Kva gjer eg dersom eg treng veihjelp?

Kva gjer eg?

1. Sikkerheit aller først

  • Plasser bilen slik at den ikkje skapar farlege situasjonar i trafikken.
  • Sett på varsellys/nødlys. 
  • Ta på deg refleksvest.
  • Sett ut varseltrekant.
     

2. Bestill veghjelp
Bestill veghjelp digitalt, eller ring Fremtind Forsikring på (+47) 915 02300. Veghjelp har ope 24 timar i døgnet.

Når du bestiller veghjelp digitalt tar det som regel kortare tid å få hjelp, då du slepp å stå i ei eventuell telefonkø. I tillegg får vi lettare innhenta opplysningar om blant anna posisjonen til køyretøyet ditt.

3. Mens du ventar
Etter du har bestilt veghjelp vil du motta ein SMS med bekrefting om at bilbergar er på veg, med informasjon om telefonnummeret til bilbergaren, forventa ankomsttid og moglegheit for å følge med på bergingsbilen undervegs. 

Kjedelig å vente på veghjelp?
Bruk tida på å sjekke om du er riktig forsikra. Vel di livsfase og sjå kva andre i same situasjon har valt.
 

4. Når veghjelpa kjem
Bilbergingsselskapet vil forsøke å fikse bilen din på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til næraste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Må bilen på verkstad, må du melde skade på køyretøyet så raskt som mogleg. Viss du treng leigebil vil du òg få hjelp med dette.
 

5. Ta vare på kvitteringar
Ta vare på kvitteringar og dokumentasjon for eventuelle ekstrautgifter du har hatt i samband med bilberginga. Du kan søke om refusjon av billigste transport heim. Dersom du har brukt ei anna veghjelpsteneste enn vår samarbeidspartner SOS veghjelp, må du legge ut for heile rekninga sjølv. Du får dette refundert minus eigenandel, når du melder sak hos Fremtind.

 

Kva kostar veghjelp og bilberging?
Prisen på veghjelp er eigenandelen, som er 750 kroner, med mindre det står noko anna i forsikringsbeviset ditt. Eigenandel må betalast så lenge du har delkaskokasko eller toppkasko, i heile Europa. Viss du kun har ansvarsforsikring på køyretøyet, må du betale full pris for veghjelp (med mindre du er dekt av medlemskap eller annan type forsikring). 

Det er ikkje bonustap ved veghjelp og bilberging.

Har du kasko (med leigebil som tilval) eller toppkasko får du også leigebil, viss du skulle trenge det i samanheng med veghjelpa og reparasjon.
 

Kva kan eg få hjelp med?
Du får veghjelp ved små og store problem, enten du er på vegen eller heime i oppkøyrsla – heile døgnet, heile året. Bilbergaren vil forsøke å fikse problemet på staden. Viss det ikkje går, fraktar dei bilen til nærmaste verkstad (eller bensinstasjon/ladestasjon viss du er tom for drivstoff). Du får hjelp ved til dømes:

  • startproblem og flatt batteri
  • køyrt fast eller utforkøyring
  • motorstopp
  • tom for drivstoff/straum
  • punktering
  • nøklar låst inne i bilen

Vi har avtale med SOS veghjelp, som er Nordens største på veghjelpstenester. Dei hjelper deg enten det gjeld bil, motorsykkel eller lastebil.
 

Kva anna er eg dekt for?
Du kan òg vere dekt for meirutgifter som til dømes:

  • påfylling etter å ha køyrt tom for drivstoff
  • utgifter til heimreise, med rimelegaste kommunikasjonsmiddel
    (eller utgifter til avgjerdsstad i staden for heimreise, så lenge det er rimelegare enn heimreise)
  • transport av tilhengar som er med på turen
    (er det berre hengaren som er skada vil berre den bli frakta til verkstaden, men då må hengaren ha eiga forsikring)

Veghjelpsbevis

Tidlegare trengde du eit veghjelpsbevis for å vise bilbergaren at veghjelpa var dekt av forsikringa. No skjer alt automatisk når du oppgir registreringsnummeret på køyretøyet til bilbergaren.