KUNDEFORDEL
Bilforsikring og bonus
Bilbonusen er eit rabattsystem som gir deg lågare pris på forsikringa kvart år du køyrer skadefritt. Er du skuld i skade får du bonustap.
KUNDEFORDEL
Bilbonusen er eit rabattsystem som gir deg lågare pris på forsikringa kvart år du køyrer skadefritt. Er du skuld i skade får du bonustap.
Startbonus er den bonusen du startar med første gong du kjøper ei bilforsikring eller mc-/motorsykkelforsikring.
Hos oss er startbonusen 60 %.
Om du har hatt bilforsikring frå før blir bonusen automatisk overført frå tidlegare selskap. Har du øvingskøyrd 2.000 km eller meir får du 70 % startbonus.
Bonus er eit rabattsystem som gir deg lågare pris på forsikring kvart år du køyrer skadefritt. Bonus gjeld for både bilforsikring og mc-/motorsykkelforsikring.
Bonusen tilhøyrer forsikringstakar, og følger personen og ikkje køyretøyet. Dersom du flyttar bilforsikringa til oss beheld du bonusen du har frå tidlegare forsikringsselskap.
Du beheld bonus utan bil, men inaktiv bonus blir sletta etter 3 år.
For bonusstigen, sjå bonussystemet.
Hos oss vil du maksimalt rykke ned 10 % ved skade. Du kan berekne bonustapet du vil få ved skade, ut frå lista nedanfor.
Bonus før skade | Bonus etter skade |
0 - 70 % | Bonusreduksjon 10 % |
75 % 1-3 år | 70 % 1. år |
75 % utan bonustap | 75 % 1. år |
80 % | 70 % 1. år |
Typiske skadar som ikkje gir bonustap er:
Viss det er ein liten skade kan vere greit å sjekke om det lønnar seg å reparere skaden sjølv, sidan du også må betale eigenandel. Som kunde får du 15 % rabatt hos MPS Bilskade, på reparasjon av småskadar som til dømes bulkar, riper, kantkøyrt felg, steinsprut i lakken o.l.
For å finne ut kva du har i bonus kan du logge deg inn i mine forsikringar, mobilbanken eller nettbanken. Der får du sjå bilbonusen din under "Mine forsikringar > Bilforsikring".
Både ja og nei. Bonusen kan kun overførast til ektefelle, sambuar eller partner. Det vil seie at du ikkje kan overføre bonus til barna dine.
Du rykker opp 10 % kvart år fram til 70 %. Når du har hatt 70 % bonus i 3 år, går du over på 75 % bonus. Når du har hatt 75 % bonus over 3 år blir du ståande på 75 % utan bonustap. Om du ønsker, kan du velje å heller få 80 % med bonustap.
År | Bonus |
Startbonus | 60 % |
1 | 70 % 1. år |
2 | 70 % 2. år |
3 | 70 % 3. år |
4 | 75 % 1. år |
5 | 75 % 2. år |
6 | 75 % 3. år |
7 | 75 % utan bonustap (eller 80 %) |
Maks bonus på bilforsikring er 80 % og gjeld berre for privatpersonar.
Som standard får du 75 % utan bonustap som maksbonus, men om du tar kontakt kan vi endre det til 80 % (med bonustap).
Du får same bonus på bil nr 2 som bilen du har frå før, så lenge du eller partnaren din står som eigar. Viss du har 80 % bonus og kjøper ein bil til, får du 80 % på denne også.
Kjøper du endå fleire bilar får du same bonus på desse, som den bilen som har høgast bonus frå før.
Dersom du for eksempel bulkar den eine bilen og får bonustap, vil det kun gjelde på denne eine bilen. Du beheld bonus på alle andre bilar du måtte ha.
Sel du bilen og skal du flytte utanlands, kan vi skrive ein bonusstadfesting til deg på engelsk. Ta kontakt med forsikringsrådgjevar for å få bonusstadfesting.
Opparbeidd bonus kan delast. Ein av partane beheld opparbeidd bonus, og den andre parten får same bonus. Dette må ordnast seinast eitt år etter brotet/skilsmisse er innvilga.
Kontakt oss for hjelp med å ordne dette.
Bonusen din aukar ein gong i året fram til du når 75 % (utan bonustap). Den aukast ved hovudforfall, altså når bilforsikringa di fornyast kvart år.
Har du fått feil bonus då du kjøpte bilforsikring, kan du kontakte oss så aukar vi bonusen din til riktig nivå.
*Tusen takk til alle våre kundar! Vi blei kundefavoritt 2024 og er samla sett blant Norges beste på skadeoppgjer ifølgje Bytt.no. Vårt forsikringsselskap Fremtind kjem best ut på både skadeoppgjer, kundeservice og kundetilfredsheit for ei rekke forsikringar, blant 22 andre forsikringsselskap.
Les om våre best i test-utmerkingar
For at nettsidene skal fungere, må vi bruke tekniske informasjonskapslar. Denne kan derfor ikkje slåast av
Kryss av om du vil sleppe å gjere dei same vala kvar gong du er på nettsidene våre. Funksjonelle informasjonskapslar lagrar opplysningar om bruken din av nettsidene og kva for innstillingar du har gjort, slik at du kan få funksjonalitet tilpassa deg
Kryss av viss du vil at nettsidene våre skal bli betre og enklare å bruke. Informasjonskapslane lagrar statistikk, og brukast for å analysere kva du gjer på nettsidene. Denne informasjonen hjelper oss til å forstå korleis nettsidene blir brukt, noko som gjer at vi kan forbetre oss
Kryss av viss du vil ha innhald som er tilpassa deg. Informasjonskapslane samlar informasjon om bruksmønsteret ditt og interessene dine. Dette gjer at vi kan gi deg meir relevant og tilpassa marknadsføring, også gjennom våre samarbeidspartnarar, på til dømes nettsider, annonsar og i sosiale medium