeld, og velje «Gjenoppta "dekning"». Viss det gjeld atv, traktor, snøscooter eller veteranbil må du kontakte oss for å gjennopta dekninga.
Viss du ønsker å endre til ei annan dekning enn den du hadde før du avregistrerte køyretøyet tar du kontakt med oss, så hjelper vi deg.
Deretter kan du registrere køyretøyet ditt igjen hos Statens vegvesen.
Viss du sel køyretøyet ditt blir det registrert som selt og vi får melding frå Statens vegvesen. Då blir forsikringa avslutta heilt. Det same gjeld hvis køyretøyet blir registrert som vraka eller stole.
Du kan når som helst sei opp lagringsforsikringa viss du ikkje ønsker å behalde denne.
Har du alt ein uregistrert bil eller mc kan vi tilby ein lagringsforsikring for uregistrert køyretøy, som dekker køyretøyet ditt mot brann og tjuveri når køyretøyet står lagra.
Vi har to typar lagringsforsikring:
Kva er forskjellen?
Lagringsforsikring ved avregistrert køyretøy får du automatisk når du midlertidig avregistrerer køyretøyet du alt har forsikra hos oss. Mens lagringsforsikring for uregistrert køyretøy kan du kjøpe når du forsikrar ein uregistrert bil eller motorsykkel.
Hvis du er usikker, kan du kontakte oss så skal vi hjelpe deg.
Skadeforsikringar
Mange skadeforsikringar kan du avslutte sjølv i «forsikringane mine» (eller nettbank/mobilbank). Der vel du forsikringa du ønsker å seie opp, og under forsikringsdetaljar finn du "Avslutt forsikringa". Treng du hjelp du kontakt oss så hjelper vi deg.
Viss du skal flytte skadeforsikringa til andre forsikringsselskap, får vi beskjed frå selskapet som overtar forsikringa, og vi avsluttar forsikringa automatisk for deg same dag som forsikringa blir starta opp i nytt selskap. Det same gjeld viss du flyttar forsikringa til oss.
For nokre skadeforsikringar, er det eit par ting som kan vera greitt å vite:
Køyretøy
For å seie opp ei køyretøyforsikring for eit registrert køyretøy, må du først avregistrere køyretøyet hos Statens vegvesen.
Båtforsikring
Båtforsikringa kan du seie opp sjølv, men det kan vere greitt å vite at båtforsikringa har sesongvariert pris.
Innbuforsikring
Innbuforsikringa kan du òg avslutte sjølv. Under forsikringsdetaljar finn du både «Avslutt forsikringa» og «Endre adresse». Dette gjeld ikkje viss du har LOfavør Innbuforsikring, som følger medlemskapet og folkeregistrert adresse.
Reiseforsikring
Reiseforsikringa er inngått som ein årsavtale, som blir fornya automatisk ved hovudforfall. Når du seier opp reiseforsikringa, så vil den avsluttast ved hovudforfall.
Personforsikringar
Viss du seier opp ei personforsikring fordi du skal flytte den til eit anna forsikringsselskap, bør du lese reglar for flytting av personforsikring, før du avsluttar forsikringa.
For å seie opp ei personforsikring loggar du inn i «forsikringane mine» og vel forsikringa du ønsker å seie opp, og vel "Avslutt forsikringa". Hugs at du kan få utbetaling frå fleire av same personforsikring, så når du kjøper hos eit forsikringsselskap vil den ikkje automatisk avsluttast hos eit anna.
Ønsker du hjelp?
Kan eg avskilte bilen utan å levere skilt?
Ja, det er ikkje lenger eit krav om at skilta på avregistrerte køyretøy skal leverast inn til ein trafikkstasjon, ved midlertidig avregistrering av køyretøy. Du kan sjølv midlertidig avregistrere køyretøyet på vegvesen.no når du sjølv ønsker. Det vil framleis vere mogleg å møte fysisk med skilta på ein trafikkstasjon dersom du ønsker det.
Kva med forsikringa?
Når du avregistrerer/avskiltar bilen midlertidig, går forsikringa di automatisk over på ei lagringsforsikring. Då er bilen din berre forsikra for lagring, og du kan ikkje køyre bilen.
Køyre avregistrert bil
Har du avregistrert bilen har du lagringsforsikring, men ikkje den lovpålagte ansvarsforsikringa. Køyrar du rundt med lagringsforsikring, køyrer du utan forsikring. Blir du stoppa medan du køyrer utan ansvarsforsikring er bota høg, men det verste er viss du blir skuldig i ei ulykke med personskadar. I tillegg til den vonde kjensla av å ha skada nokon for livet, kan erstatningsbeløpet fort komme opp i millionklassen.
Om du treng å køyre/flytte bilen medan den er avregistrert må du bestille prøveskilt/dagsforsikring hos Statens vegvesen. Du treng ikkje eige ansvarsforsikring når du køyrer med prøveskilt då dagsforsikringa inkluderer dette, og blir dekt av Statens vegvesen viss noko skulle skje. Du kan bruke prøveskilt ved:
Korleis registrerer eg ein avregistrert bil?
For å kunne registrere ein avregistrert bil må du fyrst ha ei bilforsikring. Om du alt har ei lagringsforsikring på bilen din, kan du logge inn på forsikringa for den bilen det gjeld og velje «Gjenoppta "dekning"».
Deretter kan du påregistrere køyretøyet ditt igjen hos Statens vegvesen.
Sjå også
Kondemnert bil?
Kva slags forsikring er påbode på motorkøyretøy?
Må eg forsikre bilen før omregistrering?
Avskiltingskrav?
Kva er regress?
Ja, vi tilbyr lagringsforsikring på bil, mc og veterankøyretøy. Har du ein uregistrert bil, MC eller veterankøyretøy kan du kjøpe lagringsforsikring for å forsikre køyretøyet mot brann og tjuveri når denne står lagra. Dette er ei god forsikring for deg som allereie har ein uregistrert bil eller mc.
Dersom du allereie har forsikring hos oss og avregistrerer køyretøyet ditt i delar av året, vil du automatisk gå over på lagringsforsikring.
Husk at alle registrerte køyretøy har forsikringsplikt.
Trafikkforsikringsforeininga gir dagbøter til alle registrerte køyretøy utan (minimum) ansvarsforsikring.
...eller kontakt oss.
Les meir om:
Manglande EU-kontroll
Sjølv om bilen din ikkje er EU-godkjent, gjeld bilforsikringa. Men det er eit viktig unntak: Om ein mangel på bilen er årsaka til uhellet, kan du få avkortning på erstatninga.
Dersom du har gløymt EU-kontrollen og køyretøyet ditt ikkje har blitt EU-godkjent innan fristen, vil du kunne motta ei avskiltingsbegjæring frå Statens vegvesen. Det betyr i praksis at køyretøyet ditt blir ilagt køyreforbud (bruksforbud). Hvis du ikkje ordnar opp vil du når som helst kunne bli stoppa av politiet, tollvesenet eller vegvesenet. Dei vil avskilte køyretøyet og sende skilta til oppbevaring på ein trafikkstasjon. Når Statens vegvesen avskiltar køyretøyet sender dei òg ut melding om avregistrering, noko som igjen gjer at vi automatisk gjer om forsikringa di til ei lagringsforsikring.
Ikkje betalt forsikring
Om du ikkje betalar forsikringa vil forsikringsselskapet avslutte forsikringa. Det vil òg gå ut ei melding til Statens vegvesen om at køyretøyet ikkje er forsikra, som vil sende ut ein avskiltingsbegjæring på køyretøyet. Du vil òg begynne å få dagbøter frå Trafikkforsikringsforeningen.
Levere skilt/avregistrere sjølv
Har du fått ei avskiltingsbegjæring frå Statens vegvesen må du avregistrere bilen. Tidlegare måtte du levere skilt til ein trafikkstasjon, men no kan du avregistrere bilen utan å levere skilt. For å kunne registrere bilen tilbake må du rette opp i grunnen for avskiltingsbegjæringa.
Hvis køyretøyet berre er i bruk delar av året, kan du velje å avregistrere kjøretøyet for å unngå å betale forsikring og trafikkforsikringsavgift (vegavgift) i perioden køyretøyet ikkje er i bruk. Då kan du avregistrere bilen på vegvesen.no så lenge du sjølv ønskjer. Når du gjer dette vil vi automatisk gjere om forsikringa di til ein lagringsforsikring.
Flytte avskilta køyretøy
Hvis du har avskilta køyretøyet, men likevel ønskjer å flytte bilen (for eksempel til verkstad for EU-kontroll), kan du bestille prøveskilt frå Statens vegvesen. Då er ansvarsforsikring inkludert i dagsprisen du betalar.
Ja, har du kjøpt eller solgt ein bil, må den nye eigaren kjøpe bilforsikring før omregistrering av bilen kan utførast. Etter at salgsmedlinga er sendt inn, må kjøparen forsikre bilen med minimum ansvarsforsikring, før hen får betalt omregistreringsavgifta.
Omregistreringsavgifta skal betalast når salsmeldinga er godkjent. Omregistreringsavgift er avgifta du betaler for at bilen eller køyretøyet skal bli registrert på ny eigar. Det er kjøparen av bilen som er ansvarleg for å betale omregistreringsavgifta.
Når ein bil vert seld, vil bilforsikringen til selgaren automatisk avsluttast når salgsmedlinga er godkjent av Statens vegvesen.
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium