Trafikkforsikringsavgift (TFA)

(tidlegare kalla årsavgift/vegavgift)

I 2018 blei årsavgifta døypt om til Trafikkforsikringsavgift (TFA) til staten. Det er forsikringsselskapa som krev inn avgifta, saman med betalinga av køyretøyforsikringa.

Elbil ladast og pakkast av to jenter ein solrik sommardag

Kva er trafikkforsikringsavgift (TFA)?

Trafikkforsikringsavgift er det som tidlegare heitte vegavgift/årsavgift. Det er regjeringa som har bedt forsikringsselskapa om å fakturere vegavgifta/årsavgifta for motorkøyretøy saman med forsikringa, for å forenkle rutinane til staten og spare administrasjonskostnadar. 

Trafikkforsikringsavgifta vil gjelde alle køyretøy med tillat totalvekt opptil 7.500 kg som skal ha ansvarsforsikring. For køyretøy med tillat totalvekt på 7.500 kg eller meir, må du betale vektårsavgift. Denne avgifta er det framleis Skatteetaten som krev inn, og du skal ikkje betale trafikkforsikringsavgift på slike køyretøy.

Trafikkforsikringsavgifta vil stå som ei eiga linje på forsikringsavtalen din slik at du ser kva du betalar i forsikringspris og kva som er avgift til staten. Er du kunde hos oss får du dette på fakturaen din.
 

Trafikkforsikringsavgift/årsavgift på elbil o.l.

Frå 1. mars 2021 betaler også elbilar og el-motorsyklar trafikkforsikringsavgift (årsavgift/vegavgift). Dette gjeld også hydrogendriven bil og motorsykkel.

Frå 1. mars 2024 vart trafikkforsikringsavgifta for elbil høgare enn den for vanleg bil (bensin, hybrid eller diesel med partikkelfilter).

Kva kostar trafikkforsikringsavgifta i 2024?

Nedanfor ser du liste over døgnsatsane på avgifta for dei ulike køyretøygruppene. Stortinget fastset satsane på avgifta kvart år, og alle inntektene frå avgifta går til staten. 

Sist oppdatert 09.01.2024

Køyretøy Før
28.2.2023
F.o.m 
1.3.2021
   t.o.m
29.2.2023
Etter 
1.3.2024
Bil og buss, diesel utan partikkelfilter 250.000 kr 9,84 kr (3592 kr*) 9,11 kr (3325 kr*)
Bil og buss, bensin eller diesel med partikkelfilter 250.000 kr 8,38 kr (3059 kr*) 7,60 kr (2774 kr*)
Motorsykkel (diesel, bensin eller elektrisk) 250.000 kr 6,10 kr (2227 kr*) 5,23 kr (1909 kr*)
Veterankjøretøy, moped, traktor, taxi,
motorredskap, beltemotorsykkel (snøscooter) med fleire
250.000 kr 1,42 kr (518 kr*) 0,37 kr (135 kr*)
Køyretøy på Svalbard, NATO og ambassadar. Sjølvassurandørar 0 kr 0 kr 0 kr kr
Bil (elektrisk, hydrogen eller brenselcelle) 250.000 kr 8,38 kr (3059 kr*) 8,70 kr (3176 kr*)
Elektrisk moped, traktor, buss, taxi, motorreiskap, snøscooter med fleire.
snøscooter med fleire. Med hydrogen og brenselcelle.
250.000 kr 1,42 kr (518 kr*) 0,37 kr (135 kr*)

*døgnsatsen x 365 dagar = pris per år
(2024 er skotår med 366 dagar)

Betaling av Trafikkforsikringsavgifta

Frå før betalte du årsavgifta i ein stor sum éin gong i året. Trafikkforsikringsavgift blir fordelt på same måte som betalinga av forsikringa di.

På fakturaen er trafikkforsikringsavgifta spesifisert for kvart køyretøy og beløpet blir delt opp i same tal betalingsterminar som forsikringsavtalen. Det vil seie at viss du du fordelt forsikringa på 12 månader, vil også avgifta bli fordelt månadleg. 

Har du spørsmål om faktura og betaling? Sjå kundeservice for spørsmål og svar.

Bil utan forsikring

Alle registrerte køyretøy skal minimum ha ansvarsforsikring. Bileigarar får gebyr frå Trafikkforsikringsforeninga for kvar dag bilen er utan forsikring.

Viss du ikkje skal bruke køyretøyet ditt kan du midlertidig avregistrere det og gå over på ein lagringsforsikring der du blant anna slepp å betale ansvarsforsikring og trafikkforsikringsavgifta.

Spørsmål og svar om trafikforsikringsavgifta

Sjå fleire spørsmål

{ "EMAIL_FIELD_ERROR": "Skriv inn ei gyldig e-postadresse.", "CHECKBOX_ERROR": "", "CHECKBOX_GROUP_ERROR": "Vel minst eit av alternativa", "DROPDOWN_ERROR": "Gjer eit val i nedtrekkslista.", "DATE_TO_FROM_ERROR": "Ugyldig dato (eksempel på gyldig dato 31.12.2016).", "RADIO_ERROR": "Vel eit alternativ.", "POSTAL_CODE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig postnummer (4 siffer).", "TEXT_FIELD_ERROR": "Feltet må fyllast ut.", "TEXT_FIELD_CONTENTS_ERROR": "Ugyldig verdi.", "ACCOUNT_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig kontonummer (11 siffer).", "ORGANISATION_FIELD_ERROR": "Skriv inn eit gyldig organisasjonsnummer (9 siffer).", "SSN_ERROR": "Skriv inn eit gyldig fødselsnummer (11 siffer).", "PHONE_ERROR": "Skriv inn eit gyldig telefonnummer (8 siffer).", "MOBILE_PHONE_NO_ERROR": "Skriv inn eit gyldig norsk mobilnummer (8 siffer)", "SEARCH_ALLE": "Alle", "MORE_INFO": "Vis meir informasjon", "RESULT_TYPE_BANK": "Bankkontor", "RESULT_TYPE_ADVISOR": "Rådgjevar", "VIEW_IN_MAP": "Vis i kart", "BEFORE_COUNT_TEXT": "Du har", "AFTER_COUNT_TEXT": "oppgåve som ventar på deg", "AFTER_COUNT_TEXT_PLURAL": "oppgåver som ventar på deg", "MINE_OPPGAVER_LINK_TEXT": "Sjekk mine oppgåver", "MINE_OPPGAVER_CLOSE_TEXT": "Ikkje no", "MINE_OPPGAVER_COUNT_TEXT": "ei", "FORM_ERROR_LABEL":"Feil i skjema ", "FORM_SUCCESS_LABEL":"Takk for din førespurnad", "TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR":"TEXT_FIELD_LENGTH_ERROR", "TEXTAREA_FIELD_LENGTH_ERROR":"Maks 2000 teikn", "NUMBER_ERROR": "Du kan kun skrive inn tal.", "SEC_BLOCKER_DROPDOWN_DEFAULT": "Vel land", "GLOBAL_SEARCH_NO_RESULT_TEXT": "Ingen treff på", "GLOBAL_SEARCH_FACET_LABEL": "Vis treff for", "MODAL_CLOSE": "Lukk", "SEND_TO_BANK_BEFORE_INFO_TEXT": "Vil du kome rett til", "SEND_TO_BANK_AFTER_INFO_TEXT": "neste gong?", "SEND_TO_BANK_NEXT_BUTTON_TEXT": "Ja, hugs banken min", "SEND_TO_BANK_CANCEL_BUTTON_TEXT": "Nei, ikkje no", "SEND_TO_BANK_NEXT_DISCLAMER_TEXT": "For at du skal sleppe å velje bank kvar gong, bruker vi funksjonelle informasjonskapslar som lagrar korleis du bruker nettsidene og kva innstillingar du har gjort." }